2000 (romartal MM) var eit skotår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen.
1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
Året var utnemnd til internasjonalt år for fredskultur av SN.
I dataverda venta ein store problem med gammal programvare som ikkje var innstilt på årstal som byrja med 20. Den store nyttårskrisa uteblei, men seinare på året sprakk «dot com»-bobla og fleire IT-selskap gjekk konkurs.
Hendingar
Utlandet
- 1. januar: Den svenske kyrkja og staten blei skilde
- 1. juli: Opninga av brua over Øresund.
- I september blei det halde Sommar-OL i Sydney.
- 24. september: Slobodan Milosevic tapre presidentvalet i Jugoslavia
- 7. november: George W. Bush vann ein knepen og omdiskutert siger i det amerikanske presidentvalet.
- 12. desember: Etiopia og Eritrea blei einige om ein fredsavtale i Algiers.
- 30. desember: Romfartøyet Cassini-Huygens passerte Jupiter på veg mot Saturn.
Noreg
- Ballongflyging, modellflyging, mikroflyging og motorflyging blei tekne opp som idrettar av Noregs Luftsportsforbund.
- 26. august: Otta fekk bystatus.
- 27. november: Lærdalstunnelen, verdas lengste vegtunnel, blei opnet av kong Harald V.
Fødde
- Sjå òg Fødde i 2000.
- 21. mars: Elias Elffors Elfström, svensk songar
- 31. oktober: Willow Smith, USA-amerikansk songar og skodespelar
Døde
- Sjå òg Døde i 2000.
- 19. januar: Bettino Craxi, italiensk statsminister
- 5. februar: Göran Tunström, svensk forfattar
- 12. februar: Charles M. Schulz, amerikansk teikneserieskapar (Knøttene)
- 2. mars: Audun Boysen, norsk friidrettsutøvar
- 6. april: Habib Bourguiba, tunisisk president 1957-1997
- 7. april: Bjarte Birkeland, norsk litteraturforskar
- 29. april: Phạm Văn Ðồng, statsminister i Nordvietnam 1954-1976, og i Vietnam 1976-1986
- 10. juni: Hafez al-Assad, statsleiar i Syria
- 5. august: Alec Guinness, britisk skodespelar
- 25. august: Carl Barks, amerikansk teiknar og teikneserieforfattar
- 28. september: Pierre Trudeau, statsminister i Canada 1968-1979 og 1980-1984
- 10. oktober: Sirimavo Bandaranaike, srilankisk statsleiar
- 17. oktober: Joachim Nielsen, norsk rockemusikar
- 18. november: Torstein Tynning, norsk bonde og politikar
- 22. november: Emil Zátopek, tsjekkisk langdistanseløpar
- 23. desember: Victor Borge, dansk-amerikansk pianist og humorist
<< 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | 2024 | 2025 | 2026 | 2027 | 2028 | 2029 | 2030 | 2031 | 2032 | 2033 | 2034 | 2035 | 2036 | 2037 | 2038 | 2039 | 2040 | 2041 | 2042 | 2043 | 2044 | 2045 | 2046 | 2047 | 2048 | 2049 | 2050 | 2051 | 2052 | 2053 | 2054 | 2055 | 2056 | 2057 | 2058 | 2059 | 2060 | 2061 | 2062 | 2063 | 2064 | 2065 | 2066 | 2067 | 2068 | 2069 | 2070 | 2071 | 2072 | 2073 | 2074 | 2075 | 2076 | 2077 | 2078 | 2079 | 2080 | 2081 | 2082 | 2083 | 2084 | 2085 | 2086 | 2087 | 2088 | 2089 | 2090 | 2091 | 2092 | 2093 | 2094 | 2095 | 2096 | 2097 | 2098 | 2099 >>
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.