litauisk songar og låtskrivar From Wikipedia, the free encyclopedia
Monika Linkytė (fødd 3. juni 1992) er ein litauisk songar og låtskrivar. Ho representerte Litauen i Eurovision Song Contest 2015 saman med Vaidas Baumila, og ho representerte Litauen i artisttevlinga New Wave 2014 og var finalist i sesong to av litauiske The Voice. Ho representerte Litauen på nytt i Eurovision Song Contest 2023 med songen «Stay».[1]
Linkytė blei fødd 3. juni 1992 i byen Gargždai, heilt vest i Litauen. Etter vidaregåande flytta ho til hovudstaden Vilnius for å ta helsestudium ved Vilnius universitet.[2] Ho slutta etter tre semester og byrja i 2014 på jusstudium ved same universitet. I 2016 flytta ho til London for å studere musikk ved British and Irish Modern Music Institute.[3]
Som 15-åring i 2007 deltok Linkytė i den litauiske uttakinga til Junior Eurovision Song Contest 2007. Ho vende tilbake til Eurovision i 2010 då ho deltok i den litauiske nasjonale finalen Eurovizija 2010 med låten «Give Away». Ho enda til slutt på tiandeplass i den litauiske finalen.[4][5] Sidan forsøkte ho seg på nytt i den litauiske uttakinga dei fire påfølgjande åra, men utan å vinne.
I 2013 deltok Linkytė i den andre sesongen av Lietuvos Balsas, den litauiske versjonen av The Voice. Ho blei nummer to i tevlinga. Ho blei nummer fire i den austeuropeiske artisttevlinga New Wave 2014. Året etter vann ho den litauiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2015 med låten «This Time[6]» saman med Vaidas Baumila.[7][8] I Eurovision i Wien kvalifiserte duoen seg til finalen, der han til slutt enda på 18. plass.[9]
Etter Eurovision gav Linkytė ut singelen «Po dangum» som selde til platina i Litauen.[10] Same haust slapp ho debutalbumet Walk with Me som også selde til platina.[10] Under den litausike musikkpris-utdelinga M.A.M.A. Awards for 2015 vann ho prisen for beste album og beste kvinnelege artist.[11] Hun blei nominert på nytt i kategorien beste kvinnelege artist i 2016.
I 2023 deltok Linkytė nok ein gong i den litauske Eurovision-uttakinga, Pabandom Iš Naujo!. Ho vann finalen 18. februar med låten «Stay», og fekk dimed representere Litauen i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[12] Der enda ho på ellevteplass i finalen.[13]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.