Sverigedemokraterna

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sverigedemokraterna
Remove ads

Sverigedemokraterna (SD) er eit politisk parti i Sverige, stifta 6. februar 1988. Sidan 2005 har partiet vore leia av Jimmie Åkesson. I prinsipprogrammet frå 2011 omtalar Sverigedemokraterna seg som eit sosialkonservativt parti med eit nasjonalistisk grunnsyn.

Kjappe fakta Land, Partileiar(ar) ...
Remove ads
Thumb
Jimmie Åkesson valtalar på Stortorget i Ystad 31 aug 2018.

Sverigedemokraterna profilerar seg på ynskje om ein restriktiv flyktning- og innvandringspolitikk, bekjempelse av kriminalitet og kritikk av EU. Ved riksdagsvalet i september 2014 vart Sverigedemokraterna det tredje største partiet med 12,9 % av røystene og 49 representantar i Riksdagen.

Remove ads

Historie

Sverigedemokraterna fordobla veljaroppslutnaden ved riksdagvalet i 2010, og med 5,7 % av røystene vart det for fyrste gong representert i Riksdagen med 20 av 349 mandat. Dei andre partigruppene i Riksdagen avstod frå noko som helst samarbeid med Sverigedemokraterna. Ved valet til EU-parlamentet våren 2014 auka Sverigedemokraterna med 6,6 prosentpoeng til 9,7 % av røystene. Den 18. juni 2014 melde Sverigedemokraterna at det har slutta seg til EU-parlamentsgruppa «Gruppa Fridom og direktedemokrati i Europa».

Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads