Beijing
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Beijing er hovudstaden i Folkerepublikken Kina. Han er òg ein av dei 4 sjølvstyrte kommunane i Kina og inneheld 16 distrikt og 2 fylke.

Beijing har omkring 22 millionar innbyggjarar, og er den andre folkerikaste byen i Kina, etter Shanghai.
I byen ligg fleire verdsarvstader: Den forbodne byen, Himmeltempelet, Sommarpalasset, Minggravene, staden der ein fann leivningane av Peking-mennesket og delar av Den kinesiske muren og Keisarkanalen.[1]
Remove ads
Namn
Namnet Beijing (forenkla kinesisk 北京, pinyin Běijīng, Wade–Giles Pei-ching) betyr 'nordleg hovudstad', og blei brukt av Ming-dynastiet frå 1403 for å skilja byen frå Nanjing ('sørleg hovudstad').[2] Namnet blei historisk translitterert som «Peking».[1] Dette byggjer på uttalen av dei to kinesiske skriftteikna i namnet i dei sørlege delane av Kina som europeiske handelsfolk og misjonærar først vitja.[3]
Remove ads
Historie
- For meir om dette emnet, sjå Beijing si historie.
Den første hendinga i Beijing si historie, som synast å vera stadfesta av arkeologiske funn, er datert til 1000-talet fvt., då Zhou-dynastiet erobra Shang-dynastiet[4] (kring 1046 fvt.). Ifølgje historikaren Sima Qian skal kong Wu av Zhou ha tatt makta frå den siste Shang-kongen, i det ellevte året av kong Wu si regjeringstid.[5]
Jin-dynastiet sin hovudstad Zhongdu vart bygd i noverande Beijing.
Remove ads
Utdanning
Det ligg 91 universitet i Beijing.[6] Fleire av dei ligg øvst på rangeringslistene over dei beste universiteta i landet, som Pekinguniversitetet og Tsinghuauniversitetet.
Styresmakter
Leiaren for lokallaget til Kinas kommunistparti er Cai Qi og borgarmeisteren er Chen Jining (2021).
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads