Kypros

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kypros
Remove ads

Kypros (gresk Κύπρος, tyrkisk Kıbrıs) er ei øy aust i Middelhavet, 113 km sør for Tyrkia og rundt 120 km vest for kysten til Syria. Geografisk sett er Kypros ein del av Asia, men kulturelt har øya vore europeisk i tida etter om lag den fyrste verdskrigen. Sidan ein tyrkisk invasjon i 1974 har øya vore delt i ein gresk og ein tyrkisk del, Republikken Kypros og Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Nord-Kypros er ikkje internasjonalt anerkjend av andre land enn Tyrkia.

Kjappe fakta Land, Areal ...
Remove ads

Geografi

For meir om dette emnet, sjå Kypriotisk geografi.

Kypros er den tredje største øya i Middelhavet (etter Sicilia og Sardinia), og ligg aust i Middelhavet sør for halvøya Anatolia (eller Lilleasia). Øya høyrer geografisk til Midtausten. Tyrkia ligg berre 75 km mot nord og andre naboland er Syria og Libanon i aust, Israel i søraust, Egypt i sør og Hellas i vest-nordvest.

Historisk, politisk og kulturelt er Kypros derimot nært knytt til Europa, dei greske kypriotane i Republikken Kypros med Hellas, og dei tyrkiske kypriotane i Nord-Kypros med Tyrkia. Historisk har Kypros vore ein krossveg mellom Europa, Vest-Asia og Nord-Afrika. Derfor vert øya hovudsakleg rekna som eit transkontinentalt land.

Landskapet på Kypros består av tre generelle område - den sentrale sletta, Mesaoría, med fjella Kyrínia og Pendadáktylos i nord og fjellkjeda Tróodos i sør og vest. Det ligg òg spreidde og små sletter på sørkysten.

Kypros har middelhavsklima med tørre somrar og våtare vintrar. Sommartemperaturane varierer frå varmt i dei høgare områda i Troodosfjella til steikande varmt i låglandet. Vinteren er mild i lågare område, men det kan verte kaldt i Troodosfjella med så pass mykje snø at det er oppretta eit skisenter her.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Kypros
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads