From Wikipedia, the free encyclopedia
Vinter-OL 2014 vart arrangert 7.—23. februar 2014 i Sotsji i Russland som dei 22. olympiske vinterleikane. Den internasjonale olympiske komitéen avgjorde dette 4. juli 2007 på eit møte i Guatemala by.
Vinter-OL 2014 | ||||
Vertsby | Sotsji, Russland | |||
Nasjonar | 88 | |||
Øvingar | 98 | |||
Idrettsgreiner | 15 | |||
Opna | 7. februar, av Vladimir Putin | |||
Eldtennar | Vladislav Tretjak Irina Rodnina | |||
Avslutta | 23. februar | |||
Utøvarar | ||||
---|---|---|---|---|
Menn | 1 705 | |||
Kvinner | 1 162 | |||
Totalt | 2 867 | |||
Dei olympiske vinterleikane | ||||
|
|
|
Da søknadsfristen gjekk ut 28. juli 2005 hadde Almaty (Kasakhstan), Borjomi (Georgia), Jaca (Spania), Sofia (Bulgaria), Sotsji (Russland), Pyeongchang (Sør-Korea) og Salzburg (Austerrike) levert inn søknader. I tillegg hadde det vore diskutert i Noreg og Sverige om ein skulle søkje. I Noreg stod det mellom Lillehammer eller Tromsø. Forkjemparar for eit OL i Tromsø jobba for å få til ein søknad, men regjeringa og Stortinget sa nei til statsstøtte til prosjektet.
Almaty, Borjomi, Jaca og Sofia vart eliminert av IOC 22. juni 2006. I «finalen» 4. juli 2007 rauk Salzburg ut i den første avrøystinga, slik at valet altså stod mellom Sotsji og Pyeongchang i omrøystinga. Det var Sotsji som tok sigeren.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.