Guru, Guro og Gurå er norske målføreformer av det norrøne namnet Guðrún, som tyder gud - løyndom. Guro har namnedag 24. november i Noreg.
- I 1801 var om lag 1700 manntallsførte med namnet Guro i ulike former, 1300 som Gur(r)u og ca 250 som Guraa.
- I 1900 hadde vel 1700 namnet Guro, 400 Guru og ca 250 Gurå (i ulike former). I 1900 var namnet Gudrun(d) tatt i bruk av 5 700.
- Per 1.1.2007 har vel 3900 Guro til første fornamn, namna Guru og Gurå er sjeldne. Knapt 5000 personar heiter Gudrun(d).
- Guro Heddeli, jente frå Seljord som levde ved Svartedauden
- Guro Sandsdalen (1916-2000), norsk forfattar, som fekk Guro Sandsdalens litteraturpris oppkalla etter seg.
- Guro Giske (f. 1947), norsk biletkunstnar
- Guro Fjellanger (f. 1964), politikar frå Venstre
- Guro Gravem Johansen (f. 1973), norsk jazzvokalist
- Guro Fostervold Tvedten (f. 1974), norsk sportsjournalist
- Guro Strøm Solli (f. 1983), norsk skiløpar
- Guro Knutsen Mienna (f. 1985), norsk fotballspelar
- Guro Flatekval (f. 1987), norsk friidrettsutøvar
Annan bruk av namnet
- Guro er hovudperson i Guro-bøkene til Anne-Cath Vestly
- Guro er også namnet på ein fjernsynsserie som gjekk på NRK i 1980-åra.