From Wikipedia, the free encyclopedia
Litauen debuterte i Eurovision Song Contest i 1994 og har delteke 23 gongar i tevlinga. Litauen har aldri vunne Eurovision Song Contest og har nådd topp ti ved tre anledningar: ein sjetteplass i 2006, ein niandeplass i 2016 og ein åttandeplass i 2021. Etter innføringa av semifinalar i 2004, har Litauen kvalifisert seg til finalen 12 av 19 gongar.[1]
Det er den litauiske ålmennkringkastaren Lietuvos nacionalinis radijas ir televizija (LRT) som sender Eurovision Song Contest i Litauen, og som vel det litausike bidraget til tevlinga. I 1994 deltok Litauen i Eurovision Song Contest for fyrste gong, med Ovidijus Vyšniauskas og songen «Lopšinė mylimai». Songen og artisten var valde internt av tv-kanalen, men sidan har alle litauiske bidrag blitt kåra gjennom ein nasjonal finale. Litauen fekk ein verst tenkeleg start då «Lopšinė mylimai» kom heilt sist utan poeng i Dublin i Irland.
Etter sisteplassen heldt landet seg borte frå tevlinga, men returnerte i 1999 med Aistė og songen «Strazdas». Ho framførte bidraget på samogitisk, ei litauisk dialekt. Ho vart berre nummer 20 av 23, og dimed måtte Litauen stå over tevlinga i 2000. Eit middels resultat i 2001 og ein nest sisteplass i 2002 førte til at Litauen måtte stå over tevlinga i 2003.
Frå 2004 deltok Litauen i semifinalar og kom på sisteplass i semifinalen i 2005. Året etter kvalifiserte Litauen seg for fyrste gong med gruppa LT United og «We Are the Winners». Låten kom på ein sjetteplass, noko som framleis er den beste plasseringa til Litauen i Eurovision Song Contest. Sidan har resultata til Litauen svinga, og Litauen kvalifiserte seg ikkje til finalen i 2008, 2010 og 2014. I 2016 fekk Litauen sin til då nest beste plassering, då Donny Montell sang Litauen inn til ein niandeplass med «I've Been Waiting for This Night». Denne plasseringa vart slegen av The Roop i 2021, som fekk ein åttandeplass med «Discoteque».
Med unntak av 1994 har Litauen valt ut sine bidrag gjennom ein nasjonal finale. Frå 2013 til 2019 vart dei litauiske bidraga valde gjennom den nasjonale finalen "Eurovizijos" dainų konkurso nacionalinė atranka (Eurovision Song Contest, nasjonal utveljing). Gjennom denne utveljinga vart Litauen etter kvart kjent for sine lange og kronglete uttakingar; i 2015 var det åtte show før vinnaren vart kåra, og i 2016 var det heile ti show.[2] Dette vekte også oppsikt i Noreg, og under norske Melodi Grand Prix 2016 viste NRK direktebilete frå den åttande litauiske delfinalen, som gjekk samstundes som den norske finalen.[3] Sidan 2020 har dei litauiske bidraga verte valde gjennom den nasjonale finalen Pabandom iš naujo! (Vi prøver igjen!).[4]
År | Artist | Song | Språk | Finalen | Semifinalen | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Poeng | Plass | Poeng | Plass | ||||
1994 | Ovidijus Vyšniauskas | «Lopšinė Mylimai» | Litauisk | 0 | 25 | Ingen semifinalar | |
Deltok ikkje 1995–1998 | |||||||
1999 | Aistė | «Strazdas» | Samogitisk | 13 | 20 | ||
2000 | Deltok ikkje | ||||||
2001 | SKAMP | «You Got Style» | Engelsk og litauisk | 35 | 13 | ||
2002 | Aivaras | «Happy You» | Engelsk | 12 | 23 | ||
2003 | Deltok ikkje | ||||||
2004 | Linas og Simona | «What's Happened To Your Love?» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | 26 | 16 | |
2005 | Laura and The Lovers | «Little By Little» | Engelsk | 17 | 25 | ||
2006 | LT United | «We Are the Winners» | Engelsk | 162 | 6 | 163 | 5 |
2007 | 4Fun | «Love or Leave» | Engelsk | 28 | 21 | Topp 10 året før | |
2008 | Jeronimas Milius | «Nomads in the Night» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | 30 | 16 | |
2009 | Sasha Son | «Love» | Engelsk og russisk | 23 | 23 | 66 | 9 |
2010 | InCulto | «Eastern European Funk» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | 44 | 12 | |
2011 | Evelina Sašenko | «C'est ma vie» | Engelsk og fransk | 63 | 19 | 81 | 5 |
2012 | Donny Montell | «Love Is Blind» | Engelsk | 70 | 14 | 104 | 3 |
2013 | Andrius Pojavis | «Something» | Engelsk | 22 | 17 | 53 | 9 |
2014 | Vilija Matačiūnaitė | «Attention» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | 36 | 11 | |
2015 | Monika Linkytė og Vaidas Baumila | «This Time» | Engelsk | 30 | 18 | 67 | 7 |
2016 | Donny Montell | «I've Been Waiting For This Night» | Engelsk | 200 | 9 | 222 | 4 |
2017 | Fusedmarc | «Rain of Revolution» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | 42 | 17 | |
2018 | Ieva Zasimauskaitė | «When We're Old» | Engelsk og litauisk | 181 | 12 | 119 | 9 |
2019 | Jurij Veklenko | «Run with the Lions» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | 93 | 11 | |
2020 | The Roop | «On Fire» | Engelsk | Avlyst | |||
2021 | The Roop | «Discoteque» | Engelsk | 220 | 8 | 203 | 4 |
2022 | Monika Liu | «Sentimentai» | Litauisk | 128 | 14 | 159 | 7 |
2023 | Monika Linkytė | «Stay» | Engelsk og litauisk | 127 | 11 | 110 | 4 |
2024 | Silvester Belt | «Luktelk» | Litauisk |
Oversikt over poeng til og frå Litauen i finalar og semifinalar sidan debuten i 1994. Tala er henta frå nettstaden ESC Database. Ved like mange poeng, blir landa rangerte etter kor mange prosent dei har gjeve av høgaste moglege oppnåeliee totalscore.[5]
|
|
År | Kommentator | Poengopplesar |
---|---|---|
1970 | Sendt i Sovjetunionen | Litauen deltok ikkje |
1971–1977 | Ikkje sendt | |
1978 | Sendt i opptak i Sovjetunionen | |
1979–1989 | Ikkje sendt | |
1990 | Sendt i Sovjetunionen | |
1991–1993 | Ikkje sendt | |
1994 | Darius Užkuraitis | Gitana Lapinskaitė |
1995 | Ikkje sendt | Litauen deltok ikkje |
1996 | ukjend | |
1997–1998 | Ikkje sendt | |
1999 | Darius Užkuraitis | Andrius Tapinas |
2000 | Litauen deltok ikkje | |
2001 | Loreta Tarozaitė | |
2002 | ||
2003 | Litauen deltok ikkje | |
2004 | Rolandas Vilkončius | |
2005 | ||
2006 | Lavija Šurnaitė | |
2007 | ||
2008 | Rolandas Vilkončius | |
2009 | Ignas Krupavičius | |
2010 | Giedrius Masalskis | |
2011 | ||
2012 | Ignas Krupavičius | |
2013 | ||
2014 | ||
2015 | Ugnė Galadauskaitė | |
2016 | ||
2017 | Darius Užkuraitis og Gerūta Griniūtė | Eglė Daugėlaitė |
2018 | ||
2019 | Giedrius Masalskis | |
2021 | Ramūnas Zilnys[6] | Andrius Mamontovas[7] |
2022 | Vaidotas Valiukevičius[8] | |
2023 | Monika Liu[9] |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.