Brekke
From Wikipedia, the free encyclopedia
Brekke er ei bygd i Gulen kommune i Vestland, og eit kyrkjesokn i Nordhordland prosti. Brekke har tidlegare òg vore sjølvstendig kommune. Bygda ligg langt ute på vestsida av Risnefjorden, på sørsida av Sognefjorden, knappe fire mils køyring austom kommunesenteret Eivindvik, og 14 kilometer frå ferjestaden Oppedal på Europaveg 39. Brekke skule er barne- og ungdomsskule for Brekke skulekrins som dekkjer austlegaste delen av kommunen.[1] Bygda har òg daglegvarebutikk, kyrkje og eldresenter. Fiskeoppdrett er ein viktig næringsveg i området, mange har arbeidet sitt på fiskeslakteriet i Instefjord inst i Risnefjorden og på oppdrettsannlegga.
Brekke | |||
stad | |||
Brekke ved Risnefjorden | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Gulen | ||
Postnummer | 5961 BREKKE | ||
Preposisjon | i Brekke | ||
Ferdselsårer | 602 Fv5436 | ||
![]() Brekke 61.02°N 5.46139°E | |||
Wikimedia Commons: Brekke | |||
Brekke er òg eit delområde og ein grunnkrins i Gulen kommune. Delområdet femner den austre delen av kommunen og er deld inn i fire grunnkrinsar. Dei er frå aust til vest; Oppedal, Asheim, Brekke og Hjartholm. Ved folketeljinga i 2001 budde det til saman 344 personar i delområdet, fordelt på 61 i Oppedal krins, 54 i Asheim krins, 151 i Brekke krins og 78 i Hjartholm krins.[2]
Samferdsle
Fylkesveg 602 (tidlegare Fylkesveg 1 i Sogn og Fjordane) går vestover langs fjorden frå Europaveg 39 i Instefjord inst i Risnefjorden til ferjestaden Rutledalen der vegen møter Fylkesveg 57. Frå Instefjord går Europaveg 39 nord til ferjestaden Oppedal der ferjesambandet Oppedal-Lavik går over Sognefjorden til Lavik. Ferjesambandet tok til i 1955 som Lavik-Instefjord, og i 1965 opna Brekke ferjekai som er erstatning for Instefjord der ein måtte køyra om bord med sliskar. På 1990-talet opna ny veg mellom Instefjord og Oppedal, og Brekke ferjekai vart nedlagt til fordel for nyopprusta Oppedal ferjekai. Dette gjorde ein for å korte ned ferjetida.[3]
Fylkesveg 5436 (tidlegare Fylkesveg 2 i Sogn og Fjordane) går frå Brekke sørvestover over Stallane til Yndesdalen og mot gamle fylkesgrensa mot Hordaland. På hi sida av gamle fylkesgrensa hadde vegen nemninga Fylkesveg 376 i Hordaland og gjev samband med Fylkesveg 570 i Masfjorden kommune.
Kulturminne
Våningshuset Lovisendahh i Brekke frå 1760 står på Riksantikvarens fredningsliste (1988). Hovudbygningen vart freda i 1923. Lovisendahl er frå gamalt av embetsmannshus, men har seinare vore nytta både som skule, lærarbustad og paktarbustad.
Naustmiljø i Brekke er kulturminne.
Tidlegare Brekke kommune
Brekke var eigen kommune i to vender, fyrst frå 1850 til 1861 og så frå 1905 til 1964. I åra mellom var Brekke del av kommunen Lavik og Brekke. Brekke kommune hadde ei flatevidde på 203,44 km ² då han vart ein del av Gulen kommune i 1964.
Brekke kommune vart skipa i 1850 ved at Eivindvik (Evenvik/Evinvig) kommune (som seinare skifte namn til Gulen) vart delt i to. Ved skipinga budde det 898 personar i Brekke kommune.[4] Brekke var eigen kommune fram til 1861 då han vart slegen ihop med Lavik kommune på nordsida av Sognefjorden. Den nye kommunen fekk namnet Lavik og Brekke. Ved samanslåinga budde det 898 personar i Brekke kommune.[5] Lavik og Brekke kommune bestod fram til 1905 då både Brekke og Lavik vart sjølvstendige kommunar att. Ved delinga budde det 982 personar i Brekke kommune.[6] Den andre bolken for Brekke som sjølvstendig kommune varde til og med 1963. 1. januar 1964 vart Brekke ein del av Gulen kommune. Ved samanslåinga budde det 782 personar i Brekke kommune.[7] Før kommunesamanslåingane på 1960-talet, og seinast sidan 1920, var Brekke den nest minste kommunen i Sogn og Fjordane etter folketal. Berre Borgund kommune var mindre.
Brekke var ein utprega jordbrukskommune med god jord og gode kår for skogsdrift. I 1960 var det to planteskular og stor hagebærproduksjon i kommunen.Fiskeri var inga stor næring, men mange var sysselsette i kyst- og fraktefart. Kommunen vart forsynt med elektrisk kraft gjennom L/L Brekke og Gulen kraftstasjonar
I 1960 var det seks skulekrinsar i kommunen, ein udelt, ein tredelt og fire todelte.[8]
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for tidlegare Brekke kommune frå 1905 til 1964:
Brekke kyrkjesokn
Brekke er eit kyrkjesokn i Nordhordland prosti. Soknet har ei kyrkje, Brekke kyrkje frå 1862.[13] Dagens kyrkje erstatta ei tømra kyrkje frå 1590. Før det stod det ei stavkyrkje, som fyrst er nemnd i kjeldene i 1827, på garden Haugland litt sørom noverande kyrkjestad.[14]
Brekke kyrkje (Risnesfjord kyrkje) er nemnd fyrste gong på 1300-talet og var då lokalisert til Haugland i Brekke. I katolske tid har det vore kapell her.
Fram til 1859 høyrde Brekke sokn til Evenvik prestegjeld (seinare kalla Gulen prestegjeld). Mellom 1859 og 1968 høyrde Brekke sokn til Lavik prestegjeld, men frå 1. april 1968 har soknet høyrd til Gulen att og var ein del av Ytre Sogn prosti til det vart lagt ned i 2013.[15] Soknet vart då saman med resten av Gulen og Solund ført over til Nordhordland prosti.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.