Eurovision Song Contest 2014
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eurovision Song Contest 2014 (ESC 2014), offisielt 59. Eurovision Song Contest, var den 59. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i B&W Hallerne i København i Danmark, med semifinalar 6. og 8. mai og finale 10. mai 2014.[1] Programleiarane var Lise Rønne, Nikolaj Koppel og Pilou Asbæk. For fyrste gong vart programleiartrioen sett saman av to menn og éin kvinne.[2]
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Eurovision Song Contest 2014 | ||||
---|---|---|---|---|
#JoinUs | ||||
![]() | ||||
|
||||
Dato | ||||
Semifinale 1 | 6. mai 2014 | |||
Semifinale 2 | 8. mai 2014 | |||
Finalen | 10. mai 2014 | |||
Vertskap | ||||
|
||||
|
||||
|
||||
Varigskap | ||||
Opningsnummer | ||||
Pausenummer | ||||
Bidrag | ||||
|
||||
|
||||
|
||||
|
||||
Kart | ||||
![]() | ||||
██ Valt artist og/eller song██ Ynskjer å delta██ Aldri delteke/ynskjer ikkje å delta | ||||
Røysting | ||||
|
||||
Eurovision Song Contest | ||||
|
Datoane for tevlinga vart fyrst sett til 13., 15. og 17. mai, men vart seinare endra av DR i samband med Den europeiske kringkastingsunionen.[1][3]
Det danske kongehuset vart representert av kronprins Frederik av Danmark, kronprinsesse Mary av Danmark, prins Christian av Danmark, prinsesse Isabella av Danmark, prins Vincent av Danmark og prinsesse Josephine av Danmark, som gjestar under finalen. Mary, Christian og Isabella var òg med under familieprøvane til den andre semifinalen, der den australske kringkastaren SSB hadde fått høve til å stå for pauseunderhaldninga. Dei valde truleg å vitja denne semifinalen på grunn av at kronprinsessa kjem frå Australia.[4]
Montenegro og San Marino kvalifiserte seg til finalen for fyrste gong sidan debutane i høvesvis 2007 og 2008.
Hendingar
Krimhalvøya
Etter Den ukrainske revolusjonen i 2014, Den russiske militærinvasjonen i Ukraina i 2014 og Krimkrisen 2014, som enda med Russland si annektering av Krimhalvøya, vart det stadfesta av Den europeiske kringkastingsunionen og DR i slutten av april 2014 at røystene frå Krimhalvøya vil verte rekna som ukrainske på grunn av teleoperatørane i område.[5][6]
Semifinale 1
Den fyrste semifinalen vil verte kringkasta 6. mai frå B&W Hallerne i København. Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 % sjåarrøyster og 50 % juryrøyster som har fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen, og tre av dei direktekvalifiserte landa som kan røyste i denne semifinalen, vil kvalifisere seg til finalen. Danmark, Frankrike og Spania må kringkaste og kan røyste i denne semifinalen. EBU vil kunngjøre poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som skal røyste ikkje skal verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.
# | Land | Artist | Song | Språk | Låtskrivar | Poeng | Plass |
---|---|---|---|---|---|---|---|
01 | ![]() | Aram MP3 | «Not Alone» | Engelsk | Aram Sargsyan og Garik Papoyan | 4 | 121 |
02 | ![]() | Aarzemnieki | «Cake to Bake» | Engelsk og latvisk | Guntis Veilands | 13 | 33 |
03 | ![]() | Tanja | «Amazing» | Engelsk | Timo Vendt og Tatjana Mihhailova | 12 | 36 |
04 | ![]() | Sanna Nielsen | «Undo» | Engelsk | Fredrik Kempe, David Kreuger og Hamed «K-One» Pirouzpanah | 2 | 131 |
05 | ![]() | Pollapönk | «Enga fordóma» | Islandsk og engelsk | Heiðar Örn Kristjánsson og Haraldur F. Gíslason | 8 | 61 |
06 | ![]() | Hersi Matmuja | «One Night´s Anger» | Engelsk | Genti Lako og Jorgo Papingji | 15 | 22 |
07 | ![]() | Tolmachevy Sisters | «Shine» | Engelsk | Philip Kirkorov, Dimitris Kontopoulos, John Ballard, Ralph Charlie og Gerard James Borg. | 6 | 63 |
08 | ![]() | Dilarə Kazımova | «Start a Fire» | Engelsk | Stefan Örn, Johan Kronlund og Alessandra Günthardt | 9 | 57 |
09 | ![]() | Marija Jaremtjuk | «Tick-Tock» | Engelsk | Marija Jaremtjuk | 5 | 118 |
10 | ![]() | Axel Hirsoux | «Mother» | Engelsk | Ashley Hicklin og Rafael Artesero | 14 | 28 |
11 | ![]() | Cristina Scarlat | «Wild Soul» | Engelsk | Ivan Aculov og Lidia Scarlat | 16 | 13 |
12 | ![]() | Valentina Monetta | «Maybe» | Engelsk | Ralph Siegel og Mauro Balestri | 10 | 40 |
13 | ![]() | Suzy | «Quero ser tua» | Portugisisk og engelsk | Emanuel | 11 | 39 |
14 | ![]() | The Common Linnets | «Calm After The Storm» | Engelsk | Ilse DeLange, JB Meijers, Rob Crosby, Matthew Crosby og Jake Etheridge | 1 | 150 |
15 | ![]() | Sergej Ćetković | «Moj svijet» | Montenegrinsk | Sergej Ćetković og Emina Jahović | 7 | 63 |
16 | ![]() | Kállay-Saunders | «Running» | Engelsk | András Kállay-Saunders, Krisztián Szakos og István Tabár | 3 | 127 |
Semifinale 2
Den andre semifinalen vil verte kringkasta 8. mai frå B&W Hallerne i København. Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 % sjåarrøyster og 50 % juryrøyster som har fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen, og to av dei direktekvalifiserte landa som kan røyste i denne semifinalen, vil kvalifisere seg til finalen. Italia, Storbritannia og Tyskland må kringkaste og kan røyste i denne semifinalen. EBU vil kunngjøre poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som skal røyste ikkje skal verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.
# | Land | Artist | Song | Språk | Låtskrivar | Poeng | Plass |
---|---|---|---|---|---|---|---|
01 | ![]() | Firelight | «Coming Home» | Engelsk | Richard Micallef | 9 | 63 |
02 | ![]() | Mei Feingold | «Same Heart» | Hebraisk og engelsk | Rami Talmid | 14 | 19 |
03 | ![]() | Carl Espen | «Silent Storm» | Engelsk | Josefin Winther | 6 | 77 |
04 | ![]() | Mariko Ebralidze & The Shin | «Three Minutes To Earth» | Engelsk | Zaza Miminoshvili og Eugen Eliu | 15 | 15 |
05 | ![]() | Donatan & Cleo | «My Słowianie» | Polsk og Engelsk | Donatan og Cleo | 8 | 70 |
06 | ![]() | Conchita Wurst | «Rise Like A Phoenix» | Engelsk | Charley Mason, Joey Patulka, Ali Zuckowski og Julian Maas | 1 | 169 |
07 | ![]() | Vilija Matačiūnaitė | «Attention» | Engelsk | Viktoras Vaupšas og Vilija Matačiūnaitė | 11 | 36 |
08 | ![]() | Softengine | «Something Better» | Engelsk | Topi Latukka og Henri Oskár | 3 | 97 |
09 | ![]() | Can-linn feat. Kasey Smith | «Heartbeat» | Engelsk | Hazel Kaneswaran, Jonas Gladnikoff, Rasmus Palmgren og Patrizia Helander | 12 | 35 |
10 | ![]() | TEO | «Cheesecake» | Engelsk | Yuri Vaschuk og Dmitry Novik | 5 | 87 |
11 | ![]() | Tijana Dapčević | «To the Sky» | Engelsk | Darko Dimitrov, Lazar Cvetkoski og Elena Risteska | 13 | 33 |
12 | ![]() | SEBalter | «Hunter of Stars» | Engelsk | Sebastiano Paulessi | 4 | 92 |
13 | ![]() | Freaky Fortune feat. Riskykidd | «Rise Up» | Engelsk | Freaky Fortune og Riskykidd | 7 | 74 |
14 | ![]() | Tinkara Kovač | «Spet/Round and Round» | Engelsk og slovensk | Raay, Tinkara Kovač, Hannah Mancini og Tina Piš | 10 | 52 |
15 | ![]() | Paula Seling & Ovi | «Miracle» | Engelsk | Ovidiu Cernăuțeanu, Phillip Halloun, Victor Forberg Skogberg og Frida Amundsen | 2 | 125 |
Finalen
Finalen vil verte kringkasta 10. mai 2014 frå B&W Hallerne i København. Berre «dei fem store», som er sett saman av Frankrike, Spania, Storbritannia, Tyskland og Italia, og vertslandet Danmark er direktekvalifisert til finalen. I tillegg til desse fekk dei 20 beste frå dei to semifinalane delta.
# | Land | Artist | Song | Språk | Låtskrivar | Poeng | Plass |
---|---|---|---|---|---|---|---|
01 | ![]() | Marija Jaremtjuk | «Tick-Tock» | Engelsk | Marija Jaremtjuk | 6 | 113 |
02 | ![]() | TEO | «Cheesecake» | Engelsk | Yuri Vaschuk og Dmitry Novik | 16 | 43 |
03 | ![]() | Dilarə Kazımova | «Start a Fire» | Engelsk | Stefan Örn, Johan Kronlund og Alessandra Günthardt | 22 | 33 |
04 | ![]() | Pollapönk | «Enga fordóma» | Islandsk og engelsk | Heiðar Örn Kristjánsson og Haraldur F. Gíslason | 15 | 58 |
05 | ![]() | Carl Espen | «Silent Storm» | Engelsk | Josefin Winther | 8 | 88 |
06 | ![]() | Paula Seling & Ovi | «Miracle» | Engelsk | Ovidiu Cernăuțeanu, Phillip Halloun, Victor Forberg Skogberg og Frida Amundsen | 12 | 72 |
07 | ![]() | Aram MP3 | «Not Alone» | Engelsk | Aram Sargsyan og Garik Papoyan | 4 | 174 |
08 | ![]() | Sergej Ćetković | «Moj svijet» | Montenegrinsk | Sergej Ćetković og Emina Jahović | 19 | 37 |
09 | ![]() | Donatan & Cleo | «My Słowianie» | Polsk og Engelsk | Donatan og Cleo | 14 | 62 |
10 | ![]() | Freaky Fortune feat. Riskykidd | «Rise Up» | Engelsk | Freaky Fortune og Riskykidd | 20 | 35 |
11 | ![]() | Conchita Wurst | «Rise Like A Phoenix» | Engelsk | Charley Mason, Joey Patulka, Ali Zuckowski og Julian Maas | 1 | 290 |
12 | ![]() | Elaiza | «Is It Right» | Engelsk | Elżbieta Steinmetz og Frank Kretschmer | 18 | 39 |
13 | ![]() | Sanna Nielsen | «Undo» | Engelsk | Fredrik Kempe, David Kreuger og Hamed «K-One» Pirouzpanah | 3 | 218 |
14 | ![]() | Twin Twin | «Moustache» | Fransk, engelsk og spansk | Pierre Beyres, Kim N'Guyen, Lorent Idir og François Ardouvin | 26 | 2 |
15 | ![]() | Tolmachevy Sisters | «Shine» | Engelsk | Philip Kirkorov, Dimitris Kontopoulos, John Ballard, Ralph Charlie og Gerard James Borg. | 7 | 89 |
16 | ![]() | Emma Marrone | «La mia città» | Italiensk | Emma Marrone | 21 | 33 |
17 | ![]() | Tinkara Kovač | «Spet/Round and Round» | Engelsk og slovensk | Raay, Tinkara Kovač, Hannah Mancini og Tina Piš | 25 | 9 |
18 | ![]() | Softengine | «Something Better» | Engelsk | Topi Latukka og Henri Oskár | 11 | 72 |
19 | ![]() | Ruth Lorenzo | «Dancing in the Rain» | Engelsk og spansk | Ruth Lorenzo, Jim Irvin og Julian Emery | 9 | 74 |
20 | ![]() | SEBalter | «Hunter of Stars» | Engelsk | Sebastiano Paulessi | 13 | 64 |
21 | ![]() | Kállay-Saunders | «Running» | Engelsk | András Kállay-Saunders, Krisztián Szakos og István Tabár | 5 | 143 |
22 | ![]() | Firelight | «Coming Home» | Engelsk | Richard Micallef | 23 | 32 |
23 | ![]() | Basim | «Cliche Love Song» | Engelsk | Basim, Lasse Lindorff, Kim Nowak-Zorde og Daniel Fält | 9 | 74 |
24 | ![]() | The Common Linnets | «Calm After The Storm» | Engelsk | Ilse DeLange, JB Meijers, Rob Crosby, Matthew Crosby og Jake Etheridge | 2 | 238 |
25 | ![]() | Valentina Monetta | «Maybe» | Engelsk | Ralph Siegel og Mauro Balestri | 24 | 14 |
26 | ![]() | Molly | «Children of the Universe» | Engelsk | Molly Smitten-Downes | 17 | 40 |
Tidlegare deltakarar
San Marino – Valentina Monetta representerte San Marino i 2012 og 2013.
Makedonia – Støttevokalisten Tamara Todevska representerte Makedonia i 2008.
Romania – Paula Seling og Ovi representerte Romania i 2010, og vil verte den fyrste duoen som deltek to gonger i tevlinga.
Sverige – Låtskrivaren Fredrik Kempe representerte Sverige i 2008, 2009 og 2011 og Noreg i 2010; alle gongane som låtskrivar.
Andre land
Andorra – Ràdio i Televisió d'Andorra informerte ein Eurovision-nettstad om at landet ikkje ville delta på grunn av finansielle grunnar.[7]
Bulgaria – Bŭlgarska natsionalna televiziya annonserte fyrst at Bulgaria ville delta, men 22. november 2013 annonserte dei at landet ikkje ville delta på grunn av budsjettkutt og finansielle grunnar.
Kroatia – Hrvatska radiotelevizija annonserte 19. september 2013 at Kroatia ikkje ville delta på grunn av Eurokrisa, og dårlege resultat i tevlinga mellom 2010 og 2013. Siste gong Krotia kvalifiserte seg til finalen var i 2009.
Kypros – 3. oktober 2013 annonserte Padiofonikó Ídruma Kúprou at Kypros ikkje vil delta på grunn av det kypriotiske folket sin meining om Den kypriotiske finanskrisa 2012-13 og økonomiske restriksjonar. Ein annan kypriotisk kringkastar, Sigma TV, gav Padiofonikó Ídruma Kúprou eit tilbod om å sponsing og visekonsernsjefen i kanalen sa: «Me er viljuge til å produsere den nasjonale uttakinga og gje ut pengar til naudsynte utgifter for songen og songaren, slik som MAD TV gjorde for Hellas i fjor... Det er aldri for seint for Padiofonikó Ídruma Kúprou å endra meining, det er endå tid».[8]
Tsjekkia – Česká televize stadfesta 30. september 2013 at Tsjekkia ikkje vil delta på grunn av låge sjåartal og dårlege resultat tidlegare i tevlinga.[9]
Hellas – Den greske regjeringa har stengd Ellinikí Radiofonía Tileórasi, noko som gjorde framtida til Hellas i tevlinga utrygg.[10] The Event Supervisior of the Eurovision Song Contest sa fylgjane om Hellas deltaking: «EBU vil gjere sitt beste for å få Hellas med, gitt det faktum av den spesielle hending». Det vart òg sagt at den greske regjeringa må skipa ein ny kringkastar, Néa Ellinikí Padiofonía, Ínternet kai Tileópasi, for at landet skal ha høve til å delta.[11] Dimosia Tileorasi, ein førebels kanal, informerte til ESCToday.com at landet mest sannsynleg vil delta i tevlinga.[12] 22. november 2013 stadfesta Hellas at dei ville delta.[13]
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.