From Wikipedia, the free encyclopedia
Dette er ei oversikt over norske vêrrekordar. Oversikten tar for seg dei vanlegaste meteorologiske parametrane, mellom anna temperatur, nedbør og vind.
Alle rekordane er frå offisielle målestasjonar der dei fleste er eigd og driven av av Meteorologisk institutt. Ein del stasjoner vert drifta av andre aktørar (Jernbaneverket, NTNU, Bioforsk etc.) og leverer data til instituttet gjennom samarbeidsavtalar.
Listene er ajourførte per 12. september 2010.
Dei første offisielle vêrstasjonane vart oppretta på slutten av 1860-talet då Meteorologisk institutt var skipa. Sidan den gong har stasjonsnettet vakse mykje.
Per mai 2009 har met.no tilgang til data frå kring 230 vêrstasjoner på fastlandet. I tillegg kjem snautt 400 nedbørstasjonar (målestasjonar som berre måler nedbør).
Det vert stilt strenge krav til plassering av meteorologisk utstyr. I Noreg seier standarden at lufttemperatur skal målast to meter over grasdekt mark, der termometeret er plassert i ein kvitmåla strålingsskjerm, som har som hensikt å skjerme mot direkte solinnstråling. Skjermane har endre utsjånad ein god del dei siste 150 åra (sjå bileta).
Tidlegare vart temperaturen observert manuelt ved avlesing av termometer i instrumenthytta, men i seinare år har automatiseringa gjort dette mindre vanleg. Ved dei fleste vêrstasjonar vert temperaturen no målt elektronisk med motstandstermometer (laga av platina).[1]
Maks- og mininimumstemperatur
Maks- og minimumstemperaturen er respektive den høgaste og lågaste temperaturen som vert observert i løpet av eit temperaturdøgn. På manuelle vêrstasjonar finst det eigne termometer som registrerer høgaste og lågaste temperatur sidan siste nullstilling.
Middeltemperatur
Månadsmiddeltemperatur er gjennomsnittet av døgnmiddeltemperaturar for heile månaden. Tilsvarande er årsmiddeltemperatur eit gjennomsnittet av døgnmiddeltemperaturane gjennom eit heilt år.[2]
Met.no nyttar i all hovudsak to forskjellige nedbørsmålarar.[3]
Døgnnedbør
Døgnnedbør er den nedbørmengda som fell i løpet av eit nedbørdøgn. I Noreg går det offisielle nedbørdøgnet frå 06 UTC til 06 UTC neste dag.
Månads- og årsnedbør
Månadsnedbør er summen av alle døgnnedbørsmålingane i ein månad. Tilsvarande er årsnedbør summen for heile året.
Snødjupne vert målt på flatmark. Meteorologisk institutt nyttar to metodar for måling av snødjupne.
Den tradisjonelle (og mest brukte) metoden er å bruke ein målestav som vert sett i bakken før frosten. Denne vert avlest på eit fast tidspunkt i døgnet, vanlegvis kl. 06 UTC (kl. 7 norsk vintertid).[4]
Den moderne metoden tar i bruk avstandsmåling. Ein fastmontert sensor måler avstanden frå sensoren og ned til snøen. Denne avstanden vert trekt i frå høgda til sensoren over bakken. Prosessen skjer elektronisk og snødjupna kan slik overvakast kontinuerleg.
Middelvind (10 min.) og vindkast (3 sek.) vert registret normalt i 10 meters høgd i ope landskap.
Tidlegare vart alle vindobservasjonane gjort visuelt. Det vil sei at observatøren såg an vindsnøggleiken (middelvind) ved hjelp av ein versjon av Beauforts skala. Frå byrjinga av 1980-talet vart anemometer meir vanleg på norske vêrstasjonar. Med anemometer vart det òg mogeleg å registrere vindkast i tillegg til middelvind. Framleis finst det stasjonar som gjer vindobservasjonar visuelt.
Høgaste og lågaste offisielt registrerte lufttemperaturar i Noreg; månadsvis, fylkesvis og på årsbasis i perioden 1990 – d.d..
Månad | Temperatur (°C) | Stad | Dato | Temperatur (°C) | Stad | Dato |
---|---|---|---|---|---|---|
Januar | 17,9 | Tafjord, Møre og Romsdal | 28. januar 1998 | –51,4 | Karasjok, Finnmark | 1. januar 1886 |
Februar | 18,9 | Sunndalsøra, Møre og Romsdal | 23. februar 1990 | –50,6 | Karasjok, Finnmark | 4. februar 1881 |
Mars | 23,1 | Grimstad, Aust-Agder | 27. mars 2012 | –45,1 | Karasjok, Finnmark | 4. mars 1888 |
April | 27,0 | Sarpsborg, Østfold | 29. april 2000 | –36,5 | Karasjok, Finnmark | 9. april 1924 |
Mai | 31,3 | Flekkefjord, Vest-Agder | 30. mai 1908 | –25,0 | Čoavddatmohkki, Finnmark | 1. mai 1971 |
Juni | 35,6 | Nesbyen, Buskerud | 20. juni 1970 | –12,2 | Fannaråki, Sogn og Fjordane a | 20. juni 1938 |
Juli | 35,0 | Flekkefjord, Vest-Agder b | 13. juli 1897 | –8,3 | Fannaråki, Sogn og Fjordane c | 5. juli 1951 |
August | 35,0 | Staur forsøksgård, Hedmark d | 6. august 1975 | –9,3 | Karasjok, Finnmark | 29. august 1948 |
September | 28,5 | Austad, Vest-Agder e | 2. september 1906 | –16,5 | Dividalen, Troms | 30. september 1928 |
Oktober | 25,6 | Molde lufthamn, Møre og Romsdal | 11. oktober 2005 | –34,7 | Šihččajávri, Finnmark | 31. oktober 1942 |
November | 21,8 | Tafjord, Møre og Romsdal | 6. november 2003 | –41,8 | Karasjok, Finnmark | 28. november 1904 |
Desember | 18,3 | Sunndalsøra, Møre og Romsdal | 1. desember 1998 | –51,3 | Karasjok, Finnmark | 31. desember 1885 |
a) Tangert same stad 2. juni 1962. Fannaråki ligg på 2068 moh. Rekorden for busette strøk er –7,9 °C på Tynset i Hedmark 1. juni 1907.
b) Tangert same stad den 14. juli 1897, i Oslo 21. juli 1901 og Trondheim, Sør-Trøndelag 22. juli 1901.
c) Rekorden for busette strøk er –3,9 °C i Kautokeino i Finnmark 2. juli 1891.
d) Tangert av Drammen, Buskerud 3. august 1982.
e) Tangert av Meråker, Nord-Trøndelag 1. september 1957 og Drammen, Buskerud 3. september 1991.
a) Tangert same stad 14. juli 1897.
b) Høgaloft ligg på 1092 moh. Rekorden for busette strøk er –26,0 °C på Mo i Suldal 11. januar 1987.
c) Tangert av Bardufoss lufthamn og Mestervik 3. juli 1972.
Høgaste og lågaste offisielt registrerte månadsmiddeltemperaturer i Noreg; månadsvis og fylkesvis.
a) Òg på Lista fyr, Vest-Agder, Skudenes, Rogaland og Slåtterøy fyr, Hordaland.
b) Tangert i 2009 av Bergen - Florida, Hordaland.
c) Tangert same stad i 1952.
d) Tangert same stad i 1952.
e) Tangert i 2006 av Kvitsøy, Rogaland.
f) Tangert same stad i 1983.
g) Tangert same stad i 1942 og 1952.
a) Tangert av Drammen - Berskog i juli 2006.
b) Tangert av Vefall i Drangedal og Dalen i Telemark i juli 1955.
c) Tangert av Lyngør fyr i august 1947 og august 1997.
d) Tangert av Finse i desember 1981.
Internasjonal definisjon
Norske definisjonar
Månad | Nordiske sommardagar | Stad | År | Sommardagar | Stad | År | Tropedagar | Stad | År |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
April | 6 | Nesbyen, Buskerud | 1993 | 2 | Prestebakke, Østfold a | 1993 | |||
Mai | 21 | Blindern, Oslo | 1947 | 14 | Nesbyen, Buskerud | 1992 | 1 | Flekkefjord, Vest-Agder b | 1908 |
Juni | 30 | Gvarv, Telemark c | 1992 | 22 | Nesbyen, Buskerud | 1988 | 10 | Observatoriet, Oslo | 1889 |
Juli | 31 | Observatoriet, Oslo d | 1901 | 29 | Observatoriet, Oslo | 1901 | 18 | Observatoriet, Oslo | 1901 |
August | 31 | Flisa, Hedmark e | 1947 | 27 | Blindern, Oslo | 1947 | 10 | Nesbyen, Buskerud f | 1975 |
September | 16 | Skotterud, Hedmark | 1959 | 4 | Skotterud, Hedmark g | 1958 | |||
Oktober | 10 | Tafjord, Møre og Romsdal | 2005 | 1 | Tafjord, Møre og Romsdal h | 2000 | |||
November | 1 | Tafjord, Møre og Romsdal | 2003 | ||||||
a) Òg Fosser og Kongsberg same år.
b) Tangert av Kongsberg i 2000.
c) Òg Nelaug same år.
d) Tangert ei rekkje gonger seinare.
e) Òg Blindern og Kjevik same år. Rekorden er seinare tangert ei rekkje gonger, siste gong i 2002.
f) Òg Modum, Drammen og Gvarv same år.
g) Tangert av Skotterud, Kongsberg og Modum i 1959.
h) Tangert av Molde lufthamn, Høylandet og Hjelvik i 2005.
a) Tangert av Galleberg i Sande i 2006.
b) Òg Fjærland same år. Tangert same stad i 2006.
c) Tangert av Tennevoll i 1997.
d) Òg Sunndalsøra same år.
e) Òg Dividalen same år.
f) Tangert av Pasvik i 1972.
g) Òg Eidsberg og Rygge same år.
h) Tangert av Fornebu i 1975.
i) Òg Staur forsøksgård same år. Tangert av Magnor og Vinger i 1982.
j) Tangert av Lillehammer i 1975.
k) Tangert av Vossevangen i 2008.
l) Tangert same stad i 1994. Deretter tangert av Høylandet i 2002, Verdal i 2008 og Steinkjer i 2008.
m) Òg Dividalen same år.
n) Òg Kirkenes lufthamn same år.
a) Òg på Fornebu, Akershus og Værnes, Nord-Trøndelag.
b) Òg på Kirkenes lufthamn, Finnmark.
c) Òg på Høylandet, Nord-Trøndelag.
d) Òg på Kvamsøy, Hordaland.
e) Òg på Hønefoss/Drammen, Buskerud, Notodden lufthamn, Telemark og Saltdal, Nordland.
f) Òg på Notodden lufthamn, Telemark.
g) Òg på Aurskog, Akershus.
h) Òg på Gulsvik stasjon/Hønefoss, Buskerud og Vossevangen, Hordaland.
Tidlegaste tropenatt: 12. mai 1981, 20,3 °C i Bergen, Hordaland.
Seinaste tropenatt: 24. september 1938, 20,1 °C på Kråkenes fyr, Sogn og Fjordane.
Lista er ikkje komplett.
Månad | Soltimer | Stad | År |
---|---|---|---|
Januar | 108,3 | Blindern, Oslo | 1979 |
Februar | 153,1 | Kjevik, Vest-Agder | 1986 |
Mars | 233,3 | Sørnesset, Hedmark | 1964 |
April | 301,9 | Kjevik, Vest-Agder | 1974 |
Mai | 345,8 | Kjevik, Vest-Agder | 1991 |
Juni | 362,0 | Kjevik, Vest-Agder | 1974 |
Juli | 390,1 | Kjevik, Vest-Agder | 1955 |
August | 342,9 | Kjevik, Vest-Agder | 1995 |
September | 241,4 | Kjevik, Vest-Agder | 1959 |
Oktober | 165,5 | Blindern, Oslo | 2003 |
November | 110,8 | Lyngør fyr, Aust-Agder | 1988 |
Desember | 78,7 | Blindern, Oslo | 1975 |
År | 2107,2 | Kjevik, Vest-Agder | 1959 |
Månad | Nedbør (millimeter) | Stad | Dato |
---|---|---|---|
Januar | 206,0 | Grøndalen, Sogn og Fjordane | 11. januar 1992 |
Februar | 181,8 | Lurøy, Nordland | 14. februar 1961 |
Mars | 175,0 | Opstveit, Hordaland | 2. mars 1997 |
April | 143,5 | Samnanger, Hordaland | 10. april 1999 |
Mai | 134,6 | Sausvatnet, Nordland | 31. mai 1982 |
Juni | 165,5 | Lurøy, Nordland | 12. juni 1973 |
Juli | 155,6 | Lurøy, Nordland | 20. juli 1982 |
August | 173,2 | Mykland, Aust-Agder | 28. august 1939 |
September | 179,5 | Opstveit, Hordaland | 14. september 2005 |
Oktober | 184,6 | Takle, Sogn og Fjordane | 27. oktober 1995 |
November | 229,6 | Indre Matre, Hordaland a | 26. november 1940 |
Desember | 218,4 | Indre Matre, Hordaland | 6. desember 1955 |
a) Målaren rann over. Den faktiske døgnnedbøren kan såleis ha vore noko høgare.[16]
Fylke | Nedbør (millimeter) | Stad | Dato |
---|---|---|---|
Østfold | 96,6 | Trolldalen i Moss | 23. august 1988 |
Akershus | 95,0 | Dikemark i Asker | 5. oktober 1905[17] |
Oslo | 104,3 | Bjørnholt i Nordmarka | 29. august 1901 |
Hedmark | 149,5 | Magnor i Eidskog | 25. august 1996 |
Oppland | 109,1 | Tyinkrysset | 4. februar 1993 |
Buskerud | 113,2 | Heggelia i Nordmarka | 28. oktober 1959 |
Vestfold | 139,1 | Natvoll i Sandar | 25. august 1950[18] |
Telemark | 168,6 | Drangedal | 15. august 1896 |
Aust-Agder | 173,2 | Mykland | 28. august 1939 |
Vest-Agder | 159,2 | Bakke | 15. desember 1936 |
Rogaland | 190,0 | Jørpeland | 26. november 1940[19] |
Hordaland | 229,6 | Indre Matre i Kvinnherad a | 26. november 1940 |
Sogn og Fjordane | 207,8 | Hovlandsdal | 26. november 1940 |
Møre og Romsdal | 178,5 | Eide på Nordmøre | 18. september 1978 |
Sør-Trøndelag | 143,9 | Momyr i Åfjord | 31. januar 2006 |
Nord-Trøndelag | 129,5 | Brattingfoss i Verran | 25. november 1983 |
Nordland | 181,8 | Lurøy på Helgeland | 14. februar 1961 |
Troms | 110,1 | Kobberpollen på Skjervøy | 28. januar 1992 |
Finnmark | 98,5 | Lanabukt i Sør-Varanger | 21. juni 1977 |
a) Se kommentar over.
Månad | Nedbør (millimeter) | Stad | År |
---|---|---|---|
Januar | 1190 | Grøndalen, Sogn og Fjordane | Januar 1989 |
Februar | 833 | Samnanger, Hordaland | Februar 1998 |
Mars | 988 | Samnanger, Hordaland | Mars 1938 |
April | 677 | Hovlandsdal, Sogn og Fjordane | April 1922 |
Mai | 602 | Samnanger, Hordaland | Mai 1982 |
Juni | 567 | Samnanger, Hordaland | Juni 1961 |
Juli | 643 | Lurøy, Nordland | Juli 1982 |
August | 829 | Lurøy, Nordland | August 1983 |
September | 929 | Hovlandsdal, Sogn og Fjordane | September 1975 |
Oktober | 1117 | Brekke, Sogn og Fjordane | Oktober 1983 |
November | 919 | Haukeland, Hordaland | November 1986 |
Desember | 1064 | Samnanger, Hordaland | Desember 1975 |
Fylke | Nedbør (millimeter) | Stad | Månad |
---|---|---|---|
Østfold | 351 | Moss | November 2000 |
Akershus | 507 | Jeppedalen i Hurdal | November 2000 |
Oslo | 564 | Bjørnholt i Nordmarka | November 2000 |
Hedmark | 380 | Storåsen på Sjusjøen | November 2000 |
Oppland | 357 | Nordre Etnedal | August 1951 |
Buskerud | 612 | Mykle | November 2000 |
Vestfold | 553 | Hedrum | November 2000 |
Telemark | 582 | Farsjø | November 2000 |
Aust-Agder | 670 | Nelaug | November 2000 |
Vest-Agder | 711 | Konsmo | November 2000 |
Rogaland | 1049 | Ulladal i Suldal | Januar 1983 |
Hordaland | 1150 | Haukeland i Masfjorden | Januar 1989 |
Sogn og Fjordane | 1190 | Grøndalen i Flora | Januar 1989 |
Møre og Romsdal | 797 | Overøye i Stordal | Desember 1975 |
Sør-Trøndelag | 665 | Hemne | Desember 1975 |
Nord-Trøndelag | 715 | Follavatn i Verran | Desember 1975 |
Nordland | 965 | Strompdal i Velfjord | Mars 1953 |
Troms | 466 | Eidet i Gullesfjorden | Desember 2003 |
Finnmark | 265 | Gamvik | Mars 1953 |
Fylke | Nedbør (millimeter) | Stad | År | Nedbør (millimeter) | Stad | År |
---|---|---|---|---|---|---|
Østfold | 1372 | Prestebakke i Halden | 2000 | 335 | Haga i Eidsberg | 1947 |
Akershus | 1672 | Jeppedalen i Hurdal | 2000 | 302 | Fornebu | 1947 |
Oslo | 1823 | Bjørnholt i Nordmarka | 2000 | 320 | St. Hanshaugen | 1921 |
Hedmark | 1574 | Storåsen på Sjusjøen | 2000 | 184 | Tynset | 1904 |
Oppland | 1391 | Bygdin | 1950 | 65 | Hjerkinn | 1914 |
Buskerud | 2005 | Mykle | 2000 | 242 | Breidokk i Gol | 1904 |
Vestfold | 1727 | Solli i Stokke | 2000 | 396 | Sandefjord | 1947 |
Telemark | 1886 | Besstul i Gjerpen | 2000 | 297 | Øvre Mår i Tinn | 1955 |
Aust-Agder | 2306 | Senumstad i Birkenes | 2000 | 419 | Bjåen i Bykle | 1915 |
Vest-Agder | 3660 | Skreådalen i Øvre Sirdal | 1967 | 587 | Lindesnes fyr | 1941 |
Rogaland | 4298 | Ulladal i Suldal | 1983 | 697 | Utsira fyr | 1933 |
Hordaland | 5303 | Haukeland i Masfjorden | 1990 | 259 | Vivelid i Eidfjord | 1933 |
Sogn og Fjordane | 5596 | Brekke i Sogn | 1990 | 227 | Lærdal | 1915 |
Møre og Romsdal | 3504 | Ørsta vegstasjon | 1983 | 251 | Aursjøen | 1951 |
Sør-Trøndelag | 3218 | Momyr i Åfjord | 1973 | 189 | Drivstuen i Oppdal | 1914 |
Nord-Trøndelag | 2840 | Liafoss i Nærøy | 1983 | 413 | Tunnsjø i Lierne | 1937 |
Nordland | 4265 | Lurøy på Helgeland | 1964 | 74 | Saltdal | 2005 |
Troms | 2622 | Eidet i Gullesfjorden | 2003 | 92 | Ankerlia i Kåfjord | 1913 |
Finnmark | 1370 | Loppa | 1975 | 148 | Šihččajávri | 1941 |
Alle snømålingane i tabellane er frå met.no sine vær- og nedbørstasjoner. Enkelte år har NVE målt snødjupner på over 12 meter på Svartisen og Ålfotbreen.[20]
Månad | Snødjupne (cm) | Stad | Dato |
---|---|---|---|
Januar | 486 | Grjotrusti, Hordaland a | 30. januar 1918 |
Februar | 572 | Grjotrusti, Hordaland | 27. februar 1918 |
Mars | 576 | Grjotrusti, Hordaland | 30. mars 1918 |
April | 585 | Grjotrusti, Hordaland | 3. april 1918 |
Mai | 490 | Grjotrusti, Hordaland | Mai 1920 |
Juni | 341 | Grjotrusti, Hordaland | 1. juni 1927 |
Juli | 190 | Grjotrusti, Hordaland | 1. juli 1923 |
August | 106 | Fannaråki, Sogn og Fjordane | 31. august 1962 |
September | 168 | Fannaråki, Sogn og Fjordane | 19. september 1962 |
Oktober | 200 | Innerdal, Møre og Romsdal | 27. oktober 1997 |
November | 210 | Grjotrusti, Hordaland | 30. november 1916 |
Desember | 365 | Grjotrusti, Hordaland | 25. desember 1917 |
a) Grjotrusti (1300 moh.) ligg ved det høgaste punktet på strekninga av Bergensbanen (no nedlagt) over Taugevatn.
Fylke | Snødjupne (cm) | Stad | Dato |
---|---|---|---|
Østfold | 165 | Ørje | Februar 1920 |
Akershus | 235 | Asker batteri | 31. mars 1988 |
Oslo | 302 | Tryvannshøgda | 8. april 1951 |
Hedmark | 225 | Os i Østerdalen | 25. mars 1902 |
Oppland | 394 | Sognefjellhytta | 31. mars 1989 |
Buskerud | 300 | Geilo | 6. mars 1936 |
Vestfold | 180 | Hedrum i Larvik | 26. februar 1900 |
Telemark | 340 | Haukeliseter brøytestasjon | 27. mars 1989 |
Aust-Agder | 290 | Bjåen i Bykle | 24. mars 1993 |
Vest-Agder | 263 | Skreådalen i Øvre Sirdal | 12. april 1962 |
Rogaland | 176 | Suldalsvatnet | 25. mars 1994 |
Hordaland | 585 | Grjotrusti | 3. april 1918 |
Sogn og Fjordane | 395 | Myrdal i Aurland | 15. februar 1925 |
Møre og Romsdal | 270 | Innerdal | 29. februar 1924 |
Sør-Trøndelag | 329 | Lysvatnet i Åfjord | Mars 1940 |
Nord-Trøndelag | 310 | Sandåmo i Namsskogan | 16. februar 1976 |
Nordland | 370 | Dunderlandsdalen | 12. mars 1920 |
Troms | 260 | Innset i Bardu | April 1943 |
Finnmark | 246 | Porsa gruber i Kvalsund | April 1911 |
a) Visuell observasjon. Den faktiske vindstyrke kan såleis ha vore høgare eller lågare.
Ved visuelle observasjonar vil det i mange tilfelle skje tangeringar av rekordene, både på same stad og andre stader i fylket.
Høgaste lufttrykk: 1061,3 hPa 23. januar 1907 i Dalen, Telemark.
Lågaste lufttrykk: 939,8 hPa 27. januar 1884 i Bergen, Hordaland.
Høgaste temperatur: 28,6 °C 17. mai 1960 i Melsomvik, Vestfold
Lågaste temperatur: –20,9 °C 17. mai 1909 på Finse, Hordaland[21]
Høgaste temperatur: 17,2 °C 24. desember 1942 i Tafjord, Møre og Romsdal[22]
Lågaste temperatur: –43,9 °C 24. desember 1919 i Karasjok, Finnmark
Største døgnnedbør: 107,0 mm 24. desember 1933 i Eide, Møre og Romsdal
Frostdøgn er døgn der minimumstemperaturen er –0,1 °C eller lågare.
Lengste periode der maksimumstemperaturen ikkje går over –0,1 °C (1957 - dd.)
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.