Gudrun er eit kvinnenamn av norrønt opphav. Det er samansett av orda guð, «gud», og rún, «løyndom». Guðrún er det enno av dei aller mest brukte kvinnenamna på Island. Guro, Guru og Gurå er norske målføreformer av namnet.

Thumb
Namnetrekket til diktaren Gudrun Münster.

Gudrun har namnedag 24. september i Noreg og Sverige.

Bruken av namnet i Noreg

  • I 1801 var ingen manntalsførte med namnet Gudrun, men om lag 3300 hadde målføreformer av namnet (sjå Guro).
  • I 1900 hadde 5 700 namnet Gudrun(d), rundt 2400 hadde målføreformer som Guro-Gurru o.l.
  • Per 1. januar 2007 hadde knapt 5000 personar Gudrun(d) til (første) fornamn, vel 3 900 heitte Guro.

Kjente namneberarar

Thumb
Gudrun Landgrebe
  • Gudrun Skjeggesdotter, kona til Olav Tryggvason
  • Gudrun Nevsteinsdotter, norsk kvinne frå vikingtida
  • Gudrun Omdahl Onshuus (1899-2010), Noregs eldste kvinne då ho døydde
  • Gudrun Cappelen (1910-1997), norsk motstandskvinne og politikar
  • Gudrun Follesø (1911-1994), norsk misjonær
  • Gudrun Brauti Knutslid (1914-1989), norsk lyrikar
  • Gudrun Pausewang (f. 1928), tysk forfattar
  • Guðrún Helgadóttir (f. 1935), islandsk barnebokforfattar
  • Gudrun Waadeland (f. 1937), norsk skodespelar og teatersjef
  • Gudrun Ensslin (19401977), tysk terrorist og medlem av Rote Armee Fraktion
  • Gudrun Schyman (f. 1948), svensk politikar
  • Gudrun Landgrebe (f. 1950), tysk skodespelar
  • Gudrun Kløve Juuhl (f. 1979), norsk målkvinne

Annan bruk av namnet

Gudrun er hovudperson i Gudrunkvida i den eldre Edda.

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.