Albansk
indoeuropeisk språk From Wikipedia, the free encyclopedia
indoeuropeisk språk From Wikipedia, the free encyclopedia
Albansk er eit indoeuropeisk språk tala av meir enn seks millionar menneske, hovudsakleg i Albania og Kosovo og i nærområda. Språket utgjer ei eiga grein innan dei indoeuropeiske språka, og stammar truleg frå ein dialekt av illyrisk som blei tala på Balkan i antikken.
albansk shqip, gjuha shqipe ('albansk språk') | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Albansk | |
Talarar | albanarar | |
Bruk | ||
Tala i | Albania, Kosovo, Nord-Makedonia, Montenegro, Serbia, Italia | |
Område | Søraust-Europa | |
albansktalande i alt | 6 000 000[1] | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Albania Nord-Makedonia | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | sq | |
ISO 639-3 | sqi
| |
Wikipedia på albansk |
Dei fleste albansktalande bur på Balkanhalvøya, søraust i Europa. Albansk er offisielt språk i Albania og Kosovo, og har offisiell status i Nord-Makedonia, Montenegro og Serbia. Ei form av språket, arabëresh vert også tala av nokre få i Calabria-området sør i Italia. I tillegg finst det albansktalande grupper i Hellas og Tyrkia, og i land albanarar har utvandra til, som Sverige, Tyskland og USA.
Det finst to hovuddialektar av albansk: Gegisk (gegë) som blir tala nord for elva Shkumbin, og toskisk (toskë) som blir tala i Sør-Albania, Hellas, Italia og Tyrkia. Språket har ei mengd lånord frå gresk, tyrkisk, romanske og slaviske språk.
Albansk er eit SVO-språk med fem kasus: Nominativ, akkusativ, dativ, genitiv og ablativ.
Ein har brukt ulike skriftsystem for å skriva språket sidan dei første skriftlege kjeldene frå 1400-talet. Toskiske dialektar blei opphavleg skrivne med greske bokstavar medan gegiske blei skrivne med latinske bokstavar. Under osmansk påverknad blei også begge dialektane skrivne med den tyrkiske versjonen av arabisk skrift. Ein har også brukt kyrillisk skrift og nokre lokale alfabet. Den noverande bruken av det latinske alfabetet blei fastsett ved Monastir-kongressen i 1908. Alfabetet byggjer på det latinske med tilleggsbokstavane ë, ç og ni digrafar (dh, gj, ll, nj, rr, sh, th, xh, zh).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.