1913

år From Wikipedia, the free encyclopedia

1913

1913 (romartal MCMXIII) var eit normalår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein tysdag i den julianske kalenderen.

Filmplakat for Fantômas, ein fransk film frå 1913.
Slaget ved Kilkis under Den andre balkankrigen.

Hendingar

Utlandet

Thumb
Det første kryssordet.
  • 23. august: Den lille havfrue-statuen blei avduka i København i Danmark.
  • 14. oktober: Ein eksplosjon ved Universal Colliery i Senghenydd i Sør-Wales drap 439 gruvearbeidarar.
  • 31. oktober: Lincoln Highway, den første bilvegen gjennom heile USA, blei formelt opna.
  • 6. november: Mohandas Gandhi blei arrestert då han leia ein marsj av indiske gruvearbeidarar i Sør-Afrika.
  • 21. desember: Arthur Wynne publiserte eit «word-cross», det første kryssordet, i New York World.
  • 30. desember: Italia sende Mona Lisa tilbake til Frankrike. Måleriet var blitt stole to år tidlegare av Vincenzo Perugia, ein italiensk nasjonalist.
  • Ny jordlov i Sør-Afrika (Natives Land Act) reserverte ca. 80 % av jorda til kvite.

Noreg

SSB samla mellom anna fylgjande fakta for 1913:[1]

  • Folketalet i Noreg var 2 435 178.
  • 61 294 born vart fødd.
  • 6,4 prosent av nyfødde døydde før dei fylte eit år.
  • Eit nyfødd guteborn kunne forvente å bli 56 år, ei nyfødd jente 60 år.
  • Dei mest populære namna på nyfødde var Anna, Solveig, Astrid og Gudrun for jenter og Arne, Olav, Einar og Johan for gutar.
  • Det var 15 262 par som gifta seg, og 501 par som skilde seg.
  • Snitthøgda for rekruttar var 171,4 cm.
  • Det var ca. 1 500 studentar ved Kristiania universitet.
  • Eit kilo geitost kosta 1,56 kroner, og eit kilo potetmjøl kosta 0,47 kroner.

Fødde

Thumb
Statsleiarane Willy Brandt, til venstre, og Richard Nixon vart begge fødde i 1913
Sjå òg Fødde i 1913.

Døde

Thumb
Grava over Alfred Russel Wallace i Broadstone i Dorset vart restaurert i 2001
Sjå òg Døde i 1913.

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.