Sonja Wigert

norsk-svensk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Sonja Wigert

Sonja Wigert (fødd 11. november 1913 Notodden, død 12. april 1980 i Spania) var ein norsk-svensk skodespelar. Ho var syster til Knut Wigert og vart gift med kaptein Niels Viggo Halfdan de Meza. Ho debuterte i 1934Det Norske Teatret. På 1930-talet spelte ho i fleire norske filmar før ho i 1939 reiste til Sverige. I Noreg kom gjennombrota hennar med Tancred Ibsen-filmen Fant (1937). I Sverige fekk ho gjennombrotet sitt i 1942 i Anders Henrikson-filmen Fallet Ingegerd Bremssen. I Sverige spelte ho i 22 filmar.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Sonja Wigert
Thumb
Fødd11. november 1913
FødestadNotodden
Død12. april 1980 (66 år)
DødsstadSpania
FødenamnSonja Hansen
Aktive år19321960
Verka somskodespelar, spion, motstandskjempar
EktefelleTorsten Flodén
Lukk

Ho samarbeidde med norsk motstandsrørsle frå 1941, og vart svensk spion i 1942 med dekknamnet «Bill». Ho vart send tilbake til Noreg for å freiste å innynde seg blant leiande tyske offiserar i august same år. Ho fekk relativt raskt innpass hos Josef Terboven, som var rikskommissær for dei besette norske områda. Ho tilbaud seg overfor han å gje han opplysningar frå Sverige, men i røyndomen var ho heile tida svensk dobbeltagent. Terboven kurtiserte henne kraftig, og blant dei tinga svenskane fekk ut av spelet var opplysningar som gjorde at dei klarte å avsløre toppsjefen til Gestapo i Sverige og ein sentral agent, høvesvis August Finke og baron von Gossler.

I 1942 byrja ho òg å arbeide for amerikanarane gjennom ein kontakt ved den amerikanske legasjonen i Stockholm. Frå 1944 gjorde ho tenester for OSS (Office of Strategic Services), som etter krigen skulle gjerast om til CIA.

Sonja Wigert rekrutterte òg Alfhild Hovdan som spion for svenskane. Det fann stad i juni 1943, og ho fekk som oppdrag å skaffe opplysningar av militær art frå Noreg.

Tyskarane forstod i løpet av hausten 1943 at Wigert ikkje var tyskvennleg, og dermed var det umogleg for henne å oppnå noko meir. Tyskarane sette ut løgnhistorier om henne i svensk presse, noko som førte til at ho vart frose ut i svensk og seinare i norsk offentlegheit. Etter krigen freista fleire som kjende innsatsen hennar, å reinvaske og rehabilitere henne i Noreg, utan at det lukkast.

Alt i 1945 fortalde ho i eit intervju at ho hadde arbeidd som agent mot tyskarane. Detaljane ved etterretningsverksemda hennar vart ikkje til fullt ut avdekte før arkivet til det svenske tryggingspolitiet Säpo vart frigjeve, over 25 år etter ho døydde. Sonja Wigert flytta ikkje tilbake til Noreg.

Filmografi

  • 1963Testfilm Prins Hatt under jorden Britta Pettersson, Jan Malmsjö
  • 1960Eventyrrejsen .... Monica
  • 1958Lån meg din kone .... Vernonica Flint
  • 1955Danssalongen .... Ria
  • 1954Foreign Intrigue - Bullfighter's Woman .... Elsa (1 episode, TV-serie)
  • 1953I dimma dold .... Jimmie Hedström, femme fatale
  • 1951Kvinnan bakom allt .... Nina Lind
  • 1951Dårskapens hus .... Inga
  • 1951Alt dette og Island med .... Nina Lind, sangerinnen
  • 1949Vi flyr på Rio .... Irene Gruwe
  • 1948Den hemmelighetsfulle leiligheten .... Dora Danielsen
  • 1947En fluga gör ingen sommar .... Christina Loven
  • 1946Brevet fra afdøde .... Gerd Lorentzen
  • 1946Jag älskar dig, argbigga .... Harriet Rosenberg
  • 1946Onsdagsväninnan .... Karin Larsson
  • 1945Blod och eld .... Lilli
  • 1945Flickor i hamn .... Astrid Holst
  • 1944...och alla dessa kvinnor .... Margit
  • 1944Räkna de lyckliga stunderna blott .... Annemarie Wikström
  • 1944Mitt folk är icke ditt .... Else Hill
  • 1943Älskling, jag ger mig .... Marianne
  • 1943Ombyte av tåg .... Inga
  • 1942Fallet Ingegerd Bremssen .... Ingegerd Bremssen
  • 1942Ungdom i bojor .... Karin Borg
  • 1941Ung dam med tur .... Eva Bergfelt
  • 1941Kjærlighet og vennskap .... Eva Jespersen
  • 1940Romans .... Britta Bergman
  • 1940Hennes melodi .... Sonja Larsen
  • 1940Frestelse .... Ingeborg Lien
  • 1939Hennes lilla majestät .... Marianne
  • 1939I dag börjar livet .... Wera Holm
  • 1938Eli Sjursdotter .... Eli Sjursdotter
  • 1937Fant .... Josefa
  • 1937Bra mennesker .... Maggie
  • 1934Sangen om Rondane .... Astrid

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.