Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
John Symon Asher «Jack» Bruce (14. mai 1943–25. oktober 2014) var ein skotsk musikar og låtskrivar, mest kjend som ein av medlemmane i den britiske powertrioen Cream. Han hadde ein solokarriere som dekte fleire tiår og har spelt i lag med mange kjende musikarar. Mest kjend var han som vokalist og bassgitarist og har vorte kalla «ein pioner i verdsklasse på hovudinstrumentet sitt; ein komponist av nokre av dei mest minneverdige rockesongane i vår tid; ein dyktig klassisk-, jazz- og latinamerikansk musikar og ein av dei mest særeigne og stemningsfulle stemmene i popmusikken.»[1] Han kunne òg spele klassisk cello. Sunday Times skreiv «... mange reknar han som ein av dei største bassistane gjennom tidene.»[2]
Jack Bruce | |||
Bruce på konsert den 28. oktober 2006 i Frankfurt i Tyskland | |||
Fødd | 14. mai 1943 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bishopbriggs i East Dunbartonshire i Skottland | ||
Død | 25. oktober 2014 | ||
Dødsstad | Sudbury i Suffolk | ||
Fødenamn | John Symon Asher Bruce | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1962 til i dag | ||
Sjanger | Blues-rock, psykedelisk rock, jazz-fusion, hardrock, acid rock | ||
Instrument | Vokal, bass, kontrabass, cello, piano, munnspel, gitar, klaverinstrument | ||
Kjende instrument | Fender Bass VI, Danelectro Longhorn, Gibson EB-3, Gibson EB-1, Warwick Thumb Signature, Warwick Jack Bruce CRB | ||
Tilknytte artistar | Cream, Blues Incorporated, The Graham Bond Orgelization, John Mayall & the Bluesbreakers, Manfred Mann, West, Bruce and Laing, Ringo Starr & His All-Starr Band, Bruce, Lordan and Trower, Kip Hanrahan, BBM, Rocket 88 | ||
Plateselskap | EMI, RSO | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar | ||
Gift med | Janet Godfrey | ||
Born | Aruba Red |
Bruce flytte som ung til London der han byrja å spele rhythm & blues med Alexis Korners Blues Incorporated og sidan The Graham Bond Organisation, John Mayall's Bluesbreakers og Manfred Mann på første halvdel av 1960-talet. I lag med Graham Bond spelte han mellom anna med Ginger Baker, og då Eric Clapton ønskte å starte sitt eige band i lag med Baker, kravde Clapton at Bruce skulle spele bass. I lag danne dei tre supergruppa Cream, som eksisterte frå 1966 til 1968. Der skreiv og song Bruce mykje av musikken.
Sidan spelte han i mange samanhengar i grenselandet mellom rock og jazz, mellom anna i Larry Coryell Band, The Tony Williams Lifetime og John McLaughlin sitt Mahavishnu Orchestra. Alt i 1969 gav han ut det første soloalbumet sitt, Songs for a Tailor, som nådde sjetteplassen i Storbritannia i 1969. Han spelte i 1972 til 1974 i hardrocktrioen West, Bruce and Laing.
I 1990-åra spelte han igjen i lag med Ginger Baker i bandet BBM, der Gary Moore var gitarist. Dei gav ut albumet Around the Next Dream i 1994.
Dato | Album |
---|---|
September 1969 | Songs for a Tailor * |
Desember 1970 | Things We Like * (innspelt aug 1968) |
September 1971 | Harmony Row * |
November 1974 | Out of the Storm * |
(Juni 1975) | Live at Manchester Free Trade Hall '75 (dobbel-CD som kom ut i 2003) |
Mars 1977 | How's Tricks * |
(1971 - 1978) | Spirit- Live at the BBC 1971-1978 (3-CD released 2008) |
(1978) | Jet Set Jewel (released 2003) |
Desember 1980 | I've Always Wanted To Do This |
Januar 1983 | Automatic |
(1987) | Somethin Els (released March 1993) |
Januar 1990 | A Question of Time |
Mars 1994 | Cities of the Heart (live double album) |
September 1995 | Monkjack |
Juli 2001 | Shadows in the Air |
(Oktober 2001) | Live at the Milky Way (utgjeve okt 2010) |
September 2003 | More Jack Than God |
Desember 2007 | Live with the HR Big Band |
Mai 2008 | The Anthology - Can You Follow? (6-CD) |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.