Joachim Nielsen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Joachim Nielsen

Joachim «Jokke» Nielsen (8. september 196417. oktober 2000) var ein norsk musikar. Han var vokalist, gitarist, låtskrivar og frontfigur i den norske rockegruppa Jokke & Valentinerne, og var bror til teikneserieskaparen Christopher Nielsen og son av kunstnaren John David Nielsen.

Denne sida finst òg  høgnorsk  sjå «Hn/Joachim Nielsen».
Kjappe fakta
Joachim Nielsen
Thumb
StatsborgarskapNoreg
Fødd8. september 1964
Oslo
Død

17. oktober 2000 (36 år)
Oslo

Yrkesongar, musikar, lyrikar, gitarist, plateartist
Medlem avJokke & Valentinerne, Jokke med Tourettes
FarJohn David Nielsen
Joachim Nielsen på Commons
Lukk

Nielsen skipa Jokke & Valentinerne i 1982, og gruppa vart snøgt ei av dei mest populære gruppene i rockemiljøet i Oslo. I 1985 vart låtane «Spenn» og «Alt kan repareres» gjevne ut på ein samlekassett med nye norske band, og året etter gav Jokke & Valentinerne ut sitt fyrste album, Alt kan repareres.

Jokke levde på mange måtar opp til rockemyten. Tekstane hans handla mykje om fyll og alkohol, og ikkje sjeldan var Jokke sjølv i overkant påverka på sine eigne konsertar. Han skapte avisoverskrifter under utdelinga av Spellemannprisen i 1992 då han for albumet Frelst tok imot prisen i kategorien beste rockeartist, synleg ruspåverka.

90-talet tok «Jokke» i bruk hardare rusmiddel. I songtekstane sine skildra han strevet og fortvilinga i livet sitt med rusmiddelavhengnad. Han vart lagd inn på avrusingsklinikkar nokre gonger, for å freista slutta med heroin, noko han diverre ikkje klarte. «Jokke» Nielsen døydde av ein overdose i oktober 2000, berre 36 år gamal.

Diskografi

Jokke & Valentinerne

Soloalbum

Jokke med Tourettes

Jokke & Valentinerne med Tourettes

  • Prisen for popen
  • Tomgang (singel) (2005)

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.