From Wikipedia, the free encyclopedia
Nord-Kypros (tyrkisk: Kuzey Kibris Türk Cumhuriyeti) er ein republikk nord på øya Kypros. Området omfattar meir enn ein tredel av øya. Republikken er ikkje offisielt anerkjend av andre enn Tyrkia. Republikken Nord-Kypros ynskjer eit føderalt system i eit samla Kypros eller å verta anerkjend av dei sameinte nasjonane.
Kuzey Kıbrıs Türk Cumhuriyeti | |
Den tyrkiske republikken Nord-Kypros | |
Flagg | Riksvåpen |
Nasjonalt motto: ikkje noko | |
Offisielt språk: | Tyrkisk |
Hovudstad: | Levkosía (ty: Lefkoşa) |
Styreform: President: Statsminister: |
Republikk Mustafa Akıncı Hüseyin Özgürgün |
Areal: Av dette vatn: |
3 355 km² 2,7 % |
Innbyggjarar (2005): Tettleik: |
229 210 68,3/km² |
Valuta: | Ny tyrkisk lira |
Tidssone: | UTC +2 |
Nasjonaldag: | 15. november |
Nasjonalsong: | «İstiklâl Marşı» |
Nasjonalt toppnivådomene: | .nc.tr |
Geografisk plassering: | |
Kart over Nord-Kypros |
Staten vert òg omtala som Den tyrkiske republikken Nord-Kypros eller KKTC.
Nord-Kypros er sterkt avhengig av stønad frå Tyrkia.
Staten vart oppretta som resultat av striden mellom gresk-kypriotane og tyrkisk-kypriotane. Den nordlege delen av Kypros vart invadert av Tyrkia i 1974. I 1975 vart Nord-Kypros gjeve namnet «tyrkisk føderal stat Nord-Kypros». I 1983 vart området utropa som sjølvstendig stat og namnet endra til Den tyrkiske republikken Nord-Kypros.
Nord-Kypros er delt inn i seks distrikt:[1][2]
Distrikta er igjen delte inn i 12 underdistrikt med i alt 28 kommunar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.