From Wikipedia, the free encyclopedia
British Broadcasting Corporation (BBC, norsk 'Det britiske kringkastingsselskapet') er ein britisk radio- og fjernsynskringkastar. Selskapet vart danna i 1927 ved kongeleg dekret frå det tidlegare British Broadcasting Company, og starta den 2. november 1936 opp dei fyrste regulære fjernsynssendingane i verda. Fram til ITV vart oppretta i 1955 hadde BBC monopol på radio- og fjernsynssendingar i Storbritannia.
BBC | |||
| |||
| |||
Bransje | Journalistikk, kringkasting | ||
---|---|---|---|
Skipa | 18. oktober 1922 | ||
Dotterselskap | BBC Worldwide, BBC Film | ||
Eigenandel i | BBC Parliament, BBC Four, BBC News, BBC Radio 1, CBBC, BBC Film, BBC Arabic Television, BBC News, BBC HD, BBC Worldwide, Broadcasting House, BBC News Online, BBC Music, BBC Things, BBC World Service, BBC Three, BBC Alba, BBC One, BBC World News, BBC Two | ||
Hovudkontor | London, Broadcasting House | ||
Land | Storbritannia | ||
Produkt | kringkasting, kringkasting | ||
Grunnleggjar(ar) | John Reith | ||
Dagleg leiar | Tim Davie, Frederick Ogilvie, Cecil Graves, Robert W. Foot, William Haley, Ian Jacob, Hugh Greene, Charles Curran, Ian Trethowan, Alasdair Milne, Michael Checkland, Baron Birt John Birt, Greg Dyke, Mark Byford, Mark Thompson, George Entwistle, Tim Davie, Tony Hall, Baron Hall of Birkenhead, John Reith | ||
Salsinntekter | 290 000 000 britisk pund (31. mars 2021)[1] | ||
Omsetnad | 290 000 000 britisk pund (31. mars 2021)[1] | ||
Resultat | 229 000 000 britisk pund (31. mars 2024)[2] | ||
Nettstad | https://bbc.com (engelsk), https://bbc.co.uk (britisk-engelsk), https://www.bbcweb3hytmzhn5d532owbu6oqadra5z3ar726vq5kgwwn6aucdccrad.onion |
BBC hadde ei norsk avdeling under andre verdskrigen som hadde sendingar retta mot det norske folket i Noreg, der dei tyske okkupasjonsmaktene hadde sett inn forbod mot kringkasting. Det var òg ulovleg å høyra på radio, men mange gjorde det likevel i løynda.
Programma som blir viste er ofte eit resultat av eigenproduksjon. Selskapet vert av mange oppfatta som eit av dei mest seriøse medieselskapa i verda, med ein nøytral og sjølvstendig synsvinkel. BBC tek på seg rolla som allmennkringkastar i Storbritannia, og norske NRK, i likheit med dei fleste andre eldre fjernsynskanalar i Europa, samanliknar seg difor ofte med BBC. På same måte som NRK vert BBC finansiert med lisensmiddel. Rett nok vert enkelte delar av BBC sitt programtilbod betalt av andre; World Service vert betalt av det britiske utanriksdepartementet. Dessutan har BBC i dei seinare år tent ein del på sin kommersielle del, mellom anna ved sal av DVD-kopiar basert på programma deira.
I Storbritannia vert kanalen ofte kalla The Beeb eller Auntie («tante», fordi kanalen tidlegare var kjent for å ha ein oppdragande stil i mange av sine program).
I Storbritannia har BBC eit Public Service-oppdrag. TV-kanalane BBC One og BBC Two blir distribuert via det analoge nettet til heile Storbritannia.
BBC har òg ei omfattande verksemd utanfor Storbritannia. Verksemda internasjonalt blir drive under føretaket BBC Worldwide, som er eit kommersielt føretak. Pengar frå tv-lisensen i Storbritannia går derfor ikkje til desse kanalane.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.