britisk politikar og skribent From Wikipedia, the free encyclopedia
Phyllis Dorothy «P.D.» James, baronesse James av Holland Park, (3. august 1920–27. november 2014) var ein britisk forfattar av ei rekkje kriminalromanar.[1][2] Mest kjent er kanskje bøkene hennar om etterforskaren Adam Dalgliesh, som også danna utgangspunktet for fleire TV-seriar. Ho debuterte i 1962 med kriminalromanen Cover Her Face,[1] som var den fyrste romanen om Dalgliesh.
P.D. James | |
Pseudonym | P. D. James |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 3. august 1920 Oxford |
Død |
27. november 2014 (94 år) |
Yrke | skribent, politikar, romanforfattar, science fiction-forfattar |
Språk | engelsk |
Periode | 1962-2011 |
Politisk parti | Det konservative partiet i Storbritannia |
Sjanger | Kriminalroman, detektivforteljing |
Medlem av | Royal Society of Literature |
Religion | Den anglikanske kirke |
Far | Sydney Victor James |
Mor | Dorothy Amelia Hone |
Ektefelle | Connor Bantry White |
Born | Clare Bantry White, Jane Bantry White |
P.D. James på Commons |
James var fødd i Oxford. Ho måtte avslutta skulegangen ved 16 års alder for å ta seg arbeid, sidan familien var fattig og faren ikkje hadde tru på høgare utdanning for jenter.
Ho arbeidde på eit skattekontor i tre år, og fekk seinare arbeid som assisterande inspisient for ei teatergruppe.
I 1941 gifta ho seg med Connor Bantry White, som var lege i hæren. James gjorde sjølv teneste som sjukepleiar under andre verdskrigen.[3] Deretter arbeidde ho i mange år i innanriksdepartementet innan kriminal- og sjukepleia. Ho arbeidde i mange år ved avdelinga for kriminalteknikk, og deretter med kriminell juss.[1]
James debuterte som forfattar i 1962, då ho var 42 år. Det var med kriminalromanen Cover Her Face, som også introduserte den best kjende detektiven hennar, Adam Dalgliesh ved Scotland Yard. Boka fekk gode kritikkar.[1] Seinare, i An Unsuitable Job for a Woman i 1972, introduserte ho òg den kvinnelege privatdetektiven Cordelia Gray. I 1979 blei ho forfattar på heiltid. Den åttande boka hennar, Innocent Blood frå 1980, gav henne internasjonal merksemd.[1]
I tillegg til krim skreiv James ein dystopisk roman, The Children of Men, som kom ut i 1992.[1]
Ho var òg medlem av Overhuset i Det britiske parlamentet og blei tildelt fleire ordenar.[4]
James var styremedlem i BBC (1988–93), Arts Council (1988–92) og British Council (1988–93). I 1983 mottok ho Order of the British Empire, og i 1991 blei ho utnemnd til life peer, adelstittel for resten av livet med møterett i Overhuset. Ho sat i Overhuset som konservativ. Ho sat òg ein periode i styret for BBC.[4]
P.D. James gifta seg med doktor Ernest Connor Bantry White i 1941. Ho blei enkje i 1964 då ektemannen døydde etter lang tids sjukdom. Dei fekk to døtrer (fødd i 1942 og 1944).
Om ikkje anna er oppgjeve, er bøkene kriminalromanar.
Norsk tittel | Utgitt | Originaltittel | Utgitt |
Martingale-mordet | 1976 | Cover Her face | 1962 |
Anlegg for mord | 1977 | A Mind to Murder | 1963 |
En upassende jobb for en kvinne | 1977 | An Unsuitable Job for a Woman | 1972 |
Av samme blod | 1981 | Innocent Blood | 1980 |
Mens englene sover | 1984 | Shroud for a Nightingale | 1971 |
Døden i laboratoriet | 1985 | Death of an Expert Witness | 1977 |
Dødsmerket | 1986 | The Skull Beneath the Skin | 1982 |
Dragning mot død | 1987 | A Taste for Death | 1985 |
Intriger og begjær | 1990 | Devices and Desires | 1990 |
Menneskenes barn | 1993 | The Children of Men | 1992 |
Mystiske omstendigheter | 1994 | Unnatural Causes | 1967 |
Arvesynd | 1994 | Original Sin | 1994 |
I rettferdighetens navn | 1998 | A Certain Justice | 1997 |
Hellig død | 2002 | Death in Holy Orders | 2001 |
Mordrommet | 2004 | The Murder Room | 2003 |
Fyret | 2006 | The Lighthouse | 2005 |
Det svarte tårnet | 2007 | The Black Tower | 1975 |
Den siste pasienten | 2009 | The Private Patient | 2008 |
Mange av bøkene om Adam Dalgliesh er vorte til fleire mini-serier og TV-filmar. Den fyrste kom i 1983 med Roy Marsden i rolla som Adam Dalgliesh, og seinare kom to med Martin Shaw. Seriane med Roy Marsden er utvilsamt mest kjende, og han var òg lengst i rolla.
Helen Baxendale spelte hovudrolla i fleire sesongar av ein TV-serie basert på dei to bøkene om Cordelia Gray.
I 2006 kom ei filmatisering av Children of Men. Ho var regissert av Alfonso Cuarón, og hadde Clive Owen i hovudrolla.
I 1987 var P.D. James formann for juryen ved utdelinga av Booker-prisen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.