Politikar fra Sverige From Wikipedia, the free encyclopedia
Kjell Stefan Löfven (fødd 21. juli 1957 i Hägersten i Stockholm) er ein svensk politikar og tidlegare partileiar for Socialdemokraterna. Han var statsminister i Sverige frå 3. oktober 2014 til 4. november 2021. Han tok over statsministerposten etter Fredrik Reinfeldt frå Moderata Samlingspartiet. Löfven leia ei regjering som bestod av 18 statsrådar frå Socialdemokraterna og 6 frå Miljöpartiet.
Stefan Löfven | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 21. juli 1957 (67 år) Hägerstens församling |
Yrke | politikar, sveisar, fagforeiningsleiar |
Språk | svensk, engelsk |
Løn | 176 000 svensk krona |
Verv | Statsminister i Sverige |
Periode | 2014-2021 |
Føregangar | Fredrik Reinfeldt |
Etterfylgjar | Magdalena Andersson |
Politisk parti | Sveriges socialdemokratiska arbetareparti |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Far | Karl Hedberg |
Ektefelle | Ulla Löfven |
Stefan Löfven på Commons |
Stefan Löfven vaks opp i ein adoptivfamilie i Sollefteå kommun i Norrland. Han vart send dit ti månader gammal av di mor hans ikkje hadde råd til å oppdra begge borna sine.[1] Löfven er den fyrste svenske statsministeren i moderne tid som ikkje har erfaring frå Riksdagen. Han er utdanna sveisar, og arbeidde som dette i ei forsvarsbedrift i Örnsköldsvik 1979-1995. I 1981 vart han tillitsvald for fyrste gong. Frå 1995 vart han tilknytt Svensk LO som tillitsvald i Metallindustriarbetareförbundet, blei nestleiar i 2001 og forbundsleiar frå 2005-2012.
Han vart vald til partileiar i Socialdemokraterna i 2012 etter at Håkan Juholt trekte seg etter mykje kritikk.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.