Remove ads
regjeringsleiar i skandinaviske land From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein statsminister, òg kalla premierminister, konseilpresident eller ministerpresident, er ein skandinavisk tittel på regjeringsjefen i ein stat.[1][2]
Statsministeren er den fremste blant regjeringsmedlemmane, såkalla primus inter pares.[3] I Noreg leiar ikkje statsministeren eit departement, i staden for er han leiar for Statsministerens kontor (SMK). I samband med SMK har statsministeren i oppgåve å leia arbeidet til Regjeringa, samordna statsrådane på tvers av fagfelta – hermed departementa, førebu, gjennomføra og fylgja opp regjeringskonferansane, i tillegg til å halda kontakt med andre statsleiarar.[3][4] I Noreg lyt Regjeringa ha ein statsminister i tillegg til minst sju andre regjeringsmedlemmar, jf. Grunnloven §12.[5]
I andre land har ordet statsminister ei anna tyding. I Tyskland er statsminister (Staatsminister) den offisielle tittelen på alle medlemmane av regjeringane i delstatane Bayern, Hessen, Rheinland-Pfalz og Sachsen. Det er òg tittelen for enkelte parlamentariske statssekretærar, til dømes statsminister hjå kanslaren.[treng kjelde]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.