From Wikipedia, the free encyclopedia
Mosul (arabisk الموصل, al-Mawṣil, kurdisk مووسڵ, gammalsyrisk ܡܘܨܠ, Māwṣil, tyrkisk Musul) er ein stor by nord i Irak.
Mosul | |||
arabisk الموصل | |||
by | |||
Tigris, ei bru og Stormoskeen i Mosul | |||
Kallenamn: Nīnwē | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ninive guvernement | ||
Høgd | 223 moh. | ||
Areal | 180 km² | ||
Folketal | 664 221 (2015) | ||
Tidssone | AST (UTC+3) | ||
Retningsnummer | 60 | ||
Mosul 36.366666666667°N 43.116666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Mosul | |||
Han ligg kring 400 km nord for Bagdad ved vestbreidda av Tigris, ovanfor den assyriske oldtidsbyen Ninive på austbreidda. Storbyområdet har vokse seg utover store område på begge sider av elva.
På byrjinga av 2000-talet hadde Mosul og området rundt ein etnisk og religiøs variert folkesetnad. Majoriteten var arabarar, med assyrarar,[1][2][3] armenarar, turkmenarar, kurdarar, jesidiar, shabakiar, mandearar, kawliya, tsjerkassarar som mindre folkegrupper. Sunniislam var den største religionen, men det var òg mange følgjarar av salafirørsla og kristendommen (følgd av assyrarar og armenarar), i tillegg til sjiaislam, sufisme, jesidiarm, shabakisme, yarsanismeisme og mandaeisme.
Folketalet i Mosul voks raskt rundt tusenårsskiftet, og i 2004 var det estimert at byen hadde 1 846 500 innbyggjarar.[4] Det er estimert at kring ein halv million menneske flykta frå Mosul i andre halvdel av 2014 då IS kjempa mot irakiske styrkar om kontroll over byen. 17. november 2014 gjekk IS til åtak mot Mosul og tok i åtaket livet av sju sivile, to soldatar og skadde 35 andre.[5] Nokre innbyggjarar kom attende, fleire flykta i 2015 då kampane og valdshandlingane auka, og amerikanske bombefly gjekk til åtak på byen.
Historisk har viktige varer frå området vore Mosul-marmor og olje. Byen har universitet og ein kjend medisinsk høgskule, som i lag danna eit av dei største utdannings- og forskingssentera i Irak og Midtausten. Universitetet er sidan stengt.
Mosul og dei nærliggande Niniveslettene er eit av dei historiske sentera for assyrarane[6][7] og kyrkjene deira: den assyriske kyrkja og avleggjaren den khaldeisk-katolske kyrkja; og den gammalsyriske ortodokse kyrkja, med fleire graver knytte til profetar frå Gamletestamentet, som Jona. Nokre av gravene vart øydelagde av IS i juli 2014.[8]
Mosul var opphavleg eit kloster midt i mot Ninive på den andre breidda av Tigris. Klosteret vart skipa i 570. Staden vart utbygd av persarkongen Khusrov II til ei festning. Denne vart i 641 erobra av arabararne og danna etterkvart kjernen i ein by. Omkring 100 år seinare vart han hovudstaden i provinsen al-Djazira i Mesopotamia.
På 900-talet herska hamdanidane i Mosul. Dei vart etterfølgde av ukailidane, og seinare seldsjukkane. Under zengidane 1127-1232 vart Mosul utvida og forskansa. Saladin kringsette byen utan hell. Men byen overgav seg i 1242 til Hülekü og unngjekk dermed plyndring til 1261, då eit opprør forårsaka tung brannskatting.
Skåna av Timur Lenk vart Mosul så erobret av turkmenarar, persarane i 1514 og osmanarane i 1637. Byen vart sterkt skadd i 1743 av eit jordskjelv. Deretter vart han hovustad i vilajaten med same namn. Under første verdskrigen vart Mosul kringsett av britiske tropper i 1918 og vart etter langvarige forhandlingar (Mosul-spørsmålet) etter vedtak frå Folkeforbundet innlemma i Irak.[9]
Namnet på byen er opphavet til namnet på kjolestoffet musselin.[10]
Byen ligg ikkje langt frå det kurdiske sjølvstyreområdet. Det bor mange turkmenarar i Mosul og områda rundt, og det har vore reist krav om å oppretta ein eigen turkmensk region med namnet Turkmeneli.[11]
Folkesetnaden består hovudsakleg av arabarar, kurdarar og turkmenarar, men byen har ein større del kristne (assyrarar, armenarar og kaldearar) enn dei fleste andre irakiske byar.
Mosul har etter den amerikanske invasjonen i 2003 vore eit sentrum for sunniarabiske ekstremistar knytte til grupper som al Qaeda og Ansar al-Sunnah. Disse har systematisk fordrive det kristne mindretalet og har dessutan angripe turkmenarar og kurdarar anten dei måtte vera sunnimuslimar eller jesidiar. Verst har det likevel gått utover jesidiane som forutan å vera kurdarar òg skuldastfor å vera djeveldyrkarar.[12]
Kurdiske peshmerga-styrkar hadde kontrollen over austsida av byen, medan irakiske regjeringsstyrkar kontrollerte det urolige området vest for Tigris. I byrjinga av juni 2014 vart byen angripe av geriljastyrkar fra den islamistiske organisasjonen ISIL. Dei irakiske regjeringsstyrkane ytte lite motstand, og flykta snart. Mange sivile flykta òg frå byen, dei fleste til den kurdiske regionen.
ISIL hadde vore tilstade i Mosul sidan om lag 2008. Der fungerte dei som ei slag mafiagruppe, som kravde vernpengar av ein stadig aukande del av folkesetnaden. Sjølv politiet skal ha betalt. Personell frå ISIL var velorganisert i byen, og hadde store og godt væpna mannskap.
10. juni 2014 sette ISIL-styrkane i Mosul ut kontrollpunkt over heile byen, og tok kontroll over offentlege bygningar. Det skjedde nesten utan motstand. Styrkane til organisasjon tok kontroll over m.a. den lokale flyplassen, offentlege kontor og to TV-kanalar, og slapp òg fri 1400 fangar frå lokale fengsel. Gruppa tok òg kontroll over mengder med amerikansk produsert militært utstyr som pansra køyretøy og helikopter. ISIL-styrkane plyndra sentralbanken i Mosul, og tok kontroll over så mykje som 500 milliardar irakiske dinarar, ca. 429 millionar amerikanske dollar. Dei øydela sjia-moskear, kyrkjer og synagogar i byen, og inventaret vart selt. Store delar av folkesetnaden flykta til kurdiske område. Innbyggjarane som tidlegare var ei blanding av folkeslag og religiøse grupper, vart på kort tid berre folkesett av sunnimuslimske arabarar. Det var spesielt etniske og religiøse minoritetar som flykta, som kristne, jesidiar, shabakar og sjia-muslimar, og dessutan kurdarar uansett religiøs tilhøyrsle.
I 2017 atterobra kurdiske og irakiske troppar byen.
Universitetet i Mosul er eit av dei største i Midtausten når det gjeld mengder fakultet. Det er spreidd på tre campusar og har om lag 17 000 studentar og 750 tilsette.
Terrenget rundt Mosul er flatt. Det høgaste punktet i nærleiken er 375 meter over havet, 8,9 km sørvest for Mosul. Rundt Mosul er det ganske tett folkesetnad, med 58 personar per kvadratkilometer. Trakta rundt Mosul er ufruktbar med lite eller ingen jordbruk.
Mosul har eit heitt halvtørt klima med ekstremt varme, tørre somrar og moderat våte, og relativt kjølige vintrar. Årsmiddeltemperaturen er 23 °C. Den varmaste månaden er juli, då middeltemperaturen er 37 °C, og den kaldaste er januar, med 7 °C. Gjennomsnittleg årsnedbør er 364 millimeter. Den våtaste månaden er november, med i gjennomsnitt 66 mm nedbør, og den tørraste er august, med 1 mm nedbør.
Vêrdata for Mosul | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 21,1 | 26,9 | 31,8 | 35,5 | 42,9 | 44,1 | 47,8 | 49,3 | 46,1 | 42,2 | 32,5 | 25 | 49,3 |
Gjennomsnittleg maks °C | 12,8 | 15,3 | 19 | 25,4 | 32,9 | 39,6 | 43,4 | 43 | 38,7 | 31,2 | 22,3 | 15 | 28,2 |
Gjennomsnittleg min °C | 2,5 | 3,5 | 6,3 | 10,2 | 15 | 19,5 | 22,9 | 21,8 | 16,6 | 11,4 | 7 | 3,3 | 11,7 |
Lågast målte °C | −17,6 | −12,3 | −5,8 | −4 | 2,5 | 9,7 | 11,6 | 14,5 | 8,9 | −2,6 | −6,1 | −15,4 | −17,6 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 62,1 | 62,7 | 63,2 | 44,1 | 15,2 | 1,1 | 0,2 | 0 | 0,3 | 11,8 | 45 | 57,9 | 363,6 |
Gns. dagar med regn | 11 | 11 | 12 | 9 | 6 | 0 | 0 | 0 | 0 | 5 | 7 | 10 | 71 |
Kjelde: World Meteorological Organisation (UN)[13] |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.