Eurovision Song Contest 2023
67. utgåve av EBUs årlege songtevling From Wikipedia, the free encyclopedia
Eurovision Song Contest 2023 va den 67. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmar av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Tevlinga fann stad i Liverpool i Storbritannia etter at Ukraina, som vann i 2022 med «Stefania» og Kalush Orchestra, ikkje kunne stå vertskap på grunn av den russiske invasjonen av Ukraina.[1] EBU tilbaud i staden arrangørjobben til andreplassen Storbritannia. Britiske BBC takka ja til oppdraget og produserte tevlinga på vegner av Ukraina.[3]
Eurovision Song Contest 2023 | ||||
---|---|---|---|---|
|
||||
Dato | ||||
Semifinale 1 | 9. mai 2023 | |||
Semifinale 2 | 11. mai 2023 | |||
Finalen | 13. mai 2023 | |||
Vertskap | ||||
|
||||
|
||||
Varigskap | ||||
Opningsnummer | ||||
Pausenummer | ||||
Bidrag | ||||
|
||||
|
||||
Kart | ||||
Røysting | ||||
Eurovision Song Contest | ||||
|
Eurovision Song Contest 2023 bestod av tre sendingar: ein semifinale tysdag 9. mai, ein semifinale torsdag 11. mai og finalen laurdag 13. mai. Dei tre framsyningane vart haldne i M&S Bank Arena og vart overførte direkte til alle deltakarlanda og andre land som kjøpte senderettane. Programleiarar for alle sendingane var den britiske songaren Alesha Dixon, den ukrainske songaren Julija Sanina og den britiske skodespelaren Hannah Waddingham, med tv-programleiar Graham Norton som fjerde programleiar i finalen.[4]
I Eurovision Song Contest 2023 deltok 37 land, tre færre enn året før, og det laveste talet med deltakarland sidan 2014. Bulgaria, Montenegro og Nord-Makedonia stod over over av økonomiske årsaker.[2] Av deltakerlanda måtte 31 land gjennom éin av dei to semifinalane, der 20 av dei kvalifiserte seg til finalen. I tillegg deltok vertslandet Storbritannia og resten av de fem «store landa» i finalen, i tillegg til vinnarlandet året før, Ukraina, slik at finalefeltet består av 26 land. Vinnaren vart kåra av fagjuryar og sjåarar. Kvart deltakarland gav to sett med 1–8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittland: eit poengsett frå den nasjonale fagjuryen, og eitt frå den nasjonale telefonavrøystinga. Vinnaren var den som fekk flest poeng totalt.
Dette var niande gongen at Storbritannia arrangerte Eurovision Song Contest, etter sist å ha vore vertskap i Birmingham i 1998. Dette var også fyrste gongen sidan 1980 at Eurovision Song Contest vart arrangert i eit anna land enn føregåande vinnarland.[3]
Tevlinga vart vunnen av Sverige, med Loreen og låten «Tattoo». Dette var den sjuande sigeren til Sverige og andre gongen Loreen vann Eurovision Song Contest.[5][6] Finland, Israel, Italia og Noreg utgjorde resten av topp fem. Noreg deltok med Alessandra Mele og låten «Queen of Kings».
Bakgrunn
Val av vertsland
Ukraina vann Eurovision Song Contest 2022 med songen «Stefania» og bandet Kalush Orchestra. Gjennom sigeren sikra Ukraina seg retten til å arrangere Eurovision Song Contest i 2023.[7][8] Dette ville ha vore den tredje gongen landet hadde stått vertskap for Eurovision Song Contest, etter å ha arrangert utgåvene i 2005 og 2017.
Den pågåande krigen i landet sådde raskt tvil om Eurovision Song Contest kunne finne stad i Ukraina. Eit alternativ var at eit anna land steppa inn som arrangør, anten åleine eller saman med den ukrainske kringkastaren Suspilne. Fleire andre land tilbaud seg å ta på seg arrangørjobben, blant anna Italia,[9] Nederland,[10] Polen,[11] Spania[12] (som seinare trekte seg[13]), Storbritannia[14] og Sverige.[15] I tillegg antyda den britiske avisen The Guardian at EU førebudde eit bod om å organisere tevlinga i den belgiske hovudstaden Brussel, og den belgiske franskspråklege kringkastaren RTBF uttrykte seinare også interesse.[16][17]
To dagar etter sigeren i 2022 uttala styreleiaren i Suspilne, Mykola Tsjernotytskyj, at dei ønskte å arrangere Eurovision Song Contest i eit «fredfullt Ukraina». Han la til at Ukraina håpa å vere i stand til å garantere for tryggleiken til alle deltakarar og delegasjonar under arrangementet.[18] Samstundes uttala Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj at han ønskte Eurovision Song Contest kunne finne stad i krigsherja Mariupol.[19][20][21] Den ukrainske kringkastaren Suspilne og EBU byrja 20. mai 2022 diskusjonar rundt vertsrolla og gjennomføringa av Eurovision Song Contest 2023.[22][23][24] Mykola Povoroznyk, fyrste nestleiar i statsadministrasjonen i Kyiv by, sa 26. mai 2022 at Kyiv var klår for å vere vertsby dersom Ukraina skulle arrangere tevlinga.[25]
Ukraina vert utelate som vertsland
Ukraina jobba i fleire veker for at Eurovision Song Contest skulle haldast i landet,[26] men 17. juni 2022 kunngjorde EBU at Eurovision Song Contest 2023 ikkje skulle haldast i Ukraina.[27] Årsaka var den rådande tryggleikssituasjonen i landet som følgje av krigen.[28] Avgjerda vart møtt med skuffelse i Ukraina, og fleire politikarar og ukrainske artistar bad EBU å gjere om avgjerda.[29][30][31] Dette vert den fyrste gongen sidan 1980 at Eurovision Song Contest skal haldast i eit anna land enn i vinnarlandet frå året før.[22]
EBU tilbaud i staden arrangementet til Storbritannia, som vart nummer to i 2022. Kringkastingsunionen byrja i juni samtalar med den britiske kringkastaren BBC, og 25. juli 2022 stadfesta EBU at britane skulle arrangere tevlinga.[32] Men arrangementet skal få eit visst ukrainsk preg, og BBC skal samarbeide med den ukrainske kringkastaren Suspilne. Ukraina var også direktekvalifisert til finalen i 2023.[32]
Dette var den niande gongen at Storbritannia arrangerer Eurovision Song Contest.[33] BBC har fire gongar tidlegare steppa inn som reserve-arrangør: i 1960, 1963, 1972 og 1974.[1]
Den offisielle vertsby-prosessen byrja i slutten av juli, og prosessen var todelt:[34] fyrst måtte aktuelle kandidatar innfri ei rekkje krav som viste at dei hadde kapasitet til og erfaring med å handtere eit arrangement av denne storleiken. Til saman melde 20 britiske byar si interesse, og 12. august kunngjorde BBC ei kortliste med sju potensielle vertsbyar.[35][36][37] I vekene etter vurderte BBC og EBU dei sju kandidatane, og 27. september annonserte BBC at valet stod mellom Glasgow og Liverpool.[38] Valet fall til slutt på Liverpool, og valet vart offentleggjort av Graham Norton under ei direktesending 7. oktober 2022.[1][39]
Format
Produksjon
Dei tre showa i Eurovision Song Contest 2023 fann stad i M&S Bank Arena. På grunn av dei strenge annonsør- og reklamereglane til EBU, omtalte BBC og EBU arenaen som Liverpool Arena. Fleirbruksarenaen har plass til opptil 11 000 publikummarar, og ligg sentralt i Liverpool. Tevlinga vart produsert av den britiske ålmennkringkastaren BBC gjennom det kommersielle dotterselskapet BBC Studios.[37] I prosessen samarbeidde BBC tett med den ukrainske ålmennkringkastaren Suspilne for å setje eit ukrainsk preg på dei tre sendingane.
Det øvste produksjonsteamet består av Martin Green som dagleg leiar, Rachel Ashdown som prosjektansvarleg, Andrew Cartmell som ansvarleg produsent, Lee Smithurst som showsjef, Twan van de Nieuwenhuijzen som tevlingssjef for BBC og James O'Brien som produksjonssjef.[40][41] Martin Österdahl er tevlingssjef i EBU og øvste ansvarleg for tevlinga.[42]
Programleiarar
BBC kunngjorde 22. februar at dei tre sendingane skulle leiast av den britiske songaren Alesha Dixon, den ukrainske songaren Julija Sanina og den britiske skodespelaren Hannah Waddingham.[4] Den irske tv-programleiaren og BBC-kommentatoren Graham Norton vert den fjerde programleiaren i finalen.[4]
I tillegg til dei fire programleiaren fungerte den ukrainske Eurovision-kommentatoren Timur Mirosjnytsjenko som utegåande reporter i Liverpool undervegs i veka, og under de tre sendingane. Han leia også opningsseremonien saman med den britiske tv-personlegdomen og tidlegare landhockeyspelaren Sam Quek.[4]
Visuelt design
I samband med kunngjeringa av Liverpool som vertsby, avduka EBU samstundes den generiske logoen til Eurovision Song Contest.[43] I logoen er V-en i Eurovision forma som eit hjarte, og inni hjartet er vanlegvis flagget til vertsnasjonen. I 2023-logoen har hjartet derimot det ukrainske flagget for å markere at landet vann tevlinga året før. Under logoen står det «United Kingdom» (Storbritannia) og på botnen «Liverpool 2023».[44]
Innspelt bakgrunnsvokal
For tredje år på rad opna EBU for at deltakerlanda kunne bruke førehandsinnspelt bakgrunnsvokal. Dette var valfritt, og landa kunne velgje å bruke støttevokalistar eller ein kombinasjon av både direkte og førehandsinnspelt bakgrunnsvokal. All hovudvokal måtte fortsatt framførast direkte på scena under sendingane.[45]
Endringar i avrøystinga
Juryane fjernast i semifinalene
EBU offentleggjorde 22. november 2022 fleire store endringar i røystesystemet for Eurovision Song Contest i 2023.[46][47][48] Fagjuryane vert fjerna i semifinalane, og dimed vert det sjåarane åleine som avgjer resultatet i semifinalane gjennom telefonavrøysting, slik systemet var mellom 2004 og 2007. Endringane vert gjort på bakgrunn av erfaringane frå 2022, då EBU vedtok å annullere juryrøystene til seks land etter at dei hadde røysta påfallande likt i semifinalen.[49] Det nye systemet skal hindre liknande hendingar i framtida.[50]
I finalen vart resultatet framleis avgjort av sjåarane og fagjurygruppene i deltakarlanda, slik det hadde vore sidan finalen i 2009. I finalen gav sjåarane og fagjuryen i kvart land eit sett kvar med 1–8, 10 og 12 poeng, slik det har vore gjort siden 2016.
Juryane skulle likevel røyste i semifinalane som ei reserveløysing. Desse juryrøystene skulle berre brukast dersom eit land av tekniske eller praktiske årsaker ikkje kunne gjennomføre ei telefonavrøysting i semifinalen. Dersom eit land ikkje fekk gjennomført telefonavrøysting i finalen, vart poenga frå den nasjonale jurygruppa dobla som erstatning.[50] Dimed gjekk EBU bort frå den forrige ordninga der ein rekna eit lands manglande telefonrøyster ut frå sjåarpoenga til land med liknande røystehistorikk. Dersom EBU valde å annullere eit lands juryrøyster i finalen, ville landets telefonrøyster bli dobla som erstatning. Om eit land ikkje kunne levere gyldige telefon- eller juryrøyster, ville EBU rekne poenga til landet ut frå røystene til land med liknande røystehistorikk.[50][51]
Internasjonal sjåarjury
I tillegg fekk sjåarar i ikkje-deltakande land moglegheit til å røyste via internett under alle tre showa. Det gjorde dei på ein sikker nettplattform der dei bekrefta identiteten sin med kreditt- eller debetkort frå sitt land.[46] Internettrøystene vart registrerte som «resten av verda» og utgjorde eit poengsett. Sjåarane frå ikkje-deltakande land gav dimed 1–8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittar. Det var ingen «resten av verda»-fagjury. I finalen var det difor eit poengsett meir frå sjåarane enn frå juryane, noko som gjorde at sjåarane fekk ei lite overvekt på finaleresultatet med 50,6 prosent.[50]
Deltakande land
Følgjande 37 land deltok i Eurovision Song Contest 2023. Av desse var seks land direktekvalifiserte til finalen, mens dei resterande 31 landa deltik i ein av dei to semifinalane.[2] Dei 31 semifinalistene vart fordelte på to semifinalar som vart arrangert tysdag 9. mai og torsdag 11. mai. Begge sendingane byrja 21.00 sentraleuropeisk sommartid (klokka 20 lokal tid).[1] Dei ti beste landa frå kvar semifinale kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai. Kva for nokre land som deltok i kva for ein av semifinalane, vart avgjort i ei loddtrekking i Liverpool 31. januar 2023.[52][53] Endeleg startrekkefølgje vart avgjord av produsentane av showet etter at alle bidraga var klåre i midten av mars 2023.
Semifinale 1
Femten land deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2023 klokka 21:00 CEST. Dei ti beste bidraga kvalifiserte seg til finalen. Dei førehandskvalifiserte landa Frankrike, Italia og Tyskland framførte og røysta i denne semifinalen.[54]
Semifinale 2
Seksten land deltok i den andre semifinalen torsdag 11. mai 2023 klokka 21:00 CEST. Dei ti beste bidraga kvalifiserte seg til finalen. Dei førehandskvalifiserte landa Spania, Storbritannia og Ukraina framførte og røysta i denne semifinalen.[54]
Finalen
Finalen fann stad laurdag 13. mai 2023 klokka 21.00 sentraleuropeisk sommartid (klokka 20.00 lokal tid).[1] I finalen deltok 26 land: de fem store landa (inkludert vertslandet Storbritannia), fjorårsvinnar Ukraina, dei ti beste frå den fyrste semifinalen og dei ti beste frå den andre semifinalen. Alle deltakerlanda røysta i finalen.[32][93]
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.