Koreakrigen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Koreakrigen

Koreakrigen er ei nemning på ein krig i Korea frå 1950 til 1953. Nord-Korea fekk støtte av Folkerepublikken Kina og Sovjetunionen, medan Sør-Korea fekk støtte frå USA og fleire andre land i dei sameinte nasjonane (SN).

Kjappe fakta Dato, Stad ...
Koreakrigen
Thumb
Amerikansk luftangrep mot lagerbygningar i Wonsan i Nord-Korea i 1951
Dato Krigen starta med den nordkoreanske invasjonen av Sør-Korea den 25. juni 1950. Det vart signert våpenkvile den 27. juli 1953, men offisielt er det framleis krig.
Stad  Sør-Korea,
 Nord-Korea
Resultat Våpenkvile (1953) Som før krigen
Taktisk sørkoreansk siger
Offisielt fortsatt krig, ei rekke blodige samanstøyt mellom nord og sør etter våpenkvilen (mellom anna bombardementet av Yeonpyong i 2011)
Endringar i landområde Korea
Partar
 Sør-Korea

SN-koalisjonen:
 USA
 Storbritannia
 Australia
 Belgia
 Canada
 Colombia
 Etiopia
 Luxembourg
 Frankrike
 Tyrkia
Unionen Sør-Afrika
 Hellas
 Filippinane
 New Zealand
 Nederland
 Thailand

Medisinske bidrag frå:
 Noreg
 India
 Italia
 Danmark
 Sverige

 Nord-Korea

 Folkerepublikken Kina
 Sovjetunionen

Medisinske bidrag frå:
 Tsjekkoslovakia
 Romania
 Aust-Tyskland
 Polen
 Ungarn
 Bulgaria
 Albania

Kommandantar
Syngman Rhee

Chung Il-kwon
Paik Sun-yup
Harry S. Truman
Dwight D. Eisenhower
Frank D. Pace
Earl D. Johnson
George Cattlet Marshall, Jr.
Douglas MacArthur
Clement Attlee
Winston Churchill
Robert Menzies
Louis St. Lorent
Jean Duvieusart
Joseph Pholien
Jean Van Houtte
Laureano Gómez Castro
Roberto Urdaneta Arbeláez
Haile Selassie
Pierre Dupong
Vincent Auriol
Celâl Bayar
Daniel Franquis Malan
Paul av Hellas
Elpidio Quirini
Fidel Ramos
Sidney Holland
Willeem Drees
Plaek Pibulsonggram

Kim Il-sung

Pak Hon-yong
Choi Yong-kun
Kim Chaek
Mao Zedong
Peng Dehuai
Josef Stalin
Georgij Malenkov
Nikita Khrusjtsjov

Styrkar
Sør-Korea: 590 911

USA: 480 000

Storbritannia: 63 000

Canada: 26 791

Australia: 17 000

Filippinane: 7 430

Tyrkia: 4 555

Nederland: 9 372

Frankrike: 3 421

Hellas: 2 163

New Zealand: 1 389

Thailand: 1 273

Etiopia: 1 271

Colombia: 1 080

Belgia: 900

Sør-Afrika: 826

Luxemburg: 44

Nord-Korea: 260 000

Kina: 926 000

Sovjetunionen: 26 000

Tap
Sør-Korea:
  • Drepne: 137 899
  • Skadd: 450 751
  • Lemlesta eller fanga: 32 838

USA:

  • Drepne: 36 515
  • Skadd: 92 134
  • Krigsfangar: 7 245
  • Lemlesta: 8 176

Storbritannia:

  • Drepne: 1 109
  • Skadde: 2 674
  • Lemlesta eller fanga: 1 060

Tyrkia:

  • Drepne: 721
  • Skadd: 2,111
  • Lemlesta: 186
  • Fanga: 216

Canada:

  • Drepne: 516
  • Skadde: 1,042

Australia:

  • Drepne: 339
  • Skadde: 1,200

Frankrike:
300 drepne eller lemlesta

Hellas:

  • Drepne: 194
  • Skadde: 459

Colombia:

  • Drepne: 163
  • Skadd: 448
  • Lemlesta: 2
  • Krigsfangar: 28

Thailand:

  • Drepne: 129
  • Skadd: 1,139
  • Lemlesta: 5

Nederland:
123 drepne

Fillippinane:
112 drepne

Belgia:

  • Drepne: 101
  • Skadd: 478
  • Lemlesta: 5

New Zealand: 33 drepne

Sør-Afrika:

  • Drepne: 28
  • Lemlesta: 8

Luxemburg
2 drepne

Nord-Korea:
  • Drepne: 215 000
  • Skadd: 303 000
  • Lemlesta eller fanga: 120 000

Kina:

  • Drepne: 183 108 (kinesiske tal), over 400 000 (amerikanske estimat)
  • Skadd: 383 218 (kinesiske tal), 486 000 (amerikanske estimat)
  • Lemlesta: 25 620 (kinesiske tal)
  • Krigsfangar: 21 000 (amerikanske estimat), 21 400 (kinesiske tal)

Sovjetunionen:
282 drepne

Sivile tap:

Sør-Korea (offisielle tal):[1]

  • Drepne: 373 599
  • Skadd: 229 625
  • Sakna eller kidnappa: 387 744
  • Totalt: 990 968

Nord-Korea:
406 000-1 185 000 drepne ifølgje uoffisielle tal (lågaste og høgaste estimat).[2] Som oftast estimert rundt 1 000 000. Det sørkoreanske forsvarsdepartementet har estimert at 1 550 000 sivile nordkoreanarar blei drepen, skadd eller sakna under krigen.

Totalt: 780 000-1 559 000 drepne sivile (vanleg estimat: ca. 1 374 000.)

Lukk

Noreg sende i 1951 eit mobilt militærsjukehus, det såkalla NORMASH. Ei avtale om våpenkvile vart inngått den 27. juli 1953, men krigen har formelt ikkje teke slutt.

Koreakrigen kan i ettertid sjåast som ein del av den kalde krigen, i og med at kommunistiske land stødde opp om nord, medan kapitalistiske land stødde styrkane frå sør.

Thumb
Ein canadisk soldat på NORMASH-sjukehuset

Krig

25. juni 1950 gjekk nordkoreanske styrkar over grensa til Sør-Korea. Fleirtalet i Tryggingsrådet, med Sovjetunionen sin representant ikkje til stades ettersom landet på den tida boikotta rådet,[3] vedtok ei oppmoding til regjeringa i Pyongyang om å trekka troppane sine tilbake. Det skjedde ikkje, og same dagen gjekk USA til aksjon for å støtta Sør-Korea.

Seoul fall tidleg i juli 1950, og snart var dei sør-koreanske styrkane pressa ned til den søraustlege kystbyen Pusan. Der blei SN-styrkane forsterka medan amerikanske marinestyrker starta eit motåtak ved Inchon utanfor Seoul. Dette kutta dei nord-koreanske forsyningslinene og gjorde at dei måtte gjera rask retrett.

I november 1950 dukka dei første kinesiske troppane opp i felten, og det kinesiske engasjementet auka sterkt etter kvart. Frontlinja flytta seg både sørover og nordover, men sommaren 1951 stabiliserte SN-styrkane stillingane sine omtrent langs den gamle grensa.

Følgjer

Tala for kor mange ein meiner omkom under Koreakrigen varierer frå 2 til over 3 millionar. Dei fleste kjeldene meiner talet ligg rundt 2,5 millionar. Vel 800 000 soldatar døydde som følgje av krigen (Kina ca. 170 000, Nord-Korea ca. 350 000, Sør-Korea ca. 220 000, SN-styrkane ca. 55 000), medan over halvannan million koreanske sivile blei drepne (Nord-Korea mellom 700 000 og 1 000 000 og Sør-Korea ca. 550v000).

Over 7 millionar koreanarar lever med kjend eller ukjend familie på andre sida av grensa. De fleste har ikkje hatt kontakt siden krigshandlingane slutta.

Mange ungar som var blitt foreldrelause under krigen blei adopterte til vestlege land, mellom anna Noreg. Det finst derfor ei relativt stor gruppe nordmenn av koreansk opphav.

Sjå òg

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.