song frå 2023 med Joker Out From Wikipedia, the free encyclopedia
«Carpe Diem» (latin for ‘grip dagen’) er ein poprock-song frå 2023 med den slovenske gruppa Joker Out. Låten er skriven av gruppa sjølv og blei gjeven ut 4. februar 2023. Songen blei internt vald ut av den slovenske kringkastaren Radiotelevizija Slovenija til å representere Slovenia i Eurovision Song Contest 2023.
«Carpe Diem» Song av Joker Out | ||
Land | Slovenia | |
Språk | Slovensk | |
Utgjeve | 4. februar 2023 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 02:46 | |
Låtskrivar(ar) | Bojan Cvjetićanin, Jan Peteh, Jure Maček, Kris Guštin, Nace Jordan, Žarko Pak | |
---|---|---|
I desember kunngjorde den slovenske kringkastaren Radiotelevizija Slovenija at dei hadde vald poprock-bandet Joker Out til å representere landet i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[1][2]
Same månad spelte bandet inn låten i eit studio i Hamburg i Tyskland. Ifølgje gruppa sjølv foregjekk innspelinga over ein periode på tolv dagar.[3] Tittelen er latin for grip dagen, mens teksta ellers er på slovensk. Gruppa ønskjer å halde seg til slovensk, og uttalte i eit intervju at dei «vil omsetje slovensk til eit universelt språk av dans og underhalding, som alle land kan forstå».[4]
I januar 2023 blei musikkvideoen til «Carpe Diem» spelt inn i hovudstaden Ljubljana på Grand Hotel Union.[5] Songen hadde premiere 4. februar 2023 og blei fyrste gong framført under ei spesialsending på TV SLO 1. Songen blei samstundes sloppen for strøyming på YouTube.[6]
«Carpe Diem» var det slovenske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Songen deltok i den andre semifinalen torsdag 11. mai 2023. Der enda han på femteplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai.[7] Dette var fyrste gongen sidan 2019 at Slovenia nådde ein Eurovision-finale. I finalen enda bidraget på 21. plass med 78 poeng.[8]
Liste (2023) | Høgaste plassering |
---|---|
Finland (Suomen virallinen lista)[9] | 12 |
Hellas (IFPI)[10] | 68 |
Island (Plötutíðindi)[11] | 31 |
Kroatia (Billboard)[12] | 14 |
Latvia (LAIPA)[13] | 10 |
Litauen (AGATA)[14] | 4 |
Nederland (Single Tip)[15] | 15 |
Polen (Polish Streaming Top 100)[16] | 40 |
Slovenia (Radiomonitor)[17] | 1 |
Sverige (Sverigetopplistan)[18] | 4 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.