svensk skribent From Wikipedia, the free encyclopedia
Elsa Beskow (11. februar 1874–30. juni 1953) var ein svensk forfattar og biletkunstnar som er særleg kjend for ei rekke vakre biletbøker for barn .
Elsa Beskow | |
Fødenamn | Elsa Maartman |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 11. februar 1874 Maria Magdalena församling, Stockholm |
Død |
30. juni 1953 (79 år) |
Yrke | skribent, illustratør, barnebokforfattar, kunstnar, kunstmålar, grafikar, kunstlærar |
Språk | svensk |
Sjanger | barnelitteratur |
Medlem av | Tolfterna |
Far | Berndt Maartman |
Ektefelle | Natanael Beskow |
Born | Gunnar Beskow, Bo Beskow, Börje Beskow |
Debut | Sagan om den lilla, lilla gumman (1897) |
Elsa Beskow på Commons |
Elsa Beskow var fødd i Stockholm som dotter av Bernt Andreas Maartman (1841-1889) frå Flekkefjord i Noreg[1] og Augusta Josefine Fahlstedt (1850-1915). Ho var den andre i ein syskenflokk på seks, og den eldste jenta. Då ho 15 år døydde faren. Storebroren Hans blei då send for å bu hjå ein morbror medan mora og resten av syskenflokken flytta saman med mora, broren og dei to ugifte systrene hennar i ein leilegheit på Östermalm.[2][3]
Beskow viste kunstnariske evner, og fekk utdanna seg innan kunstindustri ved Tekniska skolan i byen.[1] Frå 1894 til 1897 var ho teiknelærar ved Whitlockska samskolan, der ho tidlegare hadde vore elev.[1]
I 1897 gifta ho seg med den presteutdanna Natanael Beskow. Dei fekk seks søner, av dei er Bo Beskow blitt kjend som kunstnar og Gunnar Beskow som forfattar.[3]
Beskow debuterte med Sagan om den lilla, lilla gumman i 1897. Gjennombrotet hennar kom i 1901 med boka Puttes äventyr i blåbärsskogen.[3] Gjennom ein lang karriere gav ho ut bøker fram til 1952, året før ho døydde. Bøkene handlar gjerne om barn, natur og vesen som nissar, alvar eller menneskeaktige plantar og dyr. Den kjende serien på fem bøker som byrjar med Tant Grön, tant Brun och tant Gredelin (norsk Tante Grønn, tante Brun og tante Fiolett) kan ha vore inspirert av tida hjå mostrene og morbroren.[3]
På 1930-talet var Elsa Beskow med i utforminga av ei ny lesebok for det svenske skuleverket, Vill du läsa? i tre band saman med Herman Siegvald.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.