1. mars: 33 personar blei drepne og 143 skadde i den kinesiske byen Kunming då ei gruppe på åtte personer angreip folk på jernbanestasjonen med knivar.
21. mars: Krimkrisa. Føderasjonsrådet i Russland godkjende traktaten som formelt gjode Krim og Sevastopol til to nye, administrative distrikt i den russiske føderasjonen. President Vladimir Putin skreiv seinare under på loven. Annekteringa av Krim førte i dagane som følgde til at Russland blei midlertidig suspendert frå G8[3] og fråteke stemmerett og observasjonsrettar i Europarådet.[4] Folkeavstemminga og annekteringa blei avvist av Generalforsamlinga i SN i Resolusjon 68/262.[5]
23. mars: Tyrkiske fly skaut ned eit syrisk kampfly som skulle ha krenka tyrkisk luftrom under eit angrep mot grensebyen Kassab i den syriske regionen Latakia.
15. april: Ei gruppe tungt væpna islamister kidnappa over 100 jenter frå ein vidaregåande skule og sette fyr på flere bygningar i byen Chibok nordaust i Nigeria.[8]
16. april: Ferja «Sewol» kantra utanfor øya Jindo i Sør-Korea. Over 300 personar døydde, mellom anna fleire skulebarn. Den sørkoreanske statsministeren Chung Hong-won sa seinare frå seg embetet som følgje av ferjeulukka.[9]
30. april. Presidentvalet i Irak blei gjennomført med stor uro rundt seg. Om lag 60 menneske døydde ved fleire terroriståtak på vallokale rundt om i landet.[10]
9. juni: Tehrik-i-Taliban Pakistan angreip flyplassen i Karachi og tok kontroll over han. Flyplassen blei gjenerobra av pakistanske styrkar etter fleire timars kamp der minst 28 menneske mista livet.
12. juni: Tre israelske tenåringar forsvann mens dei haika frå Betlehem til Hebron på den israelskokkuperte Vestbreidda. Dei blei seinare funne drepne. Ein tenårig palestinar blei seinare bortført og drepen av ukjende, truleg som hemn for åtaket.
16. juni: Væpna personar frå al-Shabab angreip den kenyanske byen Mpeketoni, sette fyr på fleire hotell, ein bensinstasjon og politipostar. Minst 48 blei drepne.
8. juli-26. august: Israel byrja Operation Protective Edge på Gazastripa. Etter fleire luftåtak gjekk israelske styrkar inn i området. I løpet av 7 veker blei 2100 palestinarar og 71 israelarar drepne.
2. november: SN sitt klimapanel gav ut sluttdelen av sin femte hovudrapport der det åtvara om alvorleg, gjennomtrengjande og ureversibel skade frå globale utslepp av karbondioksid.[23]
17. desember: Leiarane av USA og Cuba gjekk inn for å gjeninnføra normale diplomatiske band og å verka for å avslutta den amerikanske embargoen av Cuba som byrja i januar 1961.[27]
28. desember: AirAsia Flight QZ8501 på veg frå Surabaja i Indonesia til Singapore forsvann i eit uvêr. To dagar seinare blei det funne lik og vrakrestar i Javasjøen.[28]