Arne er eit mannsnamn av norrønt Arni, som tyder 'ørn'.
Ei norsk målføreform med røter frå sørvestlandet er Ådne, medan Arn kan vere ei kortform av Arne eller av Arnt.
Arne var blant dei mest populære døypenamna i Noreg i perioden frå rundt 1890 til 1960, med ein topp i 1920-talet. Arne var det mest populære døypenamnet på gutar i Noreg i alle år frå 1911 til 1935.
- I folketeljinga frå 1801 var 2500 listeført med dette namnet, nær 200 med namnet Ådne og nesten like mange med namnet Ar(e)n.
- I 1900 var det 6600 heitte Arne, 8 som heitte Ådne og 30 som heitte Arn.
- I 2007 har nær 29 500 Arne som første fornamn, vel 850 heiter Ådne og 36 heiter Arn.
Kjende namneberarar
- Arne Garborg (døypt Aadne) (1851-1924), forfattar
- Arne Bang-Hansen (1911-1990), skodespelar
- Arne Arnardo (1912-1995), sirkusdirektør
- Arne Næss (1912-2009), filosof
- Arne Skouen (1913-2003), filmregissør
- Arne Hestenes (1920-95), journalist
- Arne Domnérus (1924- ), svensk musikar
- Arne Bendiksen (1926-2009), musikar
- Arne Haukvik (1926-2002), politikar (Senterpartiet)
- Arne Bakker (1930-2009), fotballspelar
- Arne Husveg (1933-2004), tidlegare formann i Norges Blindeforbund
- Arne Haugestad (1935-), høgsterettsadvokat
- Arne Olav Brundtland (1936-), forskar gift med Gro
- Arne Næss jr. (1937-2004), fjellklatrar og forretningsmann
- Arne Kjell Larsen (1937-), kombinertløpar
- Arne Treholt (1942-), spiondømd politikar
- Arne Scheie (1944-), sportsjournalist
- Arne Lindtner Næss (1944-), skodespelar
- Arne Sigve Klungland (1950-2004), politimann
- Arne Brimi (1957-), kokk
- Arne Johannessen (1958-), politimann og fagforeningsleiar
- Arne Borgstrøm (1959-), norsk symjar
- Arne Hjeltnes (1963-), programleiar i fjernsyn, næringslivsleiar
- Arne Svingen (1967-), forfattar
Kjelder
- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
Bakgrunnsstoff
- Søk etter norsk namnestatistikk for Arne hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.