SI-eining for lengd From Wikipedia, the free encyclopedia
Meter er ei SI-eining for lengd. I dag er denne lengda definert som strekninga lys forplantar seg i vakuum i løpet av nøyaktig 1/299.792.458 sekund. Symbolet for meter er m.
Eininga blei til etter den franske revolusjonen, då dei revolusjonære ville ha eit nytt og uavhengig mål for lengd. Dei tok det greske ordet metron, som tyder mål, og let denne eininga stå for 1/10.000.000 av avstanden frå Nordpolen til ekvator. Problemet med denne definisjonen var at dei såg på jorda som heilt rund, noko ho ikkje er.
Definisjonen på ein meter har derfor endra seg over åra, for å bli meir presis og uforanderleg:
År | Definisjon |
1793 | 1/10.000.000 av avstanden mellom Nordpolen og ekvator |
1795 | Ei metallstang på ein meter blir laga i bronse |
1799 | Prototypen på ein meter blir laga i platina |
1889 | Den internasjonale prototypen på ein meter blir laga i ei legering av platina og iridium |
1906 | 1.000.000/0,64384696 bølgjelengder av den raude linja i kadmiumspektrumet i luft |
1960 | 1.650.763,73 bølgjelengder av radioaktive bølgjer produsert av eit
krypton-86-atom som går frå energinivået 2p10 til 5d5 |
1983 | Strekninga lys forplantar seg i vakuum i løpet av nøyaktig 1/299.792.458 sekund |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.