From Wikipedia, the free encyclopedia
Wade-Giles er ein av fleire metodar for å transkribera kinesisk til latinske bokstavar. Han blei utvikla på 1800-talet av dei engelske diplomatane Thomas Wade og Herbert Giles.
Det første utkastet til transkripsjonssystemet blei lansert i Wade si kinesiske lærebok Yü yen tzŭ êrh chi, som kom ut medan han arbeidde på den britiske legasjonen i Beijing 1867. Systemet bygde på den lokale dialekten og gav att konsonantlydar etter engelsk mønster, medan vokalane bygde på kontinentale førebilete som tyske og italienske. Wade nytta òg ei rekkje ulike diakritiske teikn for å skilja mellom ulike fonem.
Wade sitt system blei raskt populært i vesten. I 1892 brukte sinologen Herbert Giles ein variant av systemet i sitt kinesisk-engelske leksikon. Etter dette blei transkripsjonssystemet kjend som "Wade-Giles".
Wade-Giles var stort sett det einerådande transkripsjonssystemet for kinesisk i vesten på 1900-talet, men det blei fasa ut etter 1979 då styresmaktene i Folkerepublikken Kina vedtok å bytta det ut med eit nytt system. Zhou Youguang og andre skapa skriftsystemet kalla pinyin, som frå då av blei brukt i alle publikasjonar på utanlandske språk. Wade-Giles-systemet har fortsett å vera i bruk på Taiwan, men har i stor utstrekking blitt erstatta av pinyin også der.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.