amerikansk skribent og manusforfattar From Wikipedia, the free encyclopedia
Carl Barks (27. mars 1901–25. august 2000) var ein vidgjeten amerikansk teikneserieskapar. Han skreiv og teikna mest historier om Donald Duck, og laga mellom anna Andeby, Skrue McDuck og B-gjengen. I Noreg var Barks i mange år berre kjend som den gode teiknaren.
Carl Barks | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 27. mars 1901 Merrill, Oregon |
Død |
25. august 2000 (99 år) |
Yrke | skribent, kunstmålar, bonde, journalist, storyboard-artist, illustratør, teikneserieteiknar, tegneserieforfatter, animatør, teikneserieskapar, storyboardtegner |
Religion | ateisme |
Ektefelle | Garé Barks |
Carl Barks på Commons |
Barks var fødd i Oregon. Foreldra var gardbrukarar, og familien flytta mykje rundt i Statane for å søkja lukka. Kanskje på grunn av dette, eller fordi høyrsla tok til å svikta, vart Carl eit einsamt barn og brukte lang tid på å fullføra skolegangen. Som vaksen tok han fleire jobbar, men i 1935 vart han tilsett i Disney Studios der han kom til å gjera ein god karriere.
Ein kan seia at Carl Barks er den som gav Donald og dei andre endene i Andeby sjel. Han gav dei i alle høve personlegdomar og bakgrunnar. Donald har mange av eigenskapane til teiknaren, mellom anna er han ein sinnatagg som stadig skifter mellom dårleg betalte jobbar. Barks lét òg endene reisa ut i verda og gjorde seg flid med å få detaljane til å stemma.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.