Gresk (gresk: Ελληνικά, IPA [e̞ˌliniˈka], Hellensk) er ei eiga grein av indoeuropeiske språk med ein dokumentert historie på 3 500 år, slik at det er det eldste kjente nolevande språket i den indoeuropeiske familien. I dag vert språket snakka av om lag 15 millionar menneske i Hellas, Kypros, Bulgaria, Albania og Tyrkia. Det finst òg mange greske immigrantsamfunn over heile verda, som til dømes i Melbourne i Australia som har det tredje største urbane greske folkesetnaden i verda, etter Aten og Thessaloníki.
- Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Græskt mål».
Gresk Ελληνικά | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Gresk Attisk Nygresk | |
Talarar | grekarar | |
Bruk | ||
Tala i | Hellas Kypros Albania Egypt Italia Tyrkia | |
Område | Balkan | |
Gresktalande i alt | 15 millionar | |
Rangering | 74 | |
Skriftsystem | Gresk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Hellas Kypros EU | |
Normert av | — | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | el | |
ISO 639-2 | gre ell | |
ISO 639-3 | ell | |
Wikipedia på gresk |
Gresk har vorte skrive med det greske alfabetet, som var det fyrste til å innføre vokalar, sidan 1000 f.v.t. i Hellas og sidan 400 f.v.t. på Kypros. Før dette vart det skrive med linear B i Hellas og kypriotisk stavingsskrift på Kypros. Gresk litteratur har ei historie på nærare 3000 år.
Målsoga
- Bronsealder - 1100 fvt.
- Jarnalder 1100 fvt–700 fvt.
- Antikken 700 fvt–600 evt.
- Arkaisk 700 fvt–480 fvt.
- Klassisk 480 fvt–333 fvt.
- Etterklassisk 333 fvt–600 evt.
- Bysantinsk tid 600 evt–1453 evt.
- Nygresk
Gresk før antikken
Dei mykenske grekarane var dei fyrste gresktalande som kom til det greske fastlandet, kring 2000 fvt. Dei breidde seg sidan til øyane omkring og vestkysten av Mellom-Asia. Dei ulike førgreske språka er med ei samnemning kalla egeisk. Mange ord er lånte inn i gresk frå egeisk, som ein enno ser i stadnamn (Korinthos, Athenê o.a.).
Den mykenske gresken (sein bronsealder) er den eldste gresken som me har skriftlege kjelder frå. Vitnemål har me berre i brotstykke, etter innskrifter på leirtavler frå utgravingar i Knossos på Kreta og i Pýlos på Peloponnes. Dei er skrivne med stavingsskrift, kalla linear B. Dei er tidfeste til kring 1200 fvt. Kring 1100 fvt. kom store omskifte i Hellas. I 1150 fvt. vart den siste mykenske borga øydelagd. Sidan fylgde utvandringar og nedgangstid, kalla dei mørke århundra (1150-750 fvt.), som er utan skriftlege kjelder.
Etterklassisk
Den hellenistiske tida (333-31 fvt) varar frå makedonaren Alexander den stores styring og fram til den fyrste romerske keisaren, Augustus (31 fvt-14 evt). Alexander den store skapa eit gresk storrike frå Hellas til Afghanistan. Då Alexander døydde, fall riket saman og kløyvde seg i ulike kongedøme der gresk vart styringsmålet. Med seg til dei nye busetjingane hadde grekarane sitt levevis og mål. Greskt vart eit verdsmål. På 300-talet voks eit einskapleg greskt mål fram som var bygt på det attiske målføret, men med nokre attiske særdrag utskifte. Dette vart kalla koiné (ἡ κοινὴ διάλεκτος), og er mellom anna det Nytestamentet vart skrive på. Ei fylgje var at dei andre greske målføra måtte vika i skrift og tale, om ein ser bort frå dei litterære kunstmåla.
Keisartida (31 fvt-600 evt). I tida 200-167 fvt hadde romarane lagt under seg det meste av den kjende verda, og etter sjøslaget ved Actium i 31 fvt då Octavianus (sidan Augustus) slår Antonius og Kleopatra, var det eit endemål for romersk framtrenging i aust. I 30 fvt legg Roma under seg Egypt, og Antonius og Kleopatra tek livet sitt. Endå dei greske områda kom under romersk styring, heldt gresk fram med å vera styringsmålet i den austlege delen av det romerske riket.
Dei greske målføra
har desse hovudgreinene:
- Jonisk
- Aiolisk
- Arkadokypriotisk
- Vestgresk
Joniske målføre (attisk og aust-jonisk).
Aioliske målføre.
Arkadokypriotiske målføre.
Vestgreske målføre (dorisk og nordvestgresk).
Kunstmål:
Skriftteikn
Det greske alfabetet voks fram i Hellas mellom 750 og 700 fvt etter fønikisk mønster og kløyvde seg snart i ulike utgåver. Det fønikiske alfabetet hadde ikkje bokstavar for sjølvlyd (vokalar), utan 22 bokstavar for medlyd (konsonantar). Dei fønikiske bokstavane som stod for laryngalar og halvsjølvlyd, lydverdiar som ikkje fanst i gresk, vart difor nytta til bokstavar for sjølvlyd; og vart med det ein høveleg reiskap for eit ikkje-semittiskt mål som gresk.
Føre 500-talet fvt hadde ein to hovudgreiner av alfabetet - det joniske i aust og det khaldeiske i vest. Etter kvart tok det joniske derimot heilt over, og i 403 evt vart dette offisielt oppteke i Athen. Det joniske alfabetet hadde 17 teikn for medlyd og 7 for sjølvlyd, slik det er i nygresk: ΑΒΓΔΕΖΗΘΙΚΛΜΝΞΟΠΡΣΤΥΦΧΨΩ.
Andre teikn: ϝ (digamma - wau), ϙ (koppa - 90), ├ (h), ϡ (sampi - 900), ϛ (stigma - 6) ...
Frå det khaldeiske alfabetet fekk etruskarane sitt alfabet, som det latinske er bygt på.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.