Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vestbreidda (arabisk الضفة الغربية aḍ-Ḍaffah l-Ġarbiyyah, hebraisk הגדה המערבית, HaGadah HaMa'aravit, òg hebraisk יהודה ושומרון Yehuda ve-Shomron (Judea og Samaria)[1][2]) eller Cisjordan er eit landområde nær middelhavskysten i Vest-Asia som utgjer størstedelen av Dei palestinske territoria. Vestbreidda deler grense (fastsett i våpenkvileavtalen i 1949 mellom Jordan og Israel) i vest, nord og sør med staten Israel, og i aust, på andre sida av Jordanelva, med Jordan. Vestbreidda har òg ei lengre kystlinje langs vestsida av Daudehavet.[3] I følgje Den internasjonale straffedomstolen endrar ingen avtalar mellom Israel og dei palestinsk styresmaktene sidan 1993 på at desse territoria, inkludert Aust-Jerusalem, framleis er «okkupert territorium» med Israel som «den okkuperande makta».[4]
Vestbreidda | |||
region | |||
Land | Israel, Palestina | ||
---|---|---|---|
Del av | Palestina, Dei palestinske territoria, Israels okkuperte områder, Midtausten, Vest-Asia | ||
Areal | 5 860 km² | ||
Folketal | 2 881 687 (2017) | ||
Vestbreidda 32°N 35.35°E | |||
Wikimedia Commons: West Bank | |||
Vestbreidda med Aust-Jerusalem dekkjer eit landområde på 5 640 km² og 220 km² vatn, den nordvestlege delen av Daudehavet.[3] Det er estimert at folketalet er 2 676 740 (juli 2013).[3] Meir enn 80 %, kring 2 100 000,[3] er palestinske arabarar, og kring 500 000 er jødiske israelarar som bur på Vestbreidda,[3] av desse kring 192 000 i Aust-Jerusalem,[5] i israelske busetjingar. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar på Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, som ulovlege etter folkeretten, medan Israel hevdar å ha retten på si side.[6][7][8][9]
Namnet «Vestbreidda» er ei omsetjing av det arabiske uttrykket ad-Daffa al-gharbiya,[10] om området vest for Jordanelva som i 1948 vart okkupert og administrert av Jordan. Jordan hevda dei hadde annektert området i 1950.[11] Namnet vart vald for å skilje vestbreidda av Jordanelva frå «Austbreidda» av elva.
Det nylatinske namnet Cisjordan eller Cis-Jordan (tyder «på denne sida av Jordanelva») er det vanlege namnet på området på romanske språk. Namnet Vestbreidda og omsetjingar av dette er det vanlege namnet på dette geopolitiske området på somme andre germanske språk, som til dømes engelsk.
Stundom vert «Cisjordan» nytta om heile området mellom Jordanelva og Middelhavet, særleg i historisk samanheng i Det britiske Palestinamandatet og tidlegare tider. Det analoge Transjordan (som tyder «på den andre sida av Jordanelva») har historisk vorte nytta om området som i dag omtrent utgjer staten Jordan, aust for Jordanelva.
Frå 1517 til 1917 var området som no er Vestbreidda ein del av Det osmanske riket og provinsen Syria.
Under San Remo-konferansen i 1920 tildelte dei allierte stormaktene (Frankrike, Storbritannia, USA, etc.) området til Palestinamandatet (1920–47). Dei sameinte nasjonane (SN) laga ein delingsplan for Palestina i 1947. Planen tilrådde å dele Det britiske mandatet i ein jødisk stat, ein arabisk stat og ein internasjonalt styrt enklave i Jerusalem,[12] og ein større region enn dagens Vestbreidda vart utpeikt til ein arabisk stat.
Etter den andre verdskrigen vedtok Dei sameinte nasjonane ein resolusjon (181) om det framtidige styret til Palestina, med mål om å oprette to statar innafor Palestinamandatet. Resolusjonen utpeikte området kalla «åslandet Samaria og Judea» (inkludert det som no er «Vestbreidda») som ein del av ein føreslått arabisk stat, men etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart dette området erobra av Transjordan (seinare kalla Jordan to år etter sjølvstende i 1946). «Vestbreidda» eller «Cisjordan» vart namnet på området vest for Jordanelva, medan «Austbreidda» eller «Transjordan» vart nytta om området aust for elva.
I våpenkvileavtalen i 1949 vart Vestbreidda erklært ein del av jordansk territorium og det vart teikna ei mellombels grense mellom Israel og Jordan. Jordan styrte over Vestbreidda frå 1948 til 1967, og annekterte området i 1950. Kravet til Jordan over området vart aldri formelt anerkjent av det internasjonale samfunnet, utanom av Storbritannia.[13][14]
Ideen om ein sjølvstendig palestinsk stat vart ikkje teke opp av arabarane som budde der på den tida. Kong Abdullah av Jordan vart krona til konge av Jerusalem og gav dei palestinske arabarane på Vestbreidda og Aust-Jerusalem jordansk borgarskarp.[15]
I 1950-åra var det ein stor straum av palestinske flyktningar og vald i tillegg til israelske hemnåtak over «den grøne linja».[treng kjelde]
I juni 1967 vart Vestbreidda og Aust-Jerusalem erobra av Israel under seksdagarskrigen. Med unntak av Aust-Jerusalem og det tidlegare israelsk-jordanske ingemannslandet, vart ikkje Vestbreidda annektert av Israel, men har vore under israelske militær kontroll og vert omtalt som Judea- og Samaria-området av Israel. Sjølv om møtet til Den arabiske ligaen i 1974 i Rabat utpeikte Palestinsk frigjeringsorganisasjon (PLO) som «den einaste legitime representanten for palestinarane», gav ikkje Jordan offisielt opp kravet sitt på området før 1988,[16] då dei braut alle administrative og rettslege band til Vestbreidda og etter kvart tok bort det jordanske borgarskapet til palestinarane på Vestbreidda.[17]
Fram til 1974 kravde Jordan attende kontroll over Vestbreidda.[18] I 1988 annonserte kong Hussein i Jordan «full rettsleg og administrativ lausgjering frå Vestbreidda».[19] Den 28. juli 1988 annonserte kong Hussein at dei ville stoppa eit utviklingsprosjekt på 1,3 milliardar USD for Vestbreidda. Dei neste dagane oppløyste han formelt Parlamentet, og Vestbreidda var ikkje lenger representert i lovgjevinga.[20]
Sidan Osloavtalen i 1993 har Den palestinske sjølvstyresmakta offisielt kontrollert eit geografisk usamanhengande område som utgjer kring 11 % av Vestbreidda (kalla Område A) som har vore utsett for israelske streiftog. Område B (kring 28%) er underlagt både israelsk militærkontroll og palestinsk sivil kontroll. Område C (kring 61 %) er under full israelsk kontroll. 164 nasjonar reknar Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, som «okkupert palestinsk territorium»,[21][22] medan staten Israel insisterer at berre område som vart erobra i krig frå «ein etablert og anerkjend suverenitet» kan reknast som okkupert territorium.[23] Okkupasjonen til Israel av dette territoriet er ikkje anerkjend av noko land. Etter delinga i 2007 mellom Fatah og Hamas, har områda i Vestbreidda under palestinsk kontroll vore styrt av berre dei palestinske sjølvstyresmaktene, medan Gazastripa har vore styrt av Hamas.
Frå 1517 til 1917 var Vestbreidda ein del av Det osmanske riket. Tyrkia, som var att etter Det osmanske riket, sa frå seg territorialkravet på Vestbreidda i 1923 med Lausannetraktaten og området som no vert kalla Vestbreidda vart ein del av Palestinamandatet. I mandatperioden hadde ikkje Storbritannia rett til suverenitet, som vart halde av folket under mandatet.[24] I 1947 tilrådde Generalrådet til SN at området som vart Vestbreidda burde vere ein del av ein framtidig arabisk stat, men dei arabiske statane var i mot dette forslaget på den tida. I 1949 okkuperte Jordan Vestbreidda og annekterte det i 1950, men kravet deira vart aldri godkjent av det internasjonale samfunnet. I 1967 erobra Israel Vestbreidda frå Jordan i seksdagarskrigen. Resolusjon 242 av Tryggingsrådet til SN som følgde etter krigen, bad om tilbaketrekking frå territoria som var okkupert under krigen. Sidan 1979 har Tryggingsrådet til Dei sameinte nasjonane,[25] SNs generalforsamling,[21] USA,[26] EU,[27] Den internasjonale straffedomstolen,[28] og Den internasjonale Raude kross-komiteen[22] refererer til Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, som okkupert palestinsk territorium. Generalrådet sin resolusjon 58/292 (17. mai 2004) stadfesta at palestinarane har rett til suverenitet over området.[29]
Både Den internasjonale straffedomstolen og Høgsteretten i Israel har kome fram til at statusen til Vestbreidda er militær okkupasjon.[30] I 2004 konkluderte dei rådgjevande domspremissane til Den internasjonale straffedomstolen at:
« | Territoria som ligg mellom den grøne linja og den tidlegare austgrensa til Palestina under mandatet, vart okkupert av Israel i 1967 under den væpna konflikten mellom Israel og Jordan. Etter vanleg folkerett, observerer retten at desse derfor var okkuperte territorium der Israel hadde status som okkuperande makt. Påfølgjande hendingar i desse territoria har ikkje gjort noko for å endre denne situasjonen. Retten konkluderer med at alle desse territoria (inkludert Aust-Jerusalem) framleis er okkuperte territorium og at Israel framleis har status som okkuperande makt.[30][31] | » |
Den utøvande greina av dei israelske styresmaktene, gjennom Utanriksdepartementet, har definert Vestbreidda som eit omstridt område, der statusen berre kan avgjerast gjennom forhandlingar. Departementet seier at okkuperte territorium er territorium erobra i krig frå ein etablert og anerkjend suveren stat, og at sidan Vestbreidda ikkje var ein lovmessig og anerkjend suverenitet under ein annan stat før seksdagarskrigen, og kan derfor ikkje reknast som okkupert territorium.[23]
Kjennelsen til Den internasjonale straffedomstolen den 9. juli 2004 avgjorde at Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, er territorium halde av Israel under militær okkupasjon, uavhengig av statusen området hadde før den israelske okkupasjonen og den fjerde Geneve-konvensjonen gjeld de jure.[32] Det internasjonale samfunnet reknar Vestbreidda (inkludert Aust-Jerusalem) som territorium okkupert av Israel.[33]
Folkeretten (Paragraf 49 i Den fjerde Geneve-konvensjonen) forbyr «overføring av folk frå ei okkuperande makt til okkuperte territorium», som gjer at den israelske regjeringa har eit ansvar om å ikkje busetje israelske borgarar på Vestbreidda.[34]
Den 27. september 2013 har 134 (69,4%) av 193 medlemsland i Dei sameinte nasjonane anerkjent Staten Palestina[35] innafor Dei palestinske territoria, som av Israel vert rekna som eit samanhengande territorium,[36][37] der Vestbreidda dannar kjernen i ein eventuell stat.[38]
Den framtidige statusen til Vestbreidda, i lag med Gazastripa ved Middelhavet, har vore tema for forhandlingar mellom palestinarar og israelarar, sjølv om den noverande Vegkartet for fred, føreslått av «Kvartetten» som bestod av USA, Russland, Den europeiske unionen og Dei sameinte nasjonane, førestiller seg ein sjølvstendig palestinsk stat i desse territoria, side om side med Israel. Men «Vegkartet» seier at i den første fasen må palestinarane stoppe alle åtak mot Israel, medan Israel må legge ned utpostane. Sidan ingen av desse vilkåra er møtt sidan Vegkartet vart «akseptert» av alle sider, har ikkje dei endelege forhandlingane byrja.
Den palestinske sjølvstyresmakta meiner at Vestbreidda bør vere ein del av den suverene staten deira, og at den israelske militærkontrollen er eit brot på retten deira til sjølvstyre. Dei sameinte nasjonane kallar Vestbreidda og Gazastripa israelskokkuperte territorium. Mange israelarar og støttespelarane deira nyttar omgrepet omstridt territorium, fordi dei gjer krav på delar av territoriet, og påpeiker at landet ikkje på 2000 år har vore ein suveren stat.
Den palestinsk folkeopinionen er mot det israelske militære og dei israelske nybyggjarane på Vestbreidda som eit brot på retten deira til ein eigen stat og suverenitet.[39] Den israelske opinionen delt i fleire syn:
Vestbreidda dekkjer eit areal på 5628 kvadratkilometer, som utgjer 21,2% av det tidlegare Palestinamandatet (utanom Jordan)[42] og har generelt eit kupert terreng. Den totale lengda på landegrensa i regionen er 404 km.[43] Terrengert består hovudsakleg av høgland med djupe innsnitt, noko vegetasjon i vest, men noko aude i aust. Høgda går frå -408 m ved breidda av Daudehavet til det høgaste punktet i Nabi Yunis, på 1 030 meter over havet.[44] Vestbreidda har ikkje kystlinje.[43]
Det er få naturressursar i området, utanom særs dyrkbar mark, som utgjer 27 % av landarealet i regionen. Markene er stort sett nytta som permanente beitemarker (32 % av dyrkbar mark) og sesongbasert jordbruk (40 %).[43] Skogar utgjer berre 1 %, med ingen permanente avlingar.[43]
Klimaet på Vestbreidda er hovusdakleg middelhavsklima, noko kjøligare i høgareliggande område samanlikna med kysten vest for området. I aust omfattar Vestbreidda Juedaørkenen og breidda av Daudehavet - med både tørt og varmt klima.
Osloavtalen frå 1993 fastsette at den endelege statusen til Vestbreidda var underlagt ei framtidig semje mellom Israel og dei palestinske leiarane. Etter denne foreløpige avtalen trekte Israel militærstyret sitt frå delar av Vestbreidda, som vart delt inn i tre administrative område:
Område | Tryggleik | Sivilt styre | % av Vestbreidda land | % av Vestbreidda palestinsk |
---|---|---|---|---|
A | palestinsk | palestinsk | 18% | 55% |
B | israelsk | palestinsk | 21% | 41% |
C | israelsk | israelsk | 61% | 4%[45] |
Område A, 2,7%, er underlagt full sivil kontroll av Dei palestinske sjølvstyresmaktene, og utgjer palestinske byar og somme landlege område utanom israelske busetjingar i nord (mellom Jenin, Nablus, Tubas og Tulkarm), i sør (kring Hebron), og eit sentralt sør for Salfit.[46] Område B, 25,2%, utgjer andre landlege område, mange nærare midten av Vestbreidda. Område C utgjer alle israelske busetjingar, tilkomstvegar til busetjingane, buffersoner (nær busetjingar, vegar, strategiske område for Israel) og nesten heile Jordandalen og Judeaørkenen.
Område A og B er igjen delt inn i 227 fråskilde område (199 av dei er mindre enn to kvadratkilometer) som er skilde frå kvarandre av det israelskkontrollerte Område C.[47] Områda A, B og C kryssar 11 guvernement nytta som administrativ inndeling av Dei palestinske sjølvstyresmaktene, Israel og det israelske forsvaret, kalla opp etter store byar. Dei hovudsakleg opne områda i Område C, som består av alle dei grunnleggande dyrkbar marken og bygningsland, vasskjelder, steinbrot og stader av verdi for turisme, som ein treng for å utvikle ein levedyktig palestinsk stat,[48] og skulle over til palestinarane i 1999 etter Osloavtalen. Dette vart aldri gjort.[49]
Ei undersøking av SN Sentrale humanitære samordningseining i 2007 fann at kring 40 % av Vestbreidda var oppteken av israelsk infrastruktur.[50]
Gjennom Jerusalemlova har Israel utvida den administrative kontrollen sin over Aust-Jerusalem. Dette har ofte blitt tolka som jamgodt med ei offisiell annektering, men Ian Lustick, som gjekk gjennom rettsstillinga i dei israelske tiltaka og kom fram til at det ikkje hadde funne stad ei annektering. Dei palestinske innbyggjarane har rettsleg fast residens-status.[51][52] Tryggingsrådet til SN avviste Jerusalemlova som ugyldig. Sjølv om permanente innbyggjarar om dei vil kan få israelsk borgarskap om dei møter visse vilkår, søkte ikkje dei fleste palestinarane om israelsk borgarskap av politiske årsaker.[53] Det er forskjellige årsaker kvifor Vestbreidda ikkje er blitt annektert[54] av Israel etter erobringa i 1967. Den israelske regjeringa har ikkje formelt stadfesta ei offisiell årsak, men historikarar og analytikarar har kome med mange årsaker, dei fleste av dei demografiske.
I desember 2010 budde 327 750 israelarar i 121 busetjingar på Vestbreidda, offisielt anerkjende av dei israelske styresmaktene, og 192 000 israelarar bur i busetjingar i Aust-Jerusalem.[5] Det finst kring 100 busetjingar til som ikkje er offisielt anerkjende av dei israelske styresmaktene og som i følgje israelsk lov er ulovlege, men som har fått infrastruktur, vatn, kloakk og andre tenester av styresmaktene.[55][56]
Det internasjonale samfunnet (inkludert Dei sameinte nasjonane) meiner alle israelske busetjingar på Vestbreidda bortanfor den grøne linja er ulovlege etter folkeretten.[57][58][59][60] Særleg Den europeiske unionen[61] reknar busetjingane som ulovlege. Store delar av den israelske ålmenta er mot dei stadige utbygginga av jødiske busetjingar på Vestbreidda.[62] Dei fleste rettsforskarane reknar òg busetjingane som eit brot på folkeretten,[7] men somme forskarar, som Julius Stone,[63][64] og Eugene Rostow[65] hevdar dei er lovlege etter folkeretten av forskjellige årsaker.[66]
Israel si sperring på Vestbreidda er ei fysisk sperring som vart bygd etter vedtak av den israelske regjeringa, og utgjer eit nettverk av gjerde med ei 60 meter brei eksklusjonssone, og murar på opptil 8 meter.[67] Ho ligg hovudsakleg innanfor Vestbreidda, delvis langs våpenkvilelinja frå 1949, eller «den grøne linja» mellom Vestbreidda og Israel. I april 2006 var lengda på sperringa som var godkjend av dei israelske styresmaktene 703 km lang. Området mellom sperringa og den grøne linja er eit lukka militærområde kalla Separasjonssonen, som avskjer 8,5% av Vestbreidda og lukkar inne dusinvis av landsbyar og titusenvis av palestinarar.[68][69][70]
Sperringa går hovudsakleg langs den jordansk-israelske våpenkvilelinja, eller den grøne linja, frå 1949, men går fleire stader utanom denne linja for på den israelske sida gå kring særs folketette område med jødiske busetjingar på Vestbreidda, som Aust-Jerusalem, Ariel, Gush Etzion, Immanuel, Karnei Shomron, Givat Ze'ev, Oranit og Maale Adumim.
Dei som støttar sperringa hevdar ho er naudsynt for å verne israelske sivile frå palestinske åtak, som har auka under Al-Aqsa Intifada;[71][72] det har redusert terroriståtak med 90% frå 2002 til 2005, over ein 96% reduksjon frå 2002 til slutten av 2007.[73]
Motstandarar av sperringa hevdar det er eit ulovleg forsøk på å annektere palestinske land forkledd som tryggleik,[74] at det bryt folkeretten,[75] og at det er eit forsøk på å skaffe seg ein fordel i ei framtidig forhandling,[76] og kraftig avgrensar palestinsk livsopphald, særleg ved å avgrense høvet til å flytte seg fritt.[77]
Etter signeringa av Osloavtalen vart Vestbreidda delt inn i 11 guvernement styrt av Dei palestinske sjølvstyresmaktene. Sidan 2007 er det to guvernement som hevdar å vere lovmessig styrt av Dei palestinske sjølvstyresmaktene, eit på Vestbreidda og eit på Gazastripa.
Guvernement[78] | Folketal[78] | Areal (km²)[78] |
---|---|---|
Jenin guvernement | 556 212 | 583 |
Tubas guvernement | 65 771 | 372 |
Tulkarm guvernement | 175 213 | 239 |
Nablus guvernement | 386 380 | 592 |
Qalqilya guvernement | 120 753 | 164 |
Salfit guvernement | 55 464 | 191 |
Ramallah og Al-Bireh guvernement | 260 018 | 844 |
Jeriko guvernement | 48 724 | 608 |
Jerusalem guvernement (inkludert det israelskannekterte Aust-Jerusalem) | 462 521 | 344 |
Betlehem guvernement | 257 515 | 644 |
Hebron guvernement | 751 129 | 1 060 |
Totalt | 3 609 700 | 5 671 |
Vestbreidda er vidare delt inn i åtte administrative regionar: Menashe (Jenin-området), HaBik'a (Jordandalen), Shomron (Shechem-området, på arabisk kalla Nablus), Efrayim (Tulkarm-området), Binyamin (Ramallah/al-Bireh-området), Maccabim (Maccabim-området), Etzion (Betlehem-området) og Yehuda (Hebron-området).
Økonomien i Dei palestinske territoria er kronisk i depresjon, og arbeidsløya er alltid over 20 % etter 2000 (19 % på Vestbreidda første havldel av 2013).[79]
By | Folketal |
---|---|
Al-Bireh | 38 202[80] |
Beitar Illit | 37 600[81] |
Ariel | 17 700[81] |
Betlehem | 25 266[80] |
Hebron (al-Khalil) | 163 146[80] |
Jeriko | 18 346[80] |
Jenin | 90 004[80] |
Ma'ale Adummim | 33 259[81] |
Modi'in Illit | 48 600[81] |
Nablus | 136 132[80] |
Qalqilyah | 41 739[80] |
Ramallah | 27 460[80] |
Tulkarm | 51 300[80] |
Yatta | 48 672[80] |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.