From Wikipedia, the free encyclopedia
Pyeongchang (uttalt på koreansk [pʰjʌŋtɕʰaŋ]) er eit fylke i provinsen Gangwon i Sør-Korea.
Pyeongchang Hangul 평창군 Hanja 平昌郡 RR Pyeongchang-gun MR P'yŏngch'ang-gun | |||
Fylke | |||
Land | Sør-Korea | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 37°22′N 128°24′E | ||
Areal | 1 464,23 km² | ||
Folketal | 40 427 (2015) | ||
Pyeongchang 37.368888888889°N 128.39027777778°E | |||
Wikimedia Commons: Pyeongchang | |||
Fylket ligg i Taebaekfjella med høgder på frå 800 til 1000 meter over havet, noko som gjer staden til ein god vintersportsstad. Det finst fleire buddhisttempel i området, blant anna Woljeongsa. Pyeongchang ligg 180 km austom Seoul.
Fylket vart arrangør av Vinter-OL 2018, etter å ha søkt om dette to gonger tidlegare og tapt. Pyeongchang er den tredje asiatiske arrangørstaden for Vinter-OL etter dei to japanske byane Sapporo og Nagano.
22. juni 2006 var byen ein av tre finalister til å få arrangere Vinter-OL 2014, men tapte kampen saman med Austerrike med Salzburg mot russiske Sotsji. Pyeongchang har tidlegare tapt kampen om å få arrangere Vinter-OL 2010. Staden arrangerte VM i skiskyting 2009. Fylket bestemte seg tidleg for å delta i konkurransen om Vinter-OL 2018,[1][2] OL-søknaden er bygd rundt vintersportsstaden Alpensia Resort.[3] etter å ha tapt avstemminga om å få verta arrangørstad i 2014. IOK valde byen som ein av tre kandidatar til å få arrangere vinter-OL i 2018, der dei to andre var München og Annecy. Avgjerda om kven som fekk arrangementet, vart teken i Durban 6. juli 2011.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.