Mesopotamia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mesopotamia er eit historisk område mellom flodene Eufrat og Tigris i det noverande Irak.[1] Namnet kjem frå gamalgresk Μεσοποταμία (Mesopotamía), som tyder landet «mellom (μέσος mésos) flodene (ποταμός potamós)».[2] Sidan omkring 5000 f.Kr. har det eksistert byar og palass frå forskjellige kulturar i Mesopotamia.

Mesopotamia vert ofte kalla «sivilisasjonens vogge». Her utvikla dei eldste sivilisasjonane ein jordbrukskultur og eit skriftspråk. Den eldste kjente litteraturen i verda er funnen her. Mesopotamia vart folkesett av mellom anna sumerar, aramearar (som seinare vart kjende som syrarar), babylonarar, assyrarar og kaldearar. Det var her verdas første bysamfunn vart organiserte, mellom dei Lagash, Ur, Uruk og Nippur.
Historie
Tidleg jordbruk med kunstig vatning utvikla seg i Mespotoamia kring 5000 f.Kr.[3] Den første kjende kulturen i området var den sumeriske, som omfatta blant anna kulturen tilknytt oldtidsbyane Ur og Uruk. Arkeologisk utgraving i det nordlege Mesopotamia har rett nok påvist eldre kulturar, men den sumeriske sivilisasjonen er rekna som den eldste veldokumenterte. Det er funne mange leirtavler med sumerisk kileskrift som fortel om eit velfungerande samfunn.
Området var den gongen lenge delt i to: Assyria og Babylonia. Det nordlege Mesopotamia var inntil omkring år 600 f.Kr. busett av assyrarane med sentrum i området omkring byane Mosul (det dåverande Ninive), Arbil og Tikrit, medan Babylonia låg i det sørlege Mesopotamia, det vil seie i området mellom det noverande Bagdad og Basra.
Mesopotamia har sidan vore påverka av blant anna grekarane, inntil arabarane erobra området i år 656. I 1534 vart området overtatt av tyrkarane i Det osmanske riket. Under den fyrste verdskrigen, i 1915, forviste britane tyrkarane og tok herredømme over det noverande Irak. Området var under britisk okkupasjon til 1932, då Irak proklamerte seg sjølvstendig.

Galleri
- Kileskrifttavle.
- Sargon II og embetsmann.
- Ishtarporten på Pergamonmuseet i Berlin.
Sjå òg
- Øvre Mesopotamia
- Nedre Mesopotamia
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.