From Wikipedia, the free encyclopedia
Hadrianmuren | |||
| |||
Hadrianmuren 55.024166666667°N 2.2925°W |
---|
Hadrianmuren (latin Vallum Aelium), også kjend som Hadrian's Wall, Roman Wall, Picts' Wall og Vallum Hadriani, er eit tidlegare forsvarsverk i den romerske provinsen Britannia som ein byrja bygga i år 122 under keisar Hadrian.[1] Han ligg i Nord-England og strekker seg frå Wallsend ved elva Tyne i aust til Bowness-on-Solway i vest, heile breidda av øya Storbritannia.[2] I tillegg til å ha spela ei militær forsvarsrolle, kan portane i han ha vore brukt som tollpunkt.[3]
Muren er den største romerske arkeologiske strukturen i Storbritannia, med ei lengd på 73 mile (117,5 km).[4] Delar av muren er blitt demonterte, og steinen er brukt i seinare byggverk. Men store delar står igjen, og delar av han er bygd opp att i nyare tid. Muren er rekna som eit britisk kulturikon og ein av dei største britiske turistattraksjonane frå oldtida.[5] Han blei utnemnd til verdsarv av UNESCO i 1987.[6] Den nordlegare antoninske muren, som nokre meiner bygde på Hadrianmuren,[7] blei fyrst utropt til verdsarv i 2008.[8][9]
Hadrianmuren markerte grensa mellom Romersk Britannia i sør og det uerobra Caledonia i nord.[lower-alpha 1] Heile muren ligg i England, og han har aldri utgjort grensa mellom England og Skottland.[10][11][12] Han blir likevel ofte brukt som symbol på eit skilje mellom dei to landa.[13]
English Heritage forvaltar fleire større ruinar og museum langs muren.[14] Delar av han er eigd av National Trust.[15] Ein stor del av muren kan ein følgja til fots langs turruta Hadrian's Wall Path.
Lengda på muren var 80 romerske mil (tilsvarande rundt 1480 meter.[16] Han går tvers over øya Storbritannia, frå Wallsend i aust til Bowness-on-Solway i vest.[2] På vegen kryssar han fjellkjeda Penninane.
Kort tid etter at ein byrja bygga muren, blei tjukkleiken hans redusert frå dei planlagde 10 fot (3 m) til rundt 8 fot (2,4 m), eller endå mindre i nokre terreng.[2] Nokre delar blei fyrst bygde av torv og tømmer, og blei fyrst erstatta av stein fleire tiår seinare.[2]
Mellomalderhistorikaren Beda skreiv at muren var 12 fot (4 meter) høg, og det finst teikn på at han kan ha vore nokre fot høgare då han blei laga.[2]
Muren gjekk vestover frå Segedunum ved Wallsend ved breidda av Tyne, via Carlisle og Kirkandrews-on-Eden, til kysten av Solway Firth, og enda eit kort men ukjent stykke vest for landsbyen Bowness-on-Solway.[17] Vegane A69 og B6318 (Military Road) følgjer løpet til muren frå Newcastle upon Tyne til Carlisle, og så kysten i Cumbria (sørkysten til Solway Firth). Ruta gjekk litt nord for Stanegate, ein romarveg bygd fleire tiår tidlegare mellom to festningar som vakta over viktige elvekryssingspunkt: Corstopitum (Corbridge) ved Tyne og Luguvalium (Carlisle) ved Eden.
Sjølv om ringmuren endar nær Bowness-on-Solway, er ikkje dette enden på forsvarsverka. Det omfattande systemet av festningar kvar mil (milecastle) og vakttårn fortsette langs kysten av Cumbria så langt som til Risehow, som ligg sør for Maryport,[18] for å verna flankane av muren mot invasjon frå havet. Milecastle-konstruksjonane vest for Bowness-on-Solway er kjende som milefortlets.[19]
I år 79 undertrykte Agricola brigantestammen i Nord-England og selgovaestammen ved sørkysten av Skottland. Han fekk kontroll ved hjelp av overveldande militærmakt.[20] Han bygde også eit nettverk av militære vegar og festningar for å sikra den romerske okkupasjonen frå rundt år 80.
Etter at Agricola var blitt kalla tilbake frå Britannia i år 84 trekte romarane seg tilbake til ei linje som var lettare å forsvara på eidet mellom Forth og Clyde. Med mindre ønske om å utvida riket i Skottland (og Irland) i år 87, då XX-legionen blei trekt tilbake, bestemte ein seg for vern basert på linja langs Stanegate-vegen (mellom Carlisle og Corbridge). Carlisle var sete for ein centurio regionarius ('distrikstkommissær'). Etter at Stanegate blei den nye grensa forsterka med store festningar som i Vindolanda ved Corbridge og andre festningar med halvdagsmarsjar imellom som blei bygde ved Newbrough, Magnis (Carvoran) og Brampton Old Church ved Brampton.
Det var berre nokre få stader som låg nord for Stanegate-linja, men det ser ikkje ut til å ha vore noko stort nederlag i kampar mot ulike stammar.[21]
Endringar av Stanegate-linja, med reduksjonar i storleiken på festningane og tillegg av mindre festningar og vakttårn mellom dei, ser ut til å ha funne stad frå midten av 90-talet av.[22] Bortsett frå Stanegate-linja fanst det andre festningar langs kysten av Solway ved Beckfoot, Maryport, Burrow Walls (nær dagens by Workington) og Moresby (nær Whitehaven). Det blei også reist andre festningar i området for å styrka den romerske makta på staden (Beckfoot kan til dømes stamma frå slutten av det fyrste hundreåret). Det kan ha blitt reist ein festning ved Troutbeck frå perioden då Trajan var keisar (98–117) eller seinare. Andte stader det kan ha blitt skipa festningar i denne tida er mellom anna Ambleside (Galava), som låg gunstig til for å ta imot skipslaster til festningane i Lake District. Herfrå blei det bygd ein veg i den trajanske perioden til Hardknott Roman Fort. Ein veg mellom Ambleside og Old Penrith og/eller Brougham, som går over High Street, kan også stamma frå denne perioden.
Då Hadrian blei keisar i 117 var det uro og opprør både i Romersk Britannia og blant overvunne folk i dei ulike delane av riket, som i Egypt, Judea, Libya og Mauretania.[23] Denne uroa kan ha påverka planen hans om å byggja muren. Hadrian bygde også grenseskilje i andre delar av riket, såkalla limes, som Limes Germanicus i dagens Tyskland. Hadrian ende i alle høve føregangaren Trajan sin politikk med å utvida riket, og konsentrerte seg i staden om å verna om dei dåverande grensene.[2] Historia Augusta seier at Hadrian var den fyrste til å byggja ein mur på 80 mil frå hav til hav for skilja barbarane frå romarane.[2] Men dette er ikkje nødvendigvis den einaste grunnen Hadrian hadde til å setja i gang bygginga.[2]
Forskarar er ikkje samde om kor stort trugsmål innbyggjarane nord i Storbritannia i røynda utgjorde for romarane, og om det var nokon økonomisk vinst i å forsvara og oppretta garnisonar langs ei fastlagd linje som muren, heller enn å erobra og leggja under seg områda som i dag er i engelsk Northumberland og dei skotske låglanda og så forsvara territoriet med ei lausare festningsordning.[23]
Restaurerte sandsteinfragment ein har funne i Jarrow som stammar frå år 118 eller 119, fortel at Hadrian hadde eit ønske om å halda riket intakt som han hadde fått via «guddommeleg bod».[23]
I tillegg til å vera eit forsvarsverk som heldt framande folk ute, heldt muren også folk innanfor grensa til den romerske provinsen.[2] Sidan romarane kunne kontrollera kven som passerte inn og ut av riket, spelte muren ei viktig rolle for handel og økonomi.[2] Muren hadde også ei rolle som symbol på romersk makt og ressursar.[2]
Nyare teoriar går ut på at hovudføremålet med muren var som eit fysisk stengsel som kunne saktna røvarraid og andre folk som ville inn i riket for å øydeleggja eller plyndra.[2] Det kan vera at muren ikkje var ei siste forsvarslinje, men heller eit observasjonspunkt som kunne gje romarane informasjon om komande åtak og verka avskrekkande for fiendtlege styrkar og saktna dei slik at romarane kunne tilkalla fleire støttestyrkar.[2] Dette synet får støtte av eit anna forsvarsverk som ofte var å finna på det flate området framfor muren: hol i bakken kjende som cippi[lower-alpha 2] som hadde greiner eller små trestammar med spissa greinar (som 'cippi' viser til).[2] Bruken av slike spissa stakar og torner var tydeleg eit middel mot inntrengarar, og kan ha vore det romerske motsvaret på piggtråd.
Hadrianmuren var truleg blitt planlagd før Hadrian vitja Storbritannia i 122. Hadrian hadde stor tru på å bruka naturlege skilje som elvar til grenser for riket, som Eufrat, Rhinen og Donau,[2] men Storbritannia hadde ikkje slike naturlege skilje mellom den romersk-kontrollerte provinsen og områda der dei opprørske keltiske stammane heldt til i nord, og derfor trengde ein muren.[2]
Konstruksjonarbeidet byrja i 122.[24] Muranlegget omfatta 16 festningar som kvar husa så mange som 600 menn, og låg mellom 5½ og 9½ mile frå kvarandre. Mellom desse var det sett opp totalt 80 bemanna småfestningar, eller milecastle, av stein, som kvart hadde mellom 12 og 20 menn utplasserte.[2] Kvart milecastle låg rundt ei romersk mil frå kvarandre, og vakta ein opning gjennom muren som korresponderte med ein gangveg over grøftene sør og vest for muren. Mellom milecastlea var det òg vakttårn omlag kvar tredels mil, til saman 320.[25] Det blei laga ei grøft framfor muren, men denne følgde ikkje heile strekninga utan avbrot.[26]
Det tok seks år å byggja det meste av Hadrianmuren. Tre romerske legionar tok del – Legio II Augusta, Legio VI Victrix og Legio XX Valeria Victrix, totalt 15 000 soldatar, i tillegg til medlemmar av den romerske flåten.[2] Dei var godt i stand til å byggja muren, som festningar og vegar andre stader, ettersom nokre av soldatane var utdanna landmålarar, ingeniørar, murarar og snikkarar.[2]
Det meste av byggjematerialet måtte ein finna nokre få kilometer unna. Det blei skipa steinbrot på begge sider av mursona som kan identifiserast gjennom inskripsjonar.
Tre femdelar av muren blei opphavleg bygde av stein. Resten av muren, i vest, var av torv, men denne blei seinare bygd opp att i stein.[27]
Etter at konstruksjonen var ferdig, finst det nokre bevis på at Hadrianmuren blei dekka av gips og deretter kvitkalka. Den skinnande overflaten ville ha reflektert sollyset og vore synleg i fleire mil omkring.[23]
Grunnmuren blei laga for ein tjukk mur med ei breidd på rundt 9,5 fot (2,9 m), som ville hatt ein om lag 2 fot (60 cm) tynnare øverdel med ei breidd på rundt 7,5 fot (2,3 m).[27] Planane blei endra i løpet av byggjeperiode om lag 125, kanskje på grunn av ressursmangel, anten under Aulus Platorius Nepos eller den neste guvernøren. Breidda til den austlege halvdelen blei derfor redusert før den endelege konstruksjonen. Steinen som blei til overs frå austdelen blei brukt til å erstatta rundt fem miles (8 kilometer) av torvmuren i vest.[27][28]
Like sør for muren ligg eit vallum, ein grøfteaktig konstruksjon som er ti fot (3 meter) djup og har to parallelle høgdedrag i nord og sør.[27] Vallumet og muren går meir eller mindre parallelt langs nesten heile lengda av muren, bortsett frå mellom festningane i Newcastle og Wallsend ved austenden av muren, der ein kan ha rekna det som unødvendig å ha eit vallum sidan muren låg tett ved elva Tyne. Ein ende av muren låg på nordbreidda av elva.
Vallumet hadde opphøgde gangvegar berre ved festningane, og verker som om dei blei laga som ein barriere vend mot sør. Passerande måtte i så fall gå over desse gangvegane og deretter følgja militærvegen til eit milecastle for å passera muren, ettersom husdyr ikkje ville blitt late gjennom festningane. Eit nyare arkeologisk syn er at vallumet var den sørlege grensa for ei ekslusjonssone med muren som nordgrense,[29] og ville vore forboden for sivile å gå inn i. Ho kan då ha vore det romerske svaret på ei moderne demilitarisert sone.
Vallumet reduserte talet på vegar gjennom muren frå rundt 78 til rundt 15, og kan derfor ha blitt laga som følgje av eit trugsmål frå sør.
Frå Milecastle 49 til vestenden av muren i Bowness-on-Solway blei den ytre muren opphavleg laga av torv, kanskje fordi det ikkje fanst kalkstein her til å laga mørtel av.[30] Torvmuren blei seinare riven og erstatta av ein steinmur. Dette gjekk føre seg i to fasar, den fyrste (frå elva Irthing til eit punkt vest for Milecastle 54) under styret til keisar Hadrian, og den andre etter at romarane gjenetablerte seg ved Hadrianmuren etter at dei hadde forlate Den antoninske muren (det er også blitt føreslått at denne andre fasen fann stad under keisar Septimius Severus). Lina til den nye steinmuren følgjer den til torvmuren, bortsett frå stykket mellom Milecastle 49 og Milecastle 51, der lina til steinmuren går litt lenger nord.[30]
I strekket rundt Milecastle 50TW blei muren bygd på eit flatt fundament med tre-fire lag torvblokker.[31] Ein nytta eit grunnlag av stein vest for Milecastle 72 (ved Burgh-by-Sands) og moglegvis ved Milecastle 53.[32] Der bakken under var myrete brukte ein trepålar.
Ved bakken var torvmuren 6 meter (20 ft) vid, og bygd i lag av torvblokker som var 18 tommar (46 cm) lange, 12 tommar (30 cm) breie og 6 tommar (15 cm) høge, og nådde ei berekna høgd på rundt 3,66 meter (12,0 ft). Norsida hadde truleg ei skråning på 75 %, medan ein går ut frå at sørsida byrja vertikalt over fundamentet, før ho raskt smalna inn.
Etter konstruksjonen, og når han var fullt bemanna, går ein ut frå t nesten 10 000 soldatar var stasjonerte ved Hadrianmuren. Desse var ikkje frå legionane som bygde han, men regiment av hjelpeinfanteri og kavaleri henta frå provinsane.[2]
Arkeologen David Breeze har gjeve to hovudfunksjonar for soldatar ved eller rundt Hadrianmuren.[33] Breeze meiner at soldatane som var stasjonerte i festningane rundt muren hadde som hovudrolle å verna han, medan troppane i milecastlea og tårna hadde grensekontroll som hovudoppgåve.[33] Som Breeze seier er det mykje meir etterlate etter soldatar som var i festningane enn etter dei som var milecastlea og tårna.[33]
Breeze tek for seg tre teoriar om soldatane ved Hadrianmuren. Ein var at soldatane som bemanna milecastlea og tårna ved muren kom frå festningane nær muren; den andre at regiment frå hjelpelegionane var spesielt valde ut for denne rolla, og den tredje at det blei danna ein særskild styrke for å bemanna desse stasjonane.[33]
Konklusjonen Breeze kom til frå alle innskriftene ein har funne var det soldatar frå tre, eller tilmed fire, hjelpeeiningar ved milecastlea ved muren.[33] Desse einingane var cohors I Batavorum, cohors I Vardullorum, ein kohort frå Pannonia utan nummer, og ein duplicarius frå øvre Tyskland.[33] Breeze legg til at det også verker å ha vore nokre legionærar ved desse milecastlea.[33]
Ein har funne ytterlegare informasjon om garnisoneringa av muren i Vindolanda-tavlene som blei funne like sør for Hadrianmuren. Dei inneheld til dømes registreringa av ein inspeksjon 18. mai år 92 eller 97, der berre 456 av den fulle kvoten av 756 tropper frå Belgae var til stades, resten var sjuke eller på annan måte fråverande.[34]
I åra etter at Hadrian døydde i 138 gav den nye keisaren Antoninus Pius muren ei støtterolle, og forlet han i røynda. Han byrja å bygga ein ny mur kjend som den antoninske muren rundt 160 kilometer (100 mi) lenger nord, tvers over eidet som går vest-sørvest til aust-nordaust. Denne torvmuren hadde ei lengd på 40 romerske mil, eller rundt 37,8 mile (60,8 km), og hadde mange fleire festningar enn Hadrianmuren. Området han låg i er seianre blitt kjent som dei skotske låglanda.
Antoninus klarte ikkje å overvinna dei nordlege stammane i området, så då Marcus Aurelius blei keisar, forlet han den antoninske muren og vende tilbake til Hadrianmuren som det viktigaste forsvarsverket i 164. I 208–211 prøvde keisar Septimius Severus igjen å erobra Caledonia og okkuperte den antoninske muren att ei stund. Felttoget enda utan ein klar sigerherre, og romarane trekte seg etterkvart tilbake til Hadrianmuren att.
Militærtittelen Dux Britanniarum var blitt oppretta i 314 under Diokletian sine reformer. Han var kommandør for troppane i Nordregionen, hovudsakleg langs Hadrianmuren, med ansvar for å verna om grensa. Han hadde betydeleg autonomi, dels på grunn av avstanden frå dei som var overordna han.[35]
Seint på 300-talet hadde barbarinvasjonar, økonomisk nedgang og militærkupp svekka makta Romarriket hadde i Britannia. I 410, som ein reknar som den omtrentlege slutten på romersk styre i Storbritannia, hadde den romersk styresmakta og legionane hennar forsvunne frå Britannia, som no måtte sjå etter sitt eige forsvar og styre. Arkeologar har likevel funne at nokre delar av muren var bebudde godt innpå 400-talet. Ein har føreslått at nokre festningar fortsette å vera befesta av lokale britar som var kontrollerte av ein person som Coel Hen og tidlegare dux.
Hadrianmuren byrja falla i ruiner, og i løpet av dei neste hundreåra blei steinen gjenbrukt i andre lokale bygningar. Nok av han hadde overlevd til 700-talet til at spolia frå muren kunne brukast i bygginga av St Paul's Church i Monkwearmouth-Jarrow Abbey, der den tidlege historikaren Beda (672/3-735) var munk. Han skreiv rundt år 730 etter Gildas:
« | [the departing Romans] thinking that it might be some help to the allies [Britons], whom they were forced to abandon, constructed a strong stone wall from sea to sea, in a straight line between the towns that had been there built for fear of the enemy, where Severus also had formerly built a rampart. | » |
—Bede, Historia Ecclesiastica gentis Anglorum, Bok I Kapittel 12 |
Beda identifiserte tydeleg steinmuren nemnd av Gildas som Hadrianmuren (som eigentleg blei bygd på 120-talet), og det verker som om han trudde voll- og vollgravkonstruksjonen kjend som Vallum (like sør for og laga samstundes som muren) var vollen bygd av Severus. Det skulle gå mange hundreår før ein kom fram til nøyaktig kven som bygde kva.[37]
I same avsnitt skildrar Beda Hadrianmuren slik: «Han er åtte fot brei, og tolv i høgda; og, som ein kan sjå tydeleg til denne dag, gjekk strakt frå aust til vest.» Beda budde etter eige utsegn[38] heile livet sitt i Jarrow, like over elva Tyne frå austenden av muren i Wallsend, så som han antyder, ville han ha kjend muren godt.
Kartografen og historikaren John Speed var fascinert av muren, og gav ut eit sett kart over England og Wales etter fylke ved byrjinga av 1600-talet. Han skildra muren som «the Picts Wall» (eller nokre stader «Pictes»). A map of Newecastle (sic), teikna opp i 1610 av William Matthew, omtalte han som «Severus' Wall», eit namn Beda feilaktig hadde gjeve til Vallum. Karta hans over Cumberland og Northumberland viser ikkje berre muren som ein bygning i landskapet, men er pynta med teikningar av romerske funn, og Cumberland-kartet har også ein kartusj som skildrar muren.
Mykje av muren er forsvunnen. Lange delar av han blei brukte til vegbygging på 1700-talet,[39] særleg av general Wade til å byggja ein militærveg (denne ligg i dag for det meste under hovudvegen B6318 «Military Road») for å forflytta troppar til å slå ned jakobittopprøret i 1745. Mykje av æra for å ha tatt var på det som er att kan gå til antikvaren John Clayton. Han var ein advokat som blei kommunaldirektør for Newcastle på 1830-talet. Han byrja ivra for å ta vare på muren etter å ha vitja Chesters, ein stad der ein av festningane hadde stått. For å hindra bønder frå å ta stein frå muren, byrja han kjøpa noko av landet som muren stod på. I 1834 byrja han å kjøpa land rundt Steel Rigg i nærleiken av Crag Lough. Etterkvart hadde han kontroll over land frå Brunton til Cawfields. Denne strekninga omfatta festningsstadene Chesters, Carrawburgh, Housesteads og Vindolanda. Clayton dreiv utgravingar ved festningsstadane Cilurnum og Housesteads. Han grov òg ut nokre milecastle.
Clayton dreiv gardane han hadde kjøpt, og klarte å forbetra både jorda og husdyra. Det han tente på gardane brukte han på restaurasjonarbeid. Han fekk arbeidarar til å restaurera delar av muren, som regel opp til ei høgd på sju lag. Det beste dømet på muren bygd opp att av Clayton er ved Housesteads. Ved Wallington Hall i nærleiken av Morpeth er det eit måleri av William Bell Scott som viser ein centurion som har oppsyn med bygginga av muren. Centurionen er gjeven andletet til John Clayton.
Etter at Clayton døydde gjekk eigedommane hans til slektningar, og blei fort tapte i pengespel. Til slutt byrja National Trust kjøpa opp landet muren stod på.
I 2021 fann arbeidarar for Northumbrian Water ein tidlegare uoppdaga del av muren på 3 meter medan dei reparerte eit vassrøyr i sentrale Newcastle upon Tyne. Føretaket deira meldte at røyret kom til å vendast slik at det blei ei buffersone rundt den utgravne grøfta.[40][41]
Hadrianmuren blei utropt til ein verdsarvstad i 1987, og i 2005 blei han del av den transnasjonale verdsarvstaden «Frontiers of the Roman Empire» eller grenser for Romarriket, som også omfattar stader i Tyskland.[42]
Sjølv om Hadrianmuen blei erklært som verdsarvstad i 1987, er han blitt verande ubevokta, med fri tilgang frå vitjande. Dette gjer det mogleg for besøkande å klatra og stå på veggen, sjølv om ein blir oppfordra til å ikkje gjera dette, sidan det kan skada den historiske strukturen. Den 13. mars 2010 fann det stad eit offentleg arrangement kalla Illuminating Hadrians Wall, der ruta til muren blei opplyst med 500 vardar. 31. august og 2. september 2012 var det ei ny opplysing av veggen som del av ein digital kunstinstallasjon kalla Connecting Light, som var ein del av London 2012 Festival. I 2018 skreiv organisasjonane som administrerer den kinesiske muren og Hadrianmuren under på ein avtale om å samarbeida for vekst av turisme og for historisk og kulturell forståing av monumenta.[43]
I 2003 opna National Trails ei fotturrute som følgjer lina til muren frå Wallsend til Bowness-on-Solway.[44] På grunn av det sårbare landskapet blir turgåarar oppfordra til å berre gå langs ruta om sommaren.[45]
I romartida var Hadrianmuren kjend som vallum ('mur' eller 'voll'), noko ein har funne prov på i funnet av Staffordshire Moorlands Pan i Staffordshire i 2003. Panna (trulla) i koparlegering er frå 100-talet har ei innskrift som nemner ei rekkje romerske festningar langs vestdelen av muren: MAIS [Bowness-on-Solway] COGGABATA [Drumburgh] VXELODVNVM [Stanwix] CAMBOGLANNA [Castlesteads]. Etter dette står det RIGORE VALI AELI DRACONIS. Slektsnamnet til Hadrian var Aelius, og den mest trulege tolkinga av innskrifta er Valli Aelii (genitiv), 'Muren til Hadrian', noko som tyder på at muren blei kalla dette i samtida. Det er også mogleg at ho viser til personnamnet Aelius Draco.[46][47]
Ein kjenner til dei latinske og romano-keltiske namna til alle festningane langs Hadrianmuren, frå Notitia Dignitatum og andre kjelder:
Tårn langs muren var mellom anna:
Utpostfestningar[49] litt nord for muren var mellom anna:
Kystfestningar i Cumbria:
Forsyningsfestningar innanfor muren var mellom anna:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.