From Wikipedia, the free encyclopedia
Guro Sandsdalens litteraturpris var ein norsk litteraturpris som vart delt ut årleg mellom 2003 og 2010 til ein yngre forfattar som arbeidde for å utvikle og utbreie nynorsk skriftkultur. Det skulle leggjast vekt på litteratur for barn og unge, og om det var høvelege kandidatar frå Telemark så skulle dei prioriterast. Prisen var oppretta for å hjelpe fram yngre forfattarar.
Prisen vart stifta i 2002 til minne om forfattaren Guro Sandsdalen (1916-2000). Etter hennar død vart det oppretta eit minnefond som skulle brukast til prispengar til det var oppbrukt. Pengane var brukte opp etter tildelinga i 2010.[1] Prisen vart administrert av Det Norske Samlaget.
År | Forfattar | Ref. |
---|---|---|
2010 | Eivor Vindenes Maria Parr | [1] |
2009 | Prisen vart ikkje delt ut | [1] |
2008 | Laura Djupvik | [2] |
2007 | Ingelin Røssland | [3] |
2006 | Hilde K. Kvalvaag | [3] |
2005 | Arnfinn Kolerud | [3] |
2004 | Lars Mæhle | [3] |
2003 | Ragnfrid Trohaug | [3] |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.