Tynset
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tynset er ein tettstad og administrasjonssenteret i Tynset kommune i Hedmark i Innlandet fylke. Tettstaden ligg ved Glåma og har 2 976 innbyggjarar per 1. januar 2024.
Remove ads
Tynset har utvikla seg til eit regionsenter for Nord-Østerdalen. Her ligg mellom anna sjukehuset Innlandet Tynset og kontora til Nord-Østerdal tingrett. Tettstaden har grunnskule og vidaregåande skule.
Remove ads
Næringar
Jordbruket er ein viktig næringsveg i kommunen, og det rikaste jordbruksarealet ligg ved Glåma omkring der tettstaden Tynset ligg. Sidan Tynset ligg rimeleg høgt er jordbruket konsentrert om dyrking av gras til mjølkeproduksjon. Bygg kan nå modning i gunstige år, og det er òg ein del sauehald. Veksten til tettstaden skjer i samanstøyt med interessene for jordbruk.
På Tynset er det offentleg sektor og tenesteytande næringar innan handel, data, jus, økonomi og bygg og anlegg som dominerer. Fleire statlege, fylkeskommunale og interkommunale tiltak er tillagt Tynset. Mykje av funksjonen som regionsenter er knytt til tettstaden som skulesenter og lokaliseringa av sjukehuset Innlandet Tynset. Kulturhuset på Tynset er vorte eit levande og pulserande hus til bruk for Tynset og folket i Nord-Østerdalen.
Remove ads
Samferdsle
Tynset ligg sentralt i høve kommunikasjon. Langsetter Glåma, i retning sør, går Riksveg 3 og Rørosbanen til Elverum. Jarnbanen går vidare nordaustover langsetter Glåma og Rv3 går i retning nordvest gjennom kommunen og til Ulsberg. Fylkesveg 30 går nordover gjennom Tylldalen frå Øvre Rendal, kryssar Glåma attmed Tynset og går vidare langsetter vestsida av elva mot Tolga. Ei 125 m lang fagverksbru i limtre med spenn på 70 m opna i 2001. Mykje trafikk gjennom desse vegane har styrkt Tynset som turistområde. Nært Savalen er det skipa anlegg for vintersport.
Remove ads
Galleri
- På Tynset er det eige rådhus
- Tynset Stasjon på Rørosbanen er nyoppussa og inneheld attåt venterom ein restaurant
- Spark-skulpturen på Tynset, med vanleg spark framfor
Sjå òg
Kjelder
- «Tynset» i Store Norske Leksikon
- Fakta om kommunen Arkivert 2010-09-12 ved Wayback Machine. - Tynset kommune
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads