Barnelitteratur
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Barnelitteratur er litteratur laga av eller for barn. Han kan vera utgjeven i ei barnebok, men også framført som song, dikt eller drama. Barnelitteraturen kan ha i oppgåve å underhalda ungar, men kan også vera eit viktig del i opplæringa deira ved å utvikla ordforråd og språkkjensle, læra dei om verda og å leva i henne og utvikla fantasien og kjenslelivet.
Tradisjonelt finst det eit stort, munnleg korpus av litteratur for barn. Denne omfatter mellom anna voggesongar og andre songar, rim og regler og visse forteljingar, mellom anna eventyr, sjølv om desse gjerne var retta mot alle aldersgrupper.
Ein tok til å laga bøker særskild for barn på 1600-talet. Orbis Pictus, ei tospråkleg biletbok om verda frå 1658, blir ofte rekna som den første illustrerte boka laga med tanke på barn. Fakta- og lærebøker har sidan utgjort ein stor del av barnelitteraturen. Ei anna grunnleggjande utgjeving er Charles Perrault si vesle eventyrsamling frå 1697, Histoires ou Contes du Temps passé, som markerer byrjinga på den sentrale plassen eventyr, fablar og legender har fått i litteratur for barn.
Opplysingstida med sine teoriar om kor viktig det var å forma gode menneske frå barndommen av, i til dømes Emile av Rousseau eller Some Thoughts Concerning Education av John Locke, førte til ei blomstring i litteratur som skulle oppdra barn til gode samfunnsborgarar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.