Remove ads
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Per Borten (3. april 1913–20. januar 2005) var ein norsk politikar frå Senterpartiet. Han vart fødd i Flå i Sør-Trøndelag, og døydde i Trondheim. Han var statsminister i ei borgarleg samlingsregjering eller koalisjonsregjering frå 12. oktober 1965 til 17. mars 1971. Partia Senterpartiet, Venstre, Høgre og Kristeleg Folkeparti gjekk saman om å danna regjering.
Per Borten | |||
| |||
Fødd | 3. april 1913 Flå kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 20. januar 2005 (91 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Utdanna ved | Noregs miljø- og biovitskaplege universitet | ||
Verv | Statsminister i Noreg 1965-1971 | ||
Føregangar | Einar Gerhardsen | ||
Etterfylgjar | Trygve Bratteli | ||
Alle verv |
|
Borten tok eksamen ved Norges Landbrukshøgskole i 1939, og var heradsagronom i Alvdal og Folldal, før han vart ordførar i heimbygda Flå frå 1945 til 1955. Han vart stortingsrepresentant i 1950, og formann i Bondepartiet (i dag Senterpartiet) i 1955.
Borten tok over som statsminister etter at Einar Gerhardsen si regjering frå Arbeidarpartiet gjekk av.
Borten gjekk av som statsminister då det vart kjent at han skulle ha gjeve ut informasjon som skulle vore løynd. Informasjonen var knytt til forhandlingene om Noreg sine vilkår i høve eit mogleg medlemsskap i EF, det seinare EU. Seinare kom det fram at ein statssekretær hadde gjeve ut informasjonen. Trygve Bratteli si regjering frå Arbeidarpartiet etterfylgde Per Borten si regjering.
Borten var kjend for ein likefram stil. Han lét seg mellom anna intervjua av avisa Dagbladet med berre underbukse på seg. Eit kjent sitat frå Borten er då han skulle skildra korleis det var å vera statsminister i samlingsregjeringa: «Det har vore som å bera staur».
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.