Mo i Rana
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mo i Rana (sørsamisk Måefie) er ein by i Rana kommune i Nordland. Han er den fjerde største byen i Nord-Noreg. Mo hadde status som ladestad frå 1923 til 1964, og har hatt bystatus frå 1997.
Mo i Rana | |||
stad | |||
Mo i Rana | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Rana | ||
Areal | 12,9 km² | ||
Folketal | 18 755 (2024) | ||
Folketettleik | 1 454 / km² | ||
Postnummer | 8600 MO I RANA | ||
Preposisjon | på Mo i Rana | ||
Ferdselsårer | ![]() Nordlandsbanen | ||
![]() Mo i Rana 66.316666666667°N 14.166666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Mo i Rana | |||
Mo i Rana ligg inst i Ranfjorden, like sør for Saltfjellet og Polarsirkelen. Mo vart tidlegare omtala som «Jernverksbyen». Då Norsk Jernverk vart nedlagd i 1988, gjekk byen gjennom ei omfattande omstilling, og byen vert no marknadsført som «Polarsirkelbyen».
Geografi
Jernbanestasjonen for Nordlandsbanen ligg ved fjorden, går gjennom byen og deler byen i to. Stasjonen vart opna i mars 1942. På sjøsida ligg den gamle bydelen på Moholmen i tillegg til eit område som på 1990-talet vart fylt ut og bygd ut med hotell, Statens Innkrevingssentral, TAG systems, treningssenter og bustadar. På den andre sida av jernbanen ligg «jernverksbyen» sitt sentrum, med kjøpesentra, rådhus og gågater. Det er vegsamband vidare nordover over Saltfjellet til Fauske og Bodø, og sørover til Mosjøen og Trondheim, mot vest til Nesna, mot aust over Umbukta til Sverige. Det ligg ein flyplass på Røssvoll, kring 13 km fra sentrum.
Kultur
«Havmannen» er Ranas eigen ‘lille havfrue’, ein del av Skulpturlandskap Nordland, laga av Antony Gormley og avduka 6. mai 1995.
Kjende ranværingar
- Bjørn Alterhaug - jazzmusikar og komponist
- Stig Bang - forfattar og kulturpersonlegdom
- Jonny Ditlefsen - fotballdommar
- Tor Arne Fiskum - tidlegare toppdommar
- Guttorm Guttormsen - komponist og musikar
- Ivar Hartviksen - forfattar og filmskapar
- Tor Jacobsen - lokalhistorisk inspirert forfattar, tidlegare journalist
- Per Karstensen - tidlegare stortingsrepresentant, Arbeidarpartiet
- Hanna Kvanmo - tidlegare stortingsrepresentant og parlamentarisk leder, SV
- Inge Myrvoll - tidlegare stortingsrepresentant, no ordførar i Rana, SV
- Elin Nilsen - skiløpar
- Ole Tobias Olsen - «Nordlandsbanens far»
- Trond Jøran Pedersen - tidlegare skihoppar og hopplandslagstrenar
- Tom Sandberg - tidlegare kombinertløpar
- Trond Sollied - tidlegare fotballspelar, no trenar
- Laila Stien - forfattar frå Hemnes, voks opp i Rana
- Tor-Arne Strøm - stortingsrepresentant, Arbeidarpartiet
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.