Rosetta var ein romsonde send opp av ESA som gjekk i bane kring kometen67P/Tsjurjumov-Gerasimenko. Han nådde fram til kometen i august 2014 og vart krasjlanda på kometkjernen 30. september 2016.[1] Rosetta-ferda hadde som mål å finna ut korleis tilhøva var i solsystemet då planetane vart danna. Rosetta bar med seg landaren Philae som landa på kometkjernen 12. november 2014.
Kjappe fakta Rosetta, COSPAR ID ...
Rosetta
Skisse av romsonden Rosetta undervegs mot kometen Tsjurjumov-Gerasimenko
Rosetta passerte to asteroidar på veg til 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko. Den 5. september 2008 passerte sonden 2867 Šteins, og 10. juli 2010 passerte han 21 Lutetia.
Utanom landaren, har Rosetta med seg 11 instrument og eksperiment.
ALICE (Ultraviolet Imaging Spectrometer) er eit spektrometer som arbeider med ultrafiolett stråling. Det skal undersøkja kometkomaen og komethalen for å rekna ut mengda vatn, karbondioksid og karbonmonoksid kometen sender ut.
CONSERT (Comet Nucleus Sounding Experiment by Radiowave Transmission) studerer radiobylgjene som vert attkasta og spreidde av kometkjernen.
COSIMA (Cometary Secondary Ion Mass Analyser) analyserer støvkorn som vert sende ut av kometen. Det kan finna ut om dei er organiske eller uorganiske.
GIADA (Grain Impact Analyser and Dust Accumulator) observerer talet på, massen til, rørslemengda til, og fartsfordelinga til støvkorn som vert sende ut frå kometen.
MIDAS (Micro-Imaging Dust Analysis System) studerer støvomgjevnadene til asteroidane og kometen.
MIRO (Microwave Instrument for the Rosetta Orbiter) finn ut av mengda på viktige gassar og kor snøgt kometkjernen sender ut gass.
OSIRIS (Optical, Spectrocopic and Infrared Remote Imaging System) tek høgoppløyselege bilete av kometkjernen. Det har eit smalvinkelkamera og eit vidvinkelkamera.
ROSINA (Rosetta Orbiter Spectrometer for Ion and Neutral Analysis) studerer samansetninga til atmosfæren og ionsfæren til kometen. Det er sett saman av to sensorar.
RPC (Rosetta Plasma Consortium) måler mellom anna dei fysiske eigenskapane til kometkjernen og fylgjer med på kometaktiviteten.
RSI (Radio Science Investigation) undersøkjer endringane i frekvensen på radiobylgjene frå Rosetta. Det finn ut av massen og tyngdekrafta til komekjernen, noko som vidare kan nyttast til å rekna ut banen og den indre strukturen til kometen.
VIRTIS (Visible and Infrared Thermal Imaging Spectrometer) kartlegg og studerer dei faste materiala på kometen. Det hjelper òg til med å finna den beste landingsstaden for Philae.