Kongsberg
by i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
by i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Kongsberg er ein by og administrasjonssenteret i Kongsberg kommune i Buskerud. Byen ligg langs Numedalslågen nedst i Numedal, og er ein gammal bergstad. Byen har 23 529 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Kong Kristian IV grunnla byen Konningsberg og eit kongeleg sølvverk i 1624 etter at ein hadde funne sølv der. Det var visstnok barna Jacob Grosvold og Helga Værp som oppdaga sølvet ein sommardag dei var ute og geita eit år tidlegare. Til Kongsberg Sølvverk henta kongen tyskarar frå sølvgruvene i Sachsen og Harz. I tillegg kom det tyskarar frå andre gruver i Noreg.
Folketalet voks raskt, og Kongsberg var på eitt tidspunkt den nest største byen i Noreg etter Bergen. Innbyggjartalet både auka og minka i takt med ned- og oppgangstider i sølvverket.
Kongsberg hadde den første høgskulen i Noreg, som òg var den første i Europa innan bergverk. I dag har byen eit av dei 8 campusa som utgjer Universitetet i Søraust-Noreg i tillegg til videregående skular og grunnskular.
Kongsberg har mange festivalar, som til dømes Glogerfestspela. Kongsberg Jazzfestival har vore arrangert kvart år frå 1964. Musikkhuset EnergiMølla er Kongsberg si musikk- og kultur-scene. Her arrangerer fleire av kulturforeningane i byen førestillinger året rundt.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.