Gaetano Scirea (25. mai 1953–3. september 1989) var ein italiensk fotballspelar frå Cernusco sul Naviglio i Milano-provinsen. Han vert særleg hugsa for sine 14 år på klubblaget Juventus og sine mange år som midtstoppar på det italienske landslaget, der han var med på å vinne VM i fotball 1982.
Scirea med Juventus i 1975 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Gaetano Scirea | ||
Fødd | 25. mai 1953 | ||
Fødestad | Cernusco s.N. i Italia | ||
Død | 3. september 1989 (36 år) | ||
Dødsstad | Babsk i Polen | ||
Høgd | 178 cm | ||
Posisjon | Forsvar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1972–1974 | Atalanta | 58 | (1) |
1974–1988 | Juventus | 377 | (24) |
Totalt | 435 | (25) | |
Landslag | |||
1978–1986 | Italia | 78 | (2) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Scirea spela for Atalanta frå 1972 til -74. Han debuterte i Serie A 24. september 1972 i kamp mot Cagliari. Sommaren 1974 vart han overført til Juventus, der han snøgt spela seg til fast plass i midtforsvaret. Allereie i sin fyrste sesong for klubben vart han seriemeister, seinare skulle han vinne seks fleire seriemeisterskap for Juventus. Gjennom desse åra var han også med å vinne alle dei tre europeiske klubbturneringane; UEFA-cupen, Cupvinnarcupen og Europacupen.
I 1987/88-sesongen mista Scirea plassen i fyrsteellevaren og la opp. Han hadde då spela 377 seriekampar og skåra 24 ligamål for Juventus, samt 85 europa-kampar og mange nasjonale cupkampar.
Scirea fekk sin landslagsdebut for Italia i ein vennskapskamp mot Hellas den 30. desember 1975. Han var med i dei italienske landslagstroppane både til VM i fotball 1978, EM i fotball 1980 på heimebane, VM i fotball 1982 og VM i fotball 1986. Både i 1978 og 1980 vart Italia nummer fire. Under VM 1982 i Spania gjekk Italia heilt til topps, etter å ha slått Vest-Tyskland 3-1 i finalen. Han spela sin 78. og siste landskamp under VM 1986 i Mexico.
- VM-gull 1982 for Italia
- Vinnar av Europacupen 1985 med Juventus
- Vinnar av Cupvinnarcupen 1984 med Juventus
- Vinnar av UEFA-cupen 1977 med Juventus
- Italiensk seriemeister 1975, 1977, 1978, 1981, 1982, 1984, 1986 med Juventus
- Italiensk cupmeister 1979 og 1983 med Juventus
Scirea omkom hausten 1989 i ei bilulukke i Skierniewice i Polen, medan han var på såkalla speidaroppdrag for Juventus.
Bakgrunnsstoff
Gaetano Scirea på FIFA sin offisielle nettstad
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Gaeatano Scirea» frå Wikipedia på tysk, den 24. juni 2012.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.