TuralTuranX

aserbajdsjansk tvillingpar og musikarduo From Wikipedia, the free encyclopedia

TuralTuranX

TuralTuranX er ein aserbajdsjansk musikkduo beståande av tvillingbrørne Tural og Turan Bağmanov (fødde 30. oktober 2000).[1] Dei representerte Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2023 med songen «Tell Me More».

Kjappe fakta Instrument ...
TuralTuranX
Thumb
Instrumentpiano
Lukk

Bakgrunn

Tural og Turan Bağmanov kjem frå Zaqatala i nordvestlege Aserbajdsjan. Brørne såg fyrste gong eit piano på skulen og blei så fascinert av det, at dei øvde og spelte på det i skjul.[1] Sidan kjøpte faren ein brukt synthesizer, og dei lærte seinare å spele gitar.[1] TuralTuranX byrja å opptre på skuleframsyningar og andre lokale arrangement. Då faren døydde, slutta dei med musikk for ein periode.[2]

Tural flytta seinare til hovudstaden Baku og skipa bandet TheRedJungle saman med ein ven. Raskt byrja også Turan å opptre i bandet.[1] Brørne opptredde også som gatemusikantar.[3]

Vinteren 2023 deltok TuralTuranX i den interne uttakinga til kringkastaren İctimai Televiziya for å velje representant og bidrag til Eurovision Song Contest 2023 for Aserbajdsjan.[4] Den 9. mars 2023 kunngjorde kringkastaren at han hadde valt brødreparet til å representere Aserbajdsjan. Dei deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai i Liverpool med songen «Tell Me More».[5] Songen enda nest sist i semifinalen med 4 poeng og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen 13. mai.[6]

Privatliv

Tural og Turan Bağmanov hadde to andre brør, Emin og Camal, som begge omkom i ei trafikkulukke i landsbyen Yuxarı Tala i 2015.[7]

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.