Utdanning
From Wikipedia, the free encyclopedia
Utdanning er det å lære ei spesifikk kunne, og kan også visa til å oppnå kunnskap, god dømmekraft og visdom.

Utdanninga startar det augeblikket eit barn blir født og fortsett heile livet. For somme er kampane og triumfane i det daglege livet mykje meir lærerike enn ein formell skolegang (eller som Mark Twain seier: «Eg lèt aldri skolen komme i vegen utdanninga mi»). Familiemedlemer har ein stor utdannande påverknad - ofte meir enn dei sjølv innser – sjølv om familiens utdannande påverknad er svært uformell.
Ei formell utdanning inntreff når samfunnet forpliktar seg til å utdanne folk, som regel dei unge. Ei formell utdanning har fordelen av å vera rimeleg systematisk og grundig. Men kritikarar har alltid framheva at dei som sørgjer for utdanninga, om det er kyrkja, staten eller ei anna gruppe, nesten alltid vil prøve å forme dei studerande etter sine eigne ideal.
I dei seinare åra har ei livslang utdanning (livslang læring) blitt meir vanleg, og mange vaksne ser ikkje skolen til å vera ein stad berre for born. Dei seinaste åras teknologiske utvikling innanfor berbare apparat har au gjort at ein ikkje fysisk må sitje på skolebenken for å delta i undervising. I staden kan utdanninga skje som fjernundervising - eller i ein kombinasjon mellom fjernundervising og tradisjonell undervising.
Kategoriar
- Klassisk utdanning - Lesing - Matematikk - Språk - Vitskap - Etikk - Fysisk utdanning - Religiøs utdanning
Formell utdanning
- Grunnskole - Friskole - Vidaregåande skole - Høgskole - Teknisk fagskole - Universitet
Utdanningspolitikk
Uformell utdanning
- Tidleg instruksjon - Heimeskole
Teori og metodar
- Utdanningsfilosofi - Utdanningsmetodar - Læremetodar
Sjå også
- Utdanningsinstitusjon, kveldsskole, akademi, handelsskole, elev, lektor, professor, dekan, adjunkt, rektor, institutt, fakultet, lektorat, adjunktur, doktorat, doktor, doktorgrad, doktoravhandling, Ph.D., forskingslegat, legat, seminar, læreanstalt, intelligens, intelligent
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.