Guro Fjellanger (fødd 26. januar 1964 i Bergen, død 15. april 2019) er ein norsk politikar frå Venstre. Frå 1986 til 1988 var ho leiar av Unge Venstre.
Guro Fjellanger | |||
Fødd | 26. januar 1964 Bergen | ||
---|---|---|---|
Død | 15. april 2019 (55 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Alle verv |
Ho var statsråd og sjef for Miljøverndepartementet (miljøvernminister) i regjeringa Bondevik I frå 1997 til 2000.
Guro Fjellanger vart fødd i Bergen, men voks opp på Stokmarknes. Ho vart fødd med sjukdommen spina bifida, som gjer at ho måtte gå med krykkjer heile livet. Ho var utdanna gullsmed, og hadde grunnfag i idéhistorie.
Då ho flytta til Oslo som 19-åring vart ho aktiv i Unge Venstre. Ho var organisasjonssekretær 1985-1986, og leiar 1986-1988. I åra 1991-1995 var ho generalsekretær i Nei til EU. Perioden 1996-2000 var ho nestleiar i Venstre.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.