16. januar: Leiaren av Egypt, general Mohammed Naguib, innførte diktatur etter avsløring av kupp-planar.
2. februar: Flaum i Nederland etter at dika braut saman under enorm springflod. 1500 døydde og 100 000 måtte evakuerast. Store jordbruksareal blei øydelagde.
29. mars: Danmark fekk ny grunnlov som stadfesta eit parlamentarisk system, berre eitt kammer i Folketinget, gav medlemmer i Folketinget rett til å krevja folkeavstemming, innførte kvinneleg arverett til trona og Grønland blei ein del av kongeriket Danmark med representasjon i Folketinget.