Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hebron (arabisk الخليل, al-Khalīl; hebraisk חֶבְרוֹן, Ḥevron; tyrkisk Halilürrahman, gammalgresk Hebrṓn, Χεβρών) er ein palestinsk[3][4][5][6] by sør på Vestbreidda, 30 km sør for Jerusalem. Han ligg i Judeafjella, 930 meter over havet. Han er den største byen på Vestbreidda, og den nest største i Dei palestinske territoria etter Gaza, med kring 250 000 innbyggjarar,[2][7] og mellom 500 og 850 jødiske busetjarar i Otniel og i gamlebyen.[8][9][10][11][12] Byen er delt inn i to område: H1, kontrollert av Den palestinske sjølvstyresmakta og H2, kring 20 % av byen, som er administrert av Israel.[13] Byen er mest kjend for dei tradisjonelle gravplassane til dei bibelske patriarkane og matriarkane og er derfor rekna som den nest mest heilage byen i jødedomen etter Jerusalem.[14] Byen er òg høgt verdsett av muslimar fordi han er knytt til Abraham[15] og var tradisjonelt ein av dei «fire heilage byane i islam.»[16][17][18][19]
Hebron | |||
חֶבְרוֹן, الخليل, Al-Khalīl, Al-Ḫalīl | |||
kommune | |||
Sentrum av Hebron | |||
|
|||
Kallenamn: Patriarkbyen | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Hebron guvernement | ||
Koordinatar | 31°32′00″N 35°05′42″E | ||
Areal | 74,102 km² [1] | ||
Folketal | 250 000 (2007)[2] | ||
Folketettleik | 3 374 / km² | ||
Bystatus | 1997 | ||
Borgarmeister | Daoud Zatari | ||
Hebron 31.535°N 35.098611111111°E | |||
Kart som viser Hebron.
| |||
Wikimedia Commons: Hebron | |||
Nettstad: www.hebron-city.ps | |||
Hebron er eit travelt handelssenter på Vestbreidda, og står for kring ein tredjedel av bruttonasjonalproduktet i området, hovudsakleg på grunn av sal av marmor frå steinbrot.[20] Han er lokalt kjend for druer, fiken, kalkstein, keramikkverkstader og glasblåsarfabrikkar, og her ligg ein stor meieriprodusent, al-Junaidi. Gamlebyen i Hebron er prega av smale, svingete gater, steinhus med flate tak og gamle basarar. Hebron universitet og Palestina polytekniske universitet ligg i byen,[21][22] som elles ikkje har kinosalar eller andre stader for underhaldning.[13] Hebron flyt over i byane ad-Dhahiriya, Dura og Yatta som ligg i området rundt.
Hebron er òg det administrative setet i Hebron guvernement, som er det største palestinske guvernementet med 600 364 innbyggjarar (2010).[23]
Namnet «Hebron» er spora attende til to semittiske røter, som går saman i forma ḥbr, og som går att i hebraisk og amorittisk og syner til ei rekkje tydingar som «kollega», «samla» eller «ven». Den opphavlege tydinga av Hebron kan ha vore allianse.[24]
Det arabiske omgrepet kjem frå eit tilnamn for Abraham i Koranen, Khalil al-Rahman (arabisk إبراهيم خليل الرحمن) «Elska av den Nådige» eller «Guds ven».[25][26] Det arabiske Al-Khalil er dermed ei omsetjing av det gamle hebraiske namnet Ḥebron, som vert tolka som ḥaber (ven).[27]
Arkeologiske utgravingar har avdekt kraftige forsvarsverk datert til tidleg i bronsealderen. Desse dekkjer 24-30 mål kring Tell er-Reumeidah. Byen blømde på 1600- og 1700-talet fvt. før han vart øydelagd i ein brann. Han vart busett på ny seint i mellombronsealderen.[28][29] Hebron var opphavleg ein kanaanittisk kongeleg by.[30] I samband med soga om Abraham er byen knytt til hetittane. Ein har gissa på at Hebron kan ha vore hovudstaden i Gath shuwardata, ein indoeuropeisk samtidig til regenten i Jerusalem, Abdi-Kheba,[31] sjølv om Hebronfjella nesten var utan busetjingar seint i bronsealderen.[32] I soga om den seinare hebraiske erobringa, var Hebron eit av to senter som kaananittane kontrollerte og vart styrt av dei tre sønene til Anak (benê/yelîdê hā'ănaq),[33] etterkomarar etter Nefilim[34] Første Mosebok nemner at han tidlegare vart kalla Kirjath-arba, eller «byen av dei fire», som kan ha vore ein referanse til fire par som låg gravlagd her, eller fire stammer, eller fire kvarter,[35] fire åsar,[36] eller ei samband av fire familiar.[37]
Historia om då Abraham kjøpte Patriarkgrotta frå hetittane er opphavet til at jødane vart knytt til området[38] sidan det uttrykte den første «faste eigedomen» i Israel lenge før det vart erobra under Josva.[39] At Abraham slo seg ned her er skildra som den første pakta hans, ein allianse med to lokale amoritt-klanar som vart hans ba’alei brit eller meistrar av pakta.[40] Dei abrahamittiske tradisjonane tilknytte Herbon er nomadiske, og kan òg vise til eit kenittisk element, sidan dei nomadiske kenittane er sagt å ha okkupert byen i lange tider,[41] og at Heber er namnet på ein kenittisk klan.[42]
Hebron i Bibelen låg på staden som i dag vert kalla Tel Rumeida, medan det rituelle senteret låg i Elonei Mamre.[43] Det er sagt at han vart erobra frå kanaanittane av anten Josva, som skal ha utsletta dei tidlegare innbyggjarane, «han lét ingen overlevande vera att. Alt levande slo han med bann, slik Herren, Israels Gud, hadde sagt han føre»,[44] eller Juda eller Kaleb.[45] Sjølve bye og områder rundt, er då sagt å ha blitt gjeve til levittane frå Kohath-klanen, medan markene i byen, i tillegg til dei kringliggande landsbyane, vart gjevne til Kaleb,[46][47] som dreiv bort dei tre kjempene Sheshai, Ahiman og Talmai, som styrte byen. Seinare fortel Bibelen at kong David regjerte frå Hebron i kring sju år. Det var her dei eldre i Israel kom til han for å gjere ei pakt føre Elohim og salva han som konge av Israel.[48] Det var igjen i Hebron at Absalom erklærte seg sjølv konge og så starta opprør mot faren sin David.[49] Det vart ein av dei viktigaste byane til Juda-stamma og var ein av dei seks tradisjonelle «tilfluktsbyane».[50]
Hebron heldt fram å vere eit viktig, lokalt økonomisk senter, og låg strategisk til langs handelsrutene i området, men han vart verande administrativt og politisk under Jerusalem.[51]
Etter øydelegginga av Det første tempelet, vart dei fleste jødiske innbyggjarane i Hebron sende i eksil, og i følgje det tradisjonelle synet,[52] tok edomittar over kring 587 fvt. Somme jødar verkar å ha kome attende dit etter eksiltida i Babylon.[53] Under makkabearane vart Hebron plyndra av Judas Makkabeus i 167 fvt.[54][55] Byen verkar å ha stått i mot den hashmoneiske makta i lang tid, og så seint som den første jødisk-romerske krigen vart han framleis rekna som Idumean.[56] Herodes den store bygde muren som framleis står kring Patriarkgrotta. Under den første krigen mot romarane, vart Hebron erobra og plyndra av Simon Bar Giora, ein Sicarii-leiar, utan at det vart ytt blod. Den «vesle byen» vart seinare lagt aude av offisieren til Vespasian, Cerealis.[57] Josefus skreiv at han «drap alle han fann der, unge og gamle, og brende ned heile byen.» Etter nederlaget til Simon bar Kokhba i 135 evt., vart mange jødiske fangar selde som slavar på slavemarknaden Terebinth i Hebron.[58][59]
Byen vart ein del av Austromarriket i provinsen Palaestina Prima og Det austlege bispedømet. Den bysantinske keisaren Justinian I reiste ei kristen kyrkje over Patriarkgrotta på 500-talet evt., som seinare vart øydelagd av sassanide-generalen Shahrbaraz i 614 då hæren til Khosrau II kringsette og tok Jerusalem.[60] Jødane fekk ikkje lov tilå bu i Hebron under bysantinarane.[14] Sjølve heilagdomen vart spart av persarane, med omsyn til dei mange jødane som deltok i sassanidehæren.[61]
Hebron var ein av dei siste byane i Palestina Prima som fall til den islamske invasjonen på 600-talet, noko som kan vere årsaka til at Hebron ikkje er nemnt i nokre av segnene om den arabiske erobringa.[62] Etter byen fall, skal erobraren av Jerusalem, kalif Omar ibn al-Khattab ha gjeve jødane løyve til å reise ei lita synagoge innafor muren Herodes reiste.[63] Då Rashidun-kalifatet styret tok over Hebron i 638, omgjorde dei den bysantinske kyrkja over grava til Abraham til ein moské.[14] Det vart ein viktig stasjon for karavaner langs handelsruta frå Egypt, og var òg ein stoppestad for pilegrimar på veg frå Damaskus.[64] Handelen auka kraftig, særleg med beduinar i Negev (al-Naqab) og folkesetnaden aust for Daudehavet (Baḥr Lūṭ). I følgje Anton Kisa, grunnla jødar frå Hebron (og Tyr) den venetianske glasindustrien på 800-talet.[65] Islam såg ikkje på byen som viktig før på 900-talet, og var nesten ikkje nemnt i muslimsk litteratur frå den tida.[66] Geografen al-Muqaddasi skildra i 985 byen som følgjer:
'Habra (Hebron) er landsbyen Abraham al-Khalil (Guds ven)...Her ligg ei mektig festning...med enorme firkanta steinar. I midten står ein kuppel av stein, bygd i islamsk tid, over gravminnet til Abraham. Grava til Isak ligg framom, i hovudbygningen til moskeen, grava til Jakob bakom, og vendt mot desse profetene ligg konene deira. Bygningen er omgjort til ein moské og kring moskeen er kvilehus for pilegrimar. Ein liten vasskanal er bygd for dei. På landsbygda kring byen ligg landsbyar i kvar retning, med druer og eple kalla Jabal Nahra. Mykje av frukta vert tørka og sendt til Egypt. I Hebron er det offentlege gjestgjevariet alltid open, med ein kokk, ein bakar og tenarar. Desse gjev rettar med linser og oliven til kvar ein fattig person som kjem hit, og til dei rike òg, om dei ønskjer å delta. Dei fleste omtalar dette som eit framhald av gjestgjevariet til Abraham, men det er i røynda ein waqf for Tamim-al Dari (ein følgjesvein til profeten Muhammed) og andre.... Amiren av Khurasan...har gjeve tusen dirham kvart år til dette føremålet, al-Shar al-Adil har gjeve ein stor sum. Eg kjenner ikkje til noko hus som er så gjestfritt og glimrande som dette.»[67]
Geniza-dokument frå denne tida refererer berre til «patriarkgravene» og avslører at det var eit organisert jødisk samfunn i Hebron som hadde ei synagoge nær gava, og at han var busett av jødiske pilegrimar og handelsfolk.[68]
Kalifatet i området varte til 1099, då den kristne krossfararen Godfrey de Bouillon tok Hebron og kalla han «Castellion St. Abraham».[69] Han vart ein hovudstad for det sørlege distriktet i krossfararkongedømet[70] og gjeven til biskopen Gerard av Avesnes, som eit len.[71] Den frankiske garnison i byen var utrygg, 'ikkje meir enn ei øy i eit muslimsk hav'.[72] Krossfararane omgjorde moskée og synagoga til ei kyrkje. I 1106 kom eit egyptisk felttog inn i sørlege Juda og klarte nesten året etter å ta Hebron frå krossfararane under Baldwin I av Jerusalem, som personleg leia motåtaket for å så dei muslimske styrkane. I 1113, under regjeringstida til Baldwin II av Jerusalem, skal i følgje Ali of Herat (som skreiv dette i 1173), ein del av Abrahamgrotta ha falle saman, og «fleire frankarar hadde gått inn der». Og dei oppdaga «lekamane etter Abraham, Isak og Jakob», «likkleda dei hadde falle frå kvarandre, og kongen gav dei nye likklede og lukka staden på ny». Ibn at Athir skreiv noko liknande i 1119; «Dette året vart grava til Abraham og dei to sønene hans Isak og Jakob, opna. Mange folk såg patriarken. Lemma deira hadde ikkje blitt uroa og ved sidan av dei låg lampar av gull og sølv.»[73] Ibn al-Qalanisi, ein historikar og adelsmann frå Damaskus, skreiv på denne tida at oppdaginga av desse leivningane, som gav seg ut for å vere leivningane til Abraham, Isak og Jakob, førte til stor merksemd hos alle dei tre religiøse samfunna i den sørlege Levanten, både muslimane, jødane og dei kristne.[74][75] Mot slutten av krossfarartida, i 1166, vitja Maimonides Hebron og skreiv,
'Søndag 17. oktober drog eg frå Jerusalem til Hebron for å kysse grava til stamfedrene mine i grotta. På den dagen stod eg i grotta og lovpriste Gud for alt'.[76]
Det kongelege området Hebron vart gjeve til Filip av Milly i 1161 og vart ein del av Transjordan len. Det vart utpeikt ein biskop i Hebron i 1168 og den nye domkyrkja St. Abraham vart bygd i sørenden av Haram.[77] I 1167 vart Hebron bispedøme oppretta i lag med bispedøma i Kerak og Sebastia (grava til Johannes døyparen).[78]
I 1170 vitja Benjamin frå Tudela byen, som han kalla St. Abram de Bron. Han skreiv:
Her er ei stor kyrkje kalla St. Abram, og dette var ein jødisk, heilag stad under mohammedanar-styret, men heidningane har reist seks graver her, og kalla dei høvesvis gravene til Abraham og Sara, Isak og Rebekka, Jakob og Lea. Vaktarane fortel pilegrimane at dette er gravene til patriarkane, og pilegrimane gjev dei så pengar for denne informasjonen. Om det derimot kjem ein jøde, og gjev ei spesiell gåve, opnar vaktaren grotta for han, og han kan så gå ned mange trappetrinn, med eit lys i handa. Han kjem så til ei grotte, der det ikkje er noko, så ei grotte til bakom, som òg er tom, før han kjem til den tredje grotta der dei seks gravene ligg. [79]
Den kurdiske muslimen Saladin tok attende Hebron i 1187 – igjen med støtte frå jødane, i byte mot at dei skulle få lov å vende attende til byen og byggje ei synagoge der.[80] Namnet på byen vart endra attende til Al-Khalil. Det var framleis eit kurdisk kvarter i byen under den første tida av det osmanske styret.[81] Richard Løvehjarta tok attende byen kort tid etter. Richard av Cornwall, som vart henta frå England for å stoppe den farlege feiden mellom Tempelriddarane og Johanittarordenen, klarte å innføre fred i området. Men kort tid etter han forsvann, braut feiden ut att og i 1241 sette Tempelriddarane i gang eit raid mot Hebron, som no var muslimsk, og braut avtalane som var oppretta.[82]
I 1244 øydela kharesmianarar byen, men let heilagdomen stå urørt.[61] I 1260, etter mamelukk-sultanen Baibars slo den mongolske hæren, vart det bygd minaretar ved heilagdomen. Seks år seinare, då Baibars var på pilegrimsreise til Hebron, kunngjorde han eit forbod mot at jødar og kristne kunne få kome inn i heilagdomen,[83] og miljøet vart mindre tolerant for jødar og kristne enn det hadde vore under det tidlegare ajjubide-styret. Forbodet vart ikkje handheva særleg strengt før på misten av 1300-talet, og frå 1490 fekk ikkje ein gong muslimar løyve til å kome inn i dei underjordiske grottene.[84]
Mølla i Artas vart bygd i 1307 og inntektene frå denne gjekk til hospitalet i Hebron.[85] Mellom 1318–20 gav Na'iben i Gaza og mykje av det indre av Palestina, ordreom å byggje Jawli-moskeen for at fleire skulle få plass til å be.[86]
Hebron vart vitja av viktige rabbiar dei neste to hundreåra, mellom anna Nachmanides (1270) og Ishtori HaParchi (1322) som merka seg Den gamle jødiske gravplassen der. Sunni-imamen Ibn Qayyim Al-Jawziyya (1292–1350) vart straffa av dei religiøse styresmaktene i Damaskus for å ikkje ville rekne Hebron som ein muslimsk pilegrimsstad, eit syn som òg læraren hans Ibn Taymiyyah hadde.[87]
På 1400-talet innførte mamelukk-sultanen Qa'it Bay den gamle tradisjonen i Hebron med «gjestebordet til Abraham», og nytta òg denne modellen for sin eigen madrasa i Medina.[88] Dette vart ei omfattande veldedig verksemd nær Haram, og kvar dag vart det delt ut 1 200 brød til reisande av alle trusretningar.[89]
Samstundes som Det osmanske riket vart utvida sørover langs middelhavskysten under sultan Selim I føregjekk den spanske inkvisisjonen i Spania, der mange sefardiske jødar vart drivne ut av landet og kom til dei osmanske provinsane. Fleire viktige sefardiske kabbalistar slo seg ned i Hebron.[90][91] Over dei neste to hundreåra, var det ei stor tilflytting av beduinske stammer frå Den arabiske halvøya til Palestina. Mange slo seg ned i tre separate landsbyar i Wādī al Khalīl, og etterkomarane deira utgjer ein stor majoritet i Hebron.[92]
I osmansk tid vart dei forfalne patriarkgravene restaurerte.[93] Ali Bey, ein av få utlendingar som fekk lov å kome inn, skreiv i 1807,
'alle gravene til patriarkane er dekte med rike teppe av grøn silke, flott brodert med gull, medan dei over konene er raude og like flott brodert. Det var sultanane i Konstantinopel som skaffa desse teppa, som vert fornya frå tid til annan. Ali Bey talde ni stykk oppå kvarandre, over grava til Abraham.'[94]
Hebron vart òg kjend gjennom arabarverda for glassproduksjonen sin, der beduinsk handel førte med seg mineral frå Daudehavet.[95]
Eit arabararopprør braut ut mellom bøndene i april 1834 då Ibrahim Pasha av Egypt annonserte at han ville rekruttere soldatar frå den lokale, muslimske folkesetnaden.[96] Hebron, leia av naziren Abd ar-Rahman Amr, nekta å gje soldatar til hæren og egyptarane svara med å knuse ned opprøret. Byen vart angripen og då forsvarsverka fall den 4. august vart han plyndra av hæren til Ibrahim Pasha.[97][98][99] Det er estimert at 500 muslimar frå Hebron vart drepen i angrepet og kring 750 vart teken inn i hæren. 120 ungdommar vart bortførte og utnytta av offiserar i den egyptiske hæren. Dei fleste muslimane klarte å flykte til fjella. Mange jødar flykta til Jerusalem, men under plyndringa av yen vart minst fem drepne.[100] I 1838 var folketalet estimert til 10 000.[98] Då styret til Ibrahim Pasha fall i 1841, tok den lokale klanleiaren Abd ar-Rahman Amr nok ein gong over makta som sjeik i Hebron. I 1846 sette den osmanske guvernøren i Jerusalem (serasker), Kıbrıslı Mehmed Emin Pasha i gang ein kamp for å roe ned dei opprørske sjeikane i Hebron-området, og gav soldatane sine løyve til å plyndre byen. Det gjekk rykte om at han i løyndom verna Abd ar-Rahman,[101] som vart deportert i lag med andre lokale leiarar (som Muslih al-'Azza of Bayt Jibrin), but he managed to return to the area in 1848.[102]
Frå 1874 vart Hebron-distriktet ein del av Jerusalem sanjak og vart styrt direkte frå Istanbul.[103]
Seint på 1800-talet gjekk det nedover med produksjonen av Hebronglas på grunn av konkurranse frå importert, europeisk glasvare, men Hebronglaset selde framleis, særleg til fattigare folk og reisande, jødiske kjøpmenn frå byen.[104] Under verdsutstillinga i 1873 i Wien vart Hebron representert med glasornament.[105]
Britane okkuperte Hebron den 8. desember 1917. I 1922 var folketalet 17 000.[106]
Patriarkgrotta vart framleis verande offisielt lukka for ikkje-muslimar.[107]
Under Hebron-massakren i 1929, tok arabiske opprørarar livet av 64 til 67 jødiske menn, kvinner og barn,[108][109] og skadde 60, medan jødiske hus og synagogar vart plyndra. 435 jødar søkte tilflukt og vart redda av arabiske naboar, som skjulte dei.[110]
I byrjinga av den arabisk-israelske krigen i 1948 tok Egypt kontroll over Hebron. Mellom mai og oktober, kjempa Egypt og Jordan om å få kontroll over Hebron og området rundt. Begge landa utpeikte militære guvernørar i Hebron. Egyptarane klartre å overtale den pro-jordanske borgarmeisteren til å støtte deira styre, i det minste på overflata. Men dei fekk dei lokale innbyggjarane mot seg då dei innførte skattar. Landsbybuarane kring Hebron gjorde motstand og det braut ut småkampar, der somme vart drepne.[111] Seint i 1948 hadde delar av dei egyptiske styrkane frå Betlehem til Hebron blitt avskoren frå forsyningslinjene sine og Glubb Pasha sendte 350 soldatar frå den arabiske legionen og ei eining med væpna køyretøy til Hebron som forsterkingar. Då våpenkvila vart signert, fall byen til jordansk militærkontroll. Våpenkvileavtalen mellom Israel og Jordan let opphavleg alle jødiske pilegrimar om å få vitje Hebron, men då Israel ikkje tillet det same på si side, skjedde ikkje dette.[112]
Etter seksdagarskrigen i juni 1967, okkuperte Israel Hebron i lag med resten av Vestbreidda.
Etter Osloavtalen og sidan Hebronavtalen, vart palestinsk byar styrte av Den palestinske sjølvstyresmakta, med unntak av Hebron,[4] som vart delt i to sektorar: H1 vart kontrollert av Den palestinske sjølvstyresmakta og H2 kontroller av Israel.[114][115] Kring 120 000 palestinarar bur i H1, medan rundt 30 000 palestinarar og kring 700 israelarar er under israelsk militærkontroll i H2. I 2009 budde i alt 86 jødiske familiar i Hebron.[116]
I 1820 var det kring 1 000 jødar i Hebron,[117] I 1838 hadde Hebron kring 1 500 skattbare, muslimske hushaldningar, i tillegg til 41 jødiske skattebetalarar. Skattebetalarar var dei mannlege overhovuda av hushaldiningar som eigde ein liten butikk eller eit stykke land. 200 jødar og ein kristen hushaldning var under 'europeisk vern'. Den samla folkesetnaden var estimert til 10 000.[98] I 1842 var det estimert til kring 400 arabarar og 120 jødiske familiar i Hebron.[118]
År | Muslimar | Kristne | Jødar | Totalt | Merknad |
---|---|---|---|---|---|
1538 | 749 h | 7 h | 20 h | 776 h | (h = hushaldningar) Kjelde: Cohen & Lewis |
1774 | 300 | Kjelde: Azulai.[119] | |||
1817 | 500 | Kjelde: Israelelsk utanriksdepartement.[120] | |||
1820 | 1 000 | Kjelde: William Turner.[117] | |||
1824 | 60 h | (40 h sefardiske, 20 h askenasiske) Kjelde: The Missionary Herald.[121] | |||
1832 | 400 h | 100 h | 500 h | (h = hushaldningar) Kjelde: Augustin Calmet, Charles Taylor, Edward Robinson[122] | |
1837 | 423 | Montefiore | |||
1838 | 700 | Kjelde: det israelske utanriksdepartementet.[120] | |||
1839 | 1295 f | 1 f | 241 | (f = familiar) Kjelde: David Roberts[123][124] | |
1840 | 700-800 | Kjelde: James A. Huie.[125] | |||
1851 | 400 | Kjelde: Clorinda Minor.[126] | |||
1866 | 497 | Montefiore census | |||
1881 | 800 | 5 000 | Kjelde: The Friend.[127] | ||
1890 | 1 490 | Kjelde: Jewish Encyclopedia | |||
1895 | 1 400 | The encyclopedia of Hasidism | |||
1906 | 1 100 | 14 000 | (690 sefardiske, 410 askenasiske) Kjelde: Jewish Encyclopedia | ||
1922 | 16 074 | 73 | 430 | 16 577 | Det britiske mandatet |
1922 | 1 500 | 17 000 | Kjelde: First Encyclopaedia of Islam.[106] | ||
1929 | 700 | Kjelde: det israelske utanriksdepartementet.[120] | |||
1930 | 0 | Kjelde:det israelske utanriksdepartementet.[120] | |||
1931 | 17 277 | 109 | 134 | 17 532 | Kjelde: Det britiske mandatet[128] |
1944 | 24 400 | 150 | 0 | 24 560 | Estimate[129] |
1967 | 38 203 | 106 | 38 309 | Folketeljing | |
1997 | n/a | n/a | 530[120] | 119 093 | Folketeljing 1997[130] |
2007 | n/a | n/a | 500 [131] | 163 146 | Folketeljing 2007[132] |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.